Opna hovudmenyen

Finn Kristensen

norsk politikar

Finn Kristensen (fødd 24. juli 1936) er ein norsk politikar frå Brevik i Telemark. Han var i tida 1981-93 statsråd i tre regjeringar leia av Gro Harlem Brundtland, og stortingsrepresentant frå Telemark og for Arbeidarpartiet frå 1969 til 1985.

Finn Kristensen
Fødd 24. juli 1936

Brevik

Parti Arbeidarpartiet
1. verv Norsk industriminister
 - periode 4. februar 1981–14. oktober 1981
 - regjering Brundtland I
 - føregangar Lars Skytøen
 - etterfylgjar Jens-Halvard Bratz
2. verv Norsk industriminister
 - periode 9. mai 1986–16. oktober 1989
 - regjering Brundtland II
3. verv Norsk olje- og energiminister
 - periode 3. november 1990–31. desember 1992
 - regjering Brundtland III
4. verv Norsk olje- og energiminister
 - periode 1. januar 1993–7. oktober 1993
 - regjering Brundtland III
 - etterfylgjar Jens Stoltenberg
5. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1969–1973, 1973–1977, 1977–1981, 1981–1985
 - valkrins Telemark

Yrke og stortingsrepresentantEndra

Kristensen var son til ein sveisar. Etter å ha vore lærling 1950-53 gjekk han 1954/55 sterkstraumlina ved Oslo elementærtekniske skole. Det neste året var han elektriker til sjøs, medan han åra 1958-62 var elektrikar ved Dalen Portland Cementfabrikk Norcem. Frå 1962 til -65 var han instruktør i Arbeidernes opplysningsforbund, sidan fylkessekretær i Telemark Arbeidarparti til 1969.

Valperioden 1960-63 var Kristensen medlem i Eidanger heradsstyre. Etter kommunesamanslåing var han medlem i Porsgrunn kommunestyre i to valperiodar, 1964-67 og 1968-71. I september 1969 vart han vald til å representere Arbeidarpartiet og Telemark fylke på Stortinget. Han var då 1969-73 medlem i Forsvarskomiteen. Etter attval 1973 og -77 var han medlem i Industrikomiteen til 16. oktober 1979, då han vart vald til formann i same komite.

StatsrådEndra

Då Gro Harlem Brundtland danna si fyrste regjering, 4. februar 1981, vart Kristensen utnemnd til industriminister, ein post han hadde til regjeringa gjekk av midt i oktober. Stortingsperioden 1981-85 var Kristensen nestformann i Energi- og industrikomiteen.

Etter eit mellomspel som direktør i T-invest på Notodden kom Kristensen tilbake som statsråd også i Brundtlands andre regjering. Frå 9. mai 1986 til regjeringa måtte gå 16. oktober 1989, leia han Industridepartementet/Næringsdepartementet. I om lag eitt år var han så avdelingsdirektør i Statoil.

Også då Brundtland skipa regjering for tredje gong, 3. november 1990, tok ho med Kristensen med i statsrådskollegiet. Han fekk då leie Olje- og energidepartementet, seinare kalla Nærings- og energidepartementet, til han vart skifta ut 7. oktober 1993. I realiteten var det mykje same departementet som han styrte i tida 1986-89.

NæringsdrivarEndra

Frå 1994 gjekk Kristensen over til å drive forretning. Han starta då opp F.K. Bedriftsutvikling, som han leia til 2007. Åra 1994-97 var han elles rådgjevar for selskapa ABB og FIBA Nordic Securities.

KjelderEndra