Finsk morfologi er læra om korleis finske ord blir bøygde, og korleis det blir avleidd nye finske ord av eksisterande ord.

Dei fleste ord blir bøygde endre

Det finst ei lita gruppe ord i finsk som ikkje blir bøygd (partiklar, visse adverb, ei lita gruppe adjektiv, men dei fleste finske ord har hundrevis, i nokre tilfelle tusenvis av bøyingsformer. Dei bøygde orda kan delast inn i tre hovudtypar: dei som følgjer det nominale mønsteret (substantiv, adjektiv, pronomen), dei som følgjer det verbale (verb), og dei som fell utanfor dei to hovudmønstra (adverb). Nokre av bøyingsformene til verba er partisipp, som partisipp kan dei opptre som adjektiv, og dermed få den same regulære kasusbøyina som andre nomen.

Til skilnad frå indoeuropeiske språk har ikkje finsk (eller dei fleste andre uralske språk) bøyingsklasser, dei har derimot stammeklasser. Skilnaden er at for språk med ulike bøyingsklasser vil ord med formelt sett lik stamme få ulike bøyingssuffiks (norsk tenkje - tenkte men lenkje - lenka), men i stammeklassespråk er det omvendt: Stammene oppfører seg ulikt, og der det er ulike bøyingssuffiks er ulikskapen alltid eit resultat av ulik stammeform. Døme på stammeklassebøying i norsk har vi for fortidsformene -te og -dde i verb som og reparere: Verb på -ere med tonelag 1 får alltid -te, og verb på trykksterk lang vokal får alltid -dde. Finsk er av denne siste typen.

Avleidde ord endre

Finsk har ein rik avleiingsmorfologi. Med hjelp av suffiks er det mogleg å danne nye ord av eksisterande, både innanfor same ordklasse og på tvers av ordklassene. Viss vi ser på dei to sentrale ordklassene substantiv og verb kan vi setje opp denne oversikta.

Nominale avleiingar endre

Finsk har omtrent 70 suffiks for å danne nye substantiv. I oversikta over suffiks nedanfor blir symbolet A brukt for å uttrykkje a eller ä, det same gjer O (o, ö) og U (u, y), alle finske suffiks har to versjonar (-lA kan vere -la eller -lä, fordelinga blir regulert av reglane for vokalharmoni.

Eigenskapsavleiingar endre

Eigenskapsavleiing er -(U)Us, det uttrykkjer eigenskapen ved X, t.d. poikkeavuus < poikkeava («det at ein er avvikande» < «avvikande»), opettajuus < opettaja («det å vere lærar» < «lærar»). -(U)us kan føyast både til verb-, adjektiv- og substantivstammar, og dei dannar substantiv.

Kollektivavleiingar endre

Kollektivavleiingar uttrykkjer grupper eller heilskap som blir danna av delar som grunnordet viser til. Kollektivsuffiks er -stO, -kkO, -Ue, -isO, det første er meir vanleg enn det andre, og dei to siste er meir marginale.

-stO er som regel danna av genitivstammen til eit suvstantiv, t.d. esimerkistö («eksempelsamling» < esimerkki «eksempel»), maitohampaisto («(sett av) mjølketenner» < maitohammas «mjølketann»), sanasto («vokabular» < sana «ord»). Som ofte er tilfelle med avleiingar har fleire av -stO-orda fått ei leksikalisert tyding, t.d. kirjasto («bibliotek» < kirja «bok», og ikkje det forventa «boksamling», som er kirjakokoelma), porvaristo («borgarskap» < porvari «medlem av borgarskapet», og ikkje det forventa gruppe av borgarar). Andre leksikaliserte ord er hinnasto («prisliste» < hinta «pris»), kartasto («atlas» < karta «kart»).

Døme på -stO-ord med adjektiv som stamme er kiinteistö («fast eigedom» < kiinteä «fast»), oikeisto, vasemmistö «(den politiske) høgresida, venstresida» < oikea, vasen «høgre, venstre»). Det finst også døme på andre ord, som postposisjonen ympäri «rundt»: ympäristö («(økologisk) miljø»).

Suffikset -kkO har eit meir avgrensa bruk. Lagt til ord for plantar og andre naturfenomen viser det til grupper av slike, eller stader der dei kan bli funne, som kuusikko («stad der det veks gran» < kuusi «gran»). Det kan også vise til kulturfenomen, som naulakko («knaggrekkje» < naula «spikar, knagg», det kan altså ikkje tyde «ein neve med spikar»). Lagt til talord tyder ordet «gruppe av t.d. menneske», som i kolmikko «trio». Enid Blyton sine bøker om fem barn («Fem på farta» etc.) heiter på finsk viisikko (< viisi «fem»).

Suffikset -Ue er uproduktiv, og inneheld 20-30 substantiv, der grunnordet som regel er substantiv, t.d. poikue ("kull« < poika »gut«), kulkue (»eit følgje« < kulkea »å vandre")

Lokale avleiingar endre

Kulturstader blir uttrykt med -lA, -iO, -(i)mO: kanala («hønsehus» < kana «høne»), sairaala («sjukehus» < sairas «sjuk»), aukio («(open) plass» < aukea «open»), korjaamo («verkstad» < korjata «reparere»).

Naturstader blir uttrykt med ulike suffiks, m.a., -nne, -nkO, -ke: jyrkänne («brattheng» < jyrkkä «bratt»), tasanne («plan stad» < tasa «akkurat»).

Avleiingar for personar endre

asiakas, oppilas, julkimo, omainen, lapsukainen, turjake, vonkale, ukkeli, perillinen, henkilö, reppana, herännäinen, emäntä, vempula, papparainen.

-lAinen: koululainen («skoleleev» < koulu «skole»)

-tAr «kvinneleg X»

Verbale avleiingar endre

Finske verbavleiingssuffiks kan delast inn i tre typar, dei som aukar valensen til verbet, dei som minkar valensen, og dei som endrar aksjonsarten til verbet. Kausativsuffiks legg til ei rolle:

  • -ttA-: Vauva syö ruokaa «Spedbarnet et mat» => Isä syöttää vauvaa ruoalla «Far matar spedbarnet med mat»

Automativ og refleksiv fjernar eit argument med ei semantisk rolle:

  • -U-: Mies kaataa puun «Mannen veltar treet» => Puu kaatuu «Treet veltar»
  • -UtU: Äiti pesee lasta «Mor vaskar barnet» => Lapsi peseytyy «Barnet vaskar seg»

Suffiksa som endrar aksjonsarten kan vere inkoative (handlinga startar), momentane (handlinga er kort), iterative (handlinga skjer mange gonger), kontinuative (handlinga held fram og held fram):

  • -ele-: Pekka ajaa «Pekka køyrer» => Pekka ajelee «Pekka driv og køyrer»

Avleiingsprefiks endre

Finsk har to avleiingsprefiks, epä «u-» og ei-, som i epäinhimillinen («umenneskeleg», til inhimillinen «menneskeleg»), og i ei-sosialistinen («ikkjesosialistisk»). I tillegg finst det mange prefiks i lånord, som anti-, dis-, in-, non-, a-, de-, eks-, post-, bi-, di-. Som regel blir dei brukt i lag med innlånte grunnord, som i invarianssi, irrationaalinen, men dei kan også setjast til finske ord, som delvise omsetjingslån, t.d. antisankari «antihelt», frå sankari, helt.

Prefiksa uttryker anten negasjon eller negativitet, eller dei er del av innlånte framandord. Dei skil seg altså både formelt og semantisk frå avleiingssuffiksa.

Bøyingsmorfologi endre

Nominal morfologi endre

Finsk skil mellom ordklassene substantiv, adjektiv, pronomen, determinativ og numeral, men alle desse ordklassene har morfologiske fellestrekk; dei blir bøygd i kasus og numerus, og dei blir gjerne slått saman under overskrifta nominal morfologi i finsk grammatikk. Ordklassene skil seg frå kvarandre morfologisk også, t.d. substantiva possessivsuffiks, adjektiva gradbøying og talorda ei slags repetitiv bøying, t.d. blir «til 134 gjester» omsett til noko sånt som hundre-til-tre-til-ti-til-fire-til gjester-til.

Kasus endre

Tidlegare brukte dei finske namn for kasusa i det finske skoleverket, i dag bruker dei latin (nominatiivi, akkusatiivi, osb.). Det gamle namnesystemet gav ei god skildring av posisjonen til kasusa i kasussystemet, og dei er derfor lista opp her:

Kasus trad. finsk namn omsetjing suffiks
nominativ nimentö namnefall
akkusativ kohdanto målfall
genitiv omanto eigefall –n
essiv olento verefall –na
partitiv osanto delfall –a, –ta
translativ tulento blifall –ksi
inessiv sisäolento indre verefall –ssa
elativ sisäeronto indre skiljefall –sta
illativ sisätulento indre blifall –vn
adessiv ulko-olento ytre verefall –lla
ablativ ulkoeronto ytre skiljefall –lta
allativ ulkotulento ytre blifall –lle
abessiv vajanto manglefall –tta
instruktiv keinonto måtefall –in
komitativ seuranto følgjefall –ne

I tillegg har finsk det marginale kasuset prolativ, i uttrykk som maitse, meritse, postitse, via land, sjø, post.

Numerus endre

Finske nomen blir bøygd i singularis og pluralis. Singularisforma er umarkert. Viss nomenet står i nominativ (og akkusativ), får pluralisforma lagt til ein -t, som i autot «bilar» av auto «bil». I alle andre kasus blir pluralis uttrykt med -i-, som intervokalisk blir til -j- (autojen, autoissa, «bilanes, i bilane»). Som i dei fleste andre uralske og tyrkiske språk blir ikkje pluralis brukt etter talord, i staden står substantivet i singularis, og i finsk i partitiv singularis (viisi autoa fem bil-sg.par «fem bilar»).

Verbal morfologi endre

Finske verb blir bøygd i tempus, modus, person og tal. Som infinitte former (infinitiv, partisipp) blir dei også bøygd i tal og kasus.

Stammeklassar endre

Finske verb blir delt inn i seks stammeklassar. Nokre av klassane har undergrupper alt etter kva utlydssamband dei har. Sjølve bøyingsendingane er lik for alle seks typane, men stammen går gjennom ulike endringar i dei seks ulike stammeklassane. Dermed skil finske stammeklasser seg frå indoeuropeiske bøyingsklasser, der variasjonen ligg i bøyingsendinnga. For å kunne bøye eit verb må brukaren kjenne att stammetypen.

Type 1 er tostava, og endar på lang vokal eller vokalsamband. Type 2 er tostava med lang rotvokal eller diftong, og har -da/dä i infinitiv. Skilnadene mellom dei 4 andre typane går fram av tabellen. Som i andre finske bøyingsparadigmer endrar også her stammen seg ved stadieveksling.

Type Døme 1. pers. prs. 3. pers. prt. partisipp impersomal typiske trekk omsetjing
1a puhua puhun puhui puhunut puhuttiin på -oa, -ua/yä å snakke
1b oppia opin oppi oppinut opittiin på -ea/eä, -ia/iä å lære
1c antaa annan antoi antanut annettiin på -aa, 1. vokal a/e/i å gje
1d johtaa johdan johti johtanut johdettiin på -aa, 1. Vokal o/u å føre
2a saada saan sai saanut saatiin lang Vokal + -da/dä å få
2b syödä syön söi syönyt syötiin diftong + -da/dä å ete
3 tulla tulen tuli tullut tultiin på -la/lä, -na/nä, -ra/rä å komme
4 haluta haluan halusi halunnut haluttiin på -uta/ytä å ønskje
5 tarvita tarvitsen tarvitsi tarvinnut tarvittiin på -ita/itä å trenge
6 paeta pakenen pakeni paennut paettiin på -eta/etä å flykte

På bakgrunn av denne tabellen er det mogleg å byggje det fullstendige bøyingsparadigmet for kvart einaste finske verb (med unntak av ein del stammevekslingar i type 4, der nokre verb får -ti i staden for -si i preteritum).

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

  • Karlsson, Fred 1976: Finskans struktur. LiberLäromedel, Lund 1976.
  • Karlsson, Fred 1978: Finsk grammatik. Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, Helsinki 1978