Ekstremvêret Ulrik
Ekstremvêret Ulrik var eit ekstremvêr som råka Noreg laurdag og søndag 25.-26. oktober 2008. Varselet gjaldt kysten frå Stad til Helgeland med fare for sterk storm. Fleire fyrstasjonar på kysten av Nordvestlandet og nordover til Trøndelag målte orkan og uvêret var det kraftigaste som råka landet sidan ekstremvêret Per i januar 2007.
Årsaka til uvêret var eit kraftig lågtrykk aust for Færøyane som gjekk nordaustover mot Lofoten.
Verknader
endreUvêret starta på Vestlandet på laurdagen med kraftig vind og særs store nedbørsmengder. Den kraftige vinden her førte til at ferjesambandet til Fedje, og ferjesambandet mellom Kjelkenes og Smørhamn vart innstilt.[1] Ved Fedje vart det utpå ettermiddagen målt 27 m/s (full storm) med vindkast opp i 32 m/s (115 km/t).
Fleire fjellovergangar var stengd, og riksveg 551 vart stengd ved Furubergfossen bru på grunn av flaum. Sotrabrua mellom Bergen og Sotra vart stengd ut på ettermiddagen på grunn av kraftig vind.[1] Søndag 26. oktober vart fleire ferjesamband lenger nordover òg innstilte. Det vart rapportert om rotvelta tre, men ingen store skadar nokon stad.
Utover laurdagskvelden dreiv den kraftigaste vinden nordover og på Kråkenes fyr vart det målt middelvind opp i 37 m/s med vindkast opp i 46 m/s (166 km/t), medan Ona målte 36 m/s og vindkast på 44 m/s (158 km/t). I tillegg målte også Svinøy fyr og Nordøyan fyr vind opp i orkan styrke (meir enn 32,7 m/s) og vindkast over 40 m/s.
Vind
endreKraftigast vind mellom kvelden 25. oktober og føremiddagen 26. oktober. Områda frå Nordhordland til Troms fekk opp i full storm i denne perioden.
Stasjon | Middelvind (m/s) |
Vindkast (m/s) |
Tidspunkt |
---|---|---|---|
Kråkenes fyr | 37 | 46 | kl. 20-23 25. okt. |
Ona | 36 | 44 | kl. 00-01 26. okt |
Svinøy fyr | 35 | 44 | kl. 20-23 25. okt. |
Nordøyan fyr | 34 | 44 | kl. 02-05 26. okt. |
Sklinna fyr | 32 | 42 | kl. 02-05 26. okt. |
Halten fyr | 31 | 40 | kl. 01-02 26. okt. |
Veiholmen | 30 | 40 | kl. 00-01 26. okt. |
Buholmråsa fyr | 30 | 37 | kl. 02-05 26. okt. |
Sula | 30 | 38 | kl. 00-01 26. okt. |
Helligvær | 28 | 36 | kl. 07-11 26. okt. |
Fedje | 27 | 34 | kl. 20-23 25. okt. |
Vega | 27 | - | kl. 05-06 26. okt. |
Rotvær | 26 | 33 | kl. 11-12 26. okt. |
Vigra | 25 | 33 | kl. 23-00 25. okt. |
Kvamsøy i Hardanger | 25 | 32 | kl. 23-00 25. okt. |
Færder fyr | 25 | 30 | kl. 20-23 25. okt. |
Lindesnes fyr | 24 | 29 | kl. 20-23 25. okt. |
Ørland | 24 | 28 | kl. 01-02 26. okt. |
Bodø | 24 | 32 | kl. 10 26. okt. |
Nedbør
endreNedbørmengder målt frå kl. 08 25. oktober til kl. 07 26. oktober. Perioden var 24 timar, men klokka vart justert for vinterstid dette døgnet. På grunn av den kraftige vinden kan det i realiteten ha falle meir nedbør, sidan målestativa i seg sjølv skapar turbulens som kan hindre noko av nedbøren å falle oppi målarane i kraftig vind.
Stasjon | Nedbør 24 timar (mm) |
---|---|
Kvamskogen | 85,2 |
Takle | 80,4 |
Eik i Rogaland | 77,9 |
Modalen | 68,7 |
Sauda | 65,1 |
Konsmo | 60,0 |
Sirdal/Tjørhom | 49,0 |
Nedre Vats | 44,3 |
Bergen | 40,9 |
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «- Skalk lukene, her kommer Ulrik». 25. oktober 2008. Henta 25. oktober 2008.