54°04′00″N 3°09′05″W / 54.066689°N 3.151488°W / 54.066689; -3.151488

Foulney Island
øy
Fyrmerke på Foulney Island og utsyn mot Roa Island
Land  England
Fylke Cumbria
Kart
Foulney Island
54°04′00″N 3°09′05″W / 54.0667°N 3.15149°W / 54.0667; -3.15149
Wikimedia Commons: Foulney Island

Foulney Island er ei låg, grass- og gruskledd øy søraust for Roa Island, utanfor sørenden av Furnesshalvøya i Cumbria i England. Foulney Island er ei av Furnessøyane i Morecambe Bay, nord i England. Øya høyrer til Barrow-in-Furness og har eit areal på 16 hektar. Ho heitte tidlegare Fowle Island.

Øya er landfast via ein grus- og steinbanke bygd i victoriatida som vern mot tidvatnet. På det høgaste er øya berre 3 meter over høgvatn. Når tidvatnet har maksimalt utslag kan nesten heile øya ligge under vatn ved flo sjø. Det er ikkje fast busetnad på øya.

Foulney er eit stort fuglereservat og har status som Site of Special Scientific Interest (SSSI, stad av særleg vitskapleg interesse). Om sommaren passar ein oppsynsmann på øya og det er ikkje lov for publikum å gå nær hekkeområda. Av fuglar på øya finn ein splitterne, dvergterne, raudnebbterne, makrellterne, rosenterne (sjeldan), tjeld, sandlo, heilo, tundralo, ringgås, siland, toppdukkar, svartand, raudstilk,heipiplerke, ærfugl, myrsnipe, polarsnipe, sandløpar, storspove, småspove og andre spovar.

Kjelder endre