Opna hovudmenyen

Face the Music av Electric Light Orchestra

Face the Music
Studioalbum av Electric Light Orchestra
Utgjeve September 1975 (US)
14. november 1975 (UK)
Innspelt Mai-juni 1975
Musicland Studios i München i Tyskland
Sjanger Symfonisk rock, kunstrock
Lengd 36:22
Selskap Jet (UK), United Artists (US)
Produsent Jeff Lynne; lydteknikar - Mack
Electric Light Orchestra-kronologi
Showdown
(1974)
Face the Music Olé ELO
(1976)
Singlar frå Face the Music
  1. «Evil Woman»
    Utgjeve: Oktober 1975
  2. «Strange Magic»
    Utgjeve: Februar 1976
  3. «Nightrider»
    Utgjeve: Mars 1976

Face the Music er det femte studioalbumet til Electric Light Orchestra (ELO), og har same besetninga som på det førre albumet deira, Eldorado.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

OversynEndra

Det femte studioalbumet til ELO vart gjeve ut i 1975 og var det første som vart spelt inn i Musicland Studios i München, som vart introdusert av Deep Purple på ein turné i USA.

På baksida av plateomslaget kan ein sjå andleta til bandet pressa mot ei glasflate, slik at det ser ut som om dei ser på den «elektriske avlivinga» ein kan sjå på framsida av omslaget. Bandmedlemmet som ser bort er Richard Tandy, som ikkje likte ideen og ikkje ønskte å delta.[2] Kelly Groucutt song solovokal på «Poker» og «Down Home Town» (medan Jeff Lynne song harmoni), i tillegg til eit av versa på «Nightrider». Vanlegvis var det Lynne som song alle songane for ELO.

BaklengsmeldingarEndra

«Fire on High» inneheld ei baklengsmelding i byrjinga. Om ein spelar av songen baklengs kan ein høyre ei melding frå trommeslagaren Bev Bevan, «The music is reversible, but time is not. Turn back. Turn back. Turn back. Turn back.» — truleg Jeff Lynne si melding mot baklengsmeldingshysteriet, etter at det kom skuldingar om at det var skjulte sataniske meldingar i songen deira «Eldorado» av fundamentalistiske kristne..[3] «Down Home Town» starta òg med ei baklengsmelding. refrenget frå «Waterfall» («Face the mighty waterfall, face the mighty waterfall»). Ein del av stryke-crescendoet frå «Nightrider» vart nytta baklengs på «Evil Woman».

UtgjevingEndra

Singlane «Evil Woman» og «Strange Magic» var dei mest kommersielle songane dei hadde spelt inn til då. «Evil Woman» vart ein stor hit i Storbritannia og USA, med discorytmar, samstundes som dei heldt på den klassiske ELO-stilen. Akkordane og melodien til denne sognen vart komponert på berre seks minuttar og var den songen det tok Lynne kjappast å lage.

«Nightrider» var den tredje singelen frå albumet og trass i at songen vart framført på det britiske fjernsynsprogrammet Top of the Pops, gjekk han ikkje inn på salslistene.

Sjølv med suksessen til singlane, gjekk ikkje albumet inn på albumlista i Storbritannia. Albumet vart mastra på ny og kom ut i september 2006 med bonusspor.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Jeff Lynne

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Fire On High»   5:30
2. «Waterfall»   4:11
3. «Evil Woman»   4:35
4. «Nightrider»   4:26
Side to
# Tittel Lengd
5. «Poker»   3:31
6. «Strange Magic»   4:29
7. «Down Home Town»   3:53
8. «One Summer Dream»   5:47
Bonusspor på 2006-utgåva
# Tittel Lengd
9. «Fire on High Intro» (Early Alt. mix) 3:23
10. «Evil Woman» (Stripped Down mix) 5:00
11. «Strange Magic» (US Single edit) 3:27
12. «Waterfall» (Instrumental mix) 4:15

MedverkandeEndra

Andre medverkande
  • Ellie Greenwich – vokal
  • Susan Collins – vokal
  • Nancy O'Neill – vokal
  • Margaret Raymond – vokal
  • Mack – lydteknikar
  • Jeff Lynne, Richard Tandy og Louis Clark – Orkester og korarrangement

SalslisterEndra

KjelderEndra

  1. Allmusic review
  2. Bevan, Bev (1980). Pearce, Garth, red. The Electric Light Orchestra Story. Mushroom Books. s. 152. ISBN 0-907394-01-9. 
  3. Big Secrets: Chapter 26, pages 200, 203, 204, 205 & 206. 0-688-04830-7
  4. «Electric Light Orchestra - Awards». AllMusic. Henta 13. februar 2015.