Europameisterskapen på skeiser 2003
Europameisterskapane på skeiser 2003 for menn og for kvinner vart avvikla i Thialf-ishallen i Heerenveen i Nederland i tida frå fredag 3. til sundag 5. januar. 29 menn og 22 kvinner frå 17 land deltok i meisterskapen. Deltakarane kom frå Austerrike, Belgia, Finland, Frankrike, Italia, Kviterussland, Nederland, Noreg, Polen, Romania, Russland, Sveits,Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ukraina og Ungarn.
Noreg stilte med tre menn: Petter Andersen, Eskil Ervik, Lasse Sætre, og to kvinner: systrene Annette og Hedvig Bjelkevik. Ervik vart best av dei norske med ein sjetteplass, Sætre kom nest på nummer 9.
Nederlendaren Gianni Romme vart europameister framom landsmennene Rintje Ritsma og Mark Tuitert. Romme stod for bestetida på alle dei tre lengste distansane, russiske Aleksandr Kibalko gjekk fortast på 500 meter. Tyske Anni Friesinger forsvarte meistertittelen, og vann, som året før, dei tre kortaste distansane. Landskvinna Claudia Pechstein var best alle på 5000 meter og kom på andreplass samanlagt, nederlandske Renate Groenewold vart nummer tre samanlagt, også desse plasseringane nett som i 2002.
Skeise-EM 2003, mennEndra
Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Gianni Romme | Nederland | 153,002 | |
Rintje Ritsma | Nederland | 153,953 | |
Mark Tuitert | Nederland | 154,281 | |
4 | Dmitrij Sjepel | Russland | 154,974 |
5 | Ralf van der Rijst | Nederland | 155,338 |
6 | Eskil Ervik | Noreg | 155,993 |
7 | Jevgenij Lalenkov | Russland | 156,134 |
8 | Enrico Fabris | Italia | 156,415 |
9 | Lasse Sætre | Noreg | 156,432 |
Dato: 3.-5. januar
Skeise-EM 2003, kvinnerEndra
Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Anni Friesinger | Tyskland | 162,965 | |
Claudia Pechstein | Tyskland | 164,454 | |
Renate Groenewold | Nederland | 165,917 | |
4 | Daniela Anschütz | Tyskland | 166,857 |
5 | Annamarie Thomas | Nederland | 167,387 |
6 | Marja Vis | Nederland | 168,466 |
7 | Katrin Kalex | Tyskland | 168,629 |
8 | Svetlana Vysokova | Russland | 169,128 |
9 | Valentina Jaksjina | Russland | 169,433 |
Dato: 3.-5. januar
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Europese kampioenschappen schaatsen 2003» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2021.