Fjelltettegras
Fjelltettegras
Fjelltettegras
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Blærerotfamilien Lentibulariaceae
Slekt: Pinguicula
Art: Fjelltettegras P. alpina
Vitskapleg namn
Pinguicula alpina

Fjellettegras (Pinguicula alpina) er ein 10 cm høg plante med lysgrøne blad i rosett og eit snautt blomsterskaft med kvite blomstar.

Bladoverflata er innsmurt med slim som inneheld enzym slik at plantene kan fordøye insekt som set seg fast i slimet. Planten kan så nyttiggjere seg næringsemne frå dei rotnande insekta.

Fjelltettegras veks spreidd i fjellstrok i Europa og Asia

Fjelltettegras veks på fuktige, kalkrike stader i fjellet i frå Tynset og Os til Oppdal, Haltdalen og Brekken, dessutan i Hattfjelldal, og vanlegare frå Saltdaltil Sør-Varanger. I Sverige veks han i Gotland, i Härjedalen og frå Åsele Lappmark til Torne Lappmark.

Bruk endre

Tettegrasplantar har vore bruka til produksjon av tettemjølk, ei form for konservering av mjølk. Ein la 30-40 tettegrasblad nedst i eit kjørel, og helte kuvarm mjølk over. Etter ei stund vart mjølka seig, slik at ho ikkje skilde seg i myse og ostestoff.

Namnet endre

Fjelltettegras har namnet tettegras fordi blada frå tettegrasartane har vore bruka til å lage tettemjølk, og er som elles fordi det er ein fjellplante.

Det latinske namnet kjem av Pinguis, ‘feit’, og siktar til blada som skin feittaktig. Alpina tyder ‘fjell’.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre