Fjellerke

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Eremophila alpestris)
Fjellerke
Fjellerke
Fjellerke
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Lerkefamilien Alaudidae
Slekt: Eremophila
Art: Fjellerke E. alpestris
Vitskapleg namn
Eremophila alpestris

Fjellerke (Eremophila alpestris) er ei lerke (Alaudidae) som hekkar i Europa, Asia og Nord-Amerika, og spreidd i fjellområde i søraustre Europa. Det finst òg ein isolert populasjon i Andesfjella i Colombia. Lengst sør i Europa er arten standfugl, mens han i nord er trekkfugl som flyttar sørover om vinteren. Mange individ trekkjer ned til kysten om vinteren. I store delar av Europa kan ein observere arten på strender ved sjøen vinterstid.

Fjellerka førekjem i opne landskap og i fjellet over tregrensa. Ho er ca 16–19 cm lang. Til forskjell frå dei fleste andre lerkeartane har ho ein kjenneleg utsjånad på marka, mest brungrå på oversida og lys under, med ei karakteristisk teikning i svart og gult i ansiktet. Hannfuglen og hofuglen er elles nokså like, men berre hannfuglen får svarte «horn», to fjørbuskar på hovudet om sommaren. Den søreuropeiske underarten penicillata er gråare på oversida og har kvitt i staden for gult i ansiktet. Reiret ligg på marka med 2–5 egg. Føda er frø som vert komplettert med insekt i hekkesesongen.

Arten fanst ikkje i Norden før 1800-talet. I Noreg har populasjonen gått tilbake dei siste åra, utan at ein veit årsaka. Derfor står arten på raudlista som nær trua. Storleiken på populasjonen her er under 10 000 par.

Underartar endre

  • E. a. alpestris
  • E. a. flava
  • E. a. brandti
  • E. a. atlas
  • E. a. balcanica
  • E. a. penicillata
  • E. a. kumerloevei
  • E. a. bicornis
  • E. a. albigula
  • E. a. longirostris
  • E. a. przewalski
  • E. a. argalea
  • E. a. elwesi
  • E. a. nigrifrons
  • E. a. khamensis
  • E. a. arcticola
  • E. a. alpina
  • E. a. hoyti
  • E. a. leucolaema
  • E. a. enthymia
  • E. a. praticola
  • E. a. strigata
  • E. a. merrilli
  • E. a. lamprochroma
  • E. a. utahensis
  • E. a. sierrae
  • E. a. rubea
  • E. a. actia
  • E. a. insularis
  • E. a. ammophila
  • E. a. leucansiptila
  • E. a. occidentalis
  • E. a. adusta
  • E. a. giraudi
  • E. a. enertera
  • E. a. aphrasta
  • E. a. diaphora
  • E. a. chrysolaema
  • E. a. oaxacae
  • E. a. peregrina
  • E. a. teleschowi


Bakgrunnsstoff endre


Kjelde endre