Framandflagg er eit flagg tilhøyrande eit land som vert nytta på skip med eigar/eigarar frå eit anna land. Skipseigaren kan på den måten unngå høge skattar i heimlandet og òg gjera skipsregistreringa enklare. Landet som stiller flagget til disposisjon tek betalt for tenesta, og i nokre mindre land er denne betalinga ei viktig inntektskjelde.

Den internasjonale Transport Workers' Federation (ITF) held ei liste over land som stiller sine flagg til disposisjon på denne måten. Per i dag er det 32 land på denne lista.

Nytta av framandflagg er upopulært i mange land, og det er to hovudgrunnar til dette. Praksisen fører til at land med strengare krav mistar inntekter, og dessutan at tryggleiken og arbeidstilhøva ombord kan verta dårlegare.

Internasjonale konvensjonar seier at nasjonaliteten på flagget på eit skip avgjer under kva for ein domstol eventuelle lovbrot skal handsamast (når lovbrotet har funne stad i internasjonalt farvatn).

Utflagging vert òg brukt i ei vidare tyding om å flytta føretaksverksemd (spesielt produksjon) frå høgkostland (t.d. land i Europa/Nord-Amerika) til lågkostland (t.d. Kina).

Land som tilbyr framandflagg ifølgje ITF endre

Følgjande land har sidan 2003 vorte lista som land med flagg som vert nytta som framandflagg.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre