Makrellterne

fugleart

Makrellterne (Sterna hirundo) er ein fugl i måsefamilien som hekkar ved kystar eller ferskvatn i Eurasia og Nord-Amerika og overvintrar ved kystar frå omtrent Krepsen sin vendekrins og søretter.

Makrellterne

Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Makrellterne
Utbreiinga av Makrellterne
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Sterna
Art: Makrellterne S. hirundo
Vitskapleg namn
Sterna hirundo

Utsjånad endre

 
Makrellterne som matar avkom.
 
Flygande makrellterne med fisk.
 
Makrellterne-egg

Makrellterna er ei mellomstor terne, 32-39 centimeter i kroppslengde. Overgump, kinn, strupe og litt nedover brystet er kvite, hovudet har ei svart hette og nakke, dei lange kileforma stjertfjørene er mørke, elles er fjørdrakta lys grå, mørkare på oversida enn undersida. I hekkedrakt har ho oransjeraude bein, oransjeraudt nebb med ein mørk spiss. I vinterdrakt blir nebbet og beina mørke og panna får eit kvitt område. Samanlikna med raudnebbterne er ho litt større, har relativt litt lengere nebb og bein, og litt svakare raudtone i nebbet.[1][2]

Utbreiing og føde endre

Makrellterna er ein trekkfugl som hekkar i nordlege og frostfrie strøk i Europa, Asia, og sentrale Nord-Amerika mest langs austkysten og Dei store sjøane. Dessutan på øyar i Nord-Atlanteren, men dei har fråvere frå Island. I Eurasia hekkar dei frå Irland i vest til stillehavskysten i aust, nord til Anadyr. Hekkeområdet er nord for Himalaya og sør for nordlege Sibir. Overvintringsområdet er langs kystar og store elver sør for omtrent Krepsen sin vendekrins. Det inkluderer Galapagosøyane, Bahamas, Falklandsøyane og øyane i Søraust-Asia, sørlege Stillehavet og langs australske kystar.[2]

Føda er først og fremst små fisk under 15 centimeter. Ofte kan dei ta krepsdyr, blekksprut og insekt. Men i hekkeområda alltid levande fisk og kan da flyge opptil 20 kilometer for å fange byttet i opent vatn.[2]

Utbreiing i Noreg

I Noreg finn ein fuglen i koloniar langs heile kysten frå svenskegrensa og Hvaler til Finnmark. Fleire stader hekkar fuglen også ved vatn inne i landet, og då helst i lågareliggande trakter. Hekking inne i landet tiltok i det 20. hundreåret. Makrellterna er vanlegast i dei sørlege delane av landet, og vert gradvis sjeldnare nordover. Dette er motsett av det ein finn hos raudnebbterna. Bestandane i Sør-Noreg, Sverige og Storbritannia har gått ned fram mot artsvurderinga i 2006, og fuglen var derfor rekna som sårbar i Noreg, og frå 2015 oppgradert til sterkt truga (EN).[3]

Hekking endre

Fuglen hekkar i små og mellomstore koloniar, men også som enkeltpar. Søraust i landet er det sjeldan fleire enn 20-40 par i ein koloni, vest og nord i landet kan storleiken kome opp mot 100-200 par. Desse koloniane har ofte eit innslag av raudnebbterner. Makrellternene vert forplantingsdyktige 3-4 år gamle. I søraust vert dei flest egga lagde i mai, i vest noko seinare, og i Finnmark vert egga oftast lagde i juni. Hoa legg 2-3 (1-4) egg i ei grop eller i eit enkelt reir bygd av plantedelar, tang, skjelrestar eller småstein. Foreldra rugar i 21-23 døgn. Ungane held seg i reiret i to døgn, og er framleis i nærleiken til dei kan flyge 21-25 døgn gamle. Det er ikkje uvanleg at eit par held saman i fleire år.

Kjelder endre

  • Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide, Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  • Arnold, J. M., S. A. Oswald, I. C. T. Nisbet, P. Pyle, og M. A. Patten (2020). Common Tern (Sterna hirundo), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.comter.01
  • Aschehoug og Gyldendals LILLE NORSKE leksikon Noreg 2000: Kunnskapsforlaget.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.
Fotnotar
  1. Svensson, Lars et al (2011), s. 200
  2. 2,0 2,1 2,2 Arnold et al (2020)
  3. Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av makrellterne Sterna hirundo for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Makrellterne