Fylkesveg 78

veg i Nordland
Fylkesveg 78
78
{{{namn}}}
Strekning
Stormoen i Leirfjord – Mosjøen
Fylkesveg 78
Riksveier Nordland.svg
Informasjon
Lengd 45 km
Status fylkesveg
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 78
Sjå òg fylkesveg 78 (fleirtyding)

Fylkesveg 78 (Fv78) er vegstrekninga som går mellom krysset ved E6 på Kulstadsjøleira utanfor Mosjøen og krysset mot fylkesveg 17 ved Stormoen i Leirfjord kommune. Strekninga er eit tverrsamband mellom indre og ytre delar av Helgeland og er ca. 45 km lang. Vegen følgjer nordsida av Vefsnfjorden og er stadvis særs smal og svingete. Ny veg i tunnel (Toventunnelen) gjennom Tovenfjellet i Vegpakke Helgeland er under bygging. Tunnelprosjektet vart vedteke av fylkestinget Nordland i februar 2008[1] og i Stortinget 10. desember 2009[2]. Første entreprise på sprenging av den over 10 km lange Toventunnelen vart tildelt Hæhre Entreprenør med byggjestart i veke 3 2010[3]. Førebuande arbeid starta 4. januar.

Vegen mellom Kulstad og Rynes vart bygd før 1880. Mellom 1901 og 1908 vart vegen bygd vidare til Forsmo. Veganlegget frå Drevja til Leirfjord vart starta på 1930-talet og opna i 1962.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunktEndra

  Nordland Endra

  • Dagens trasé
Leirfjord kommune
  • 17 Stormoen
  •   Ranelva
  • Fv216 frå Leira til 17 Tovås (3,8 km)
  • Fv217 frå Leirosen til Vatne (3,6 km)
  •   Leirelva
  • Fv220 frå Kviting → via Sundøybrua til Kvalnes på Sundøya
  •   Finnviktunnelen (222 m, 4,20 m høg)
  •   Kamsbekktunnelen (388 m)
Vefsn kommune
  • Ny trasé (Toventunnelen med tilførselsvegar)
Leirfjord kommune
Vefsn kommune
 
Fylkesveg 78 i Vefsn, sett innover fjorden
  •   Holandtunnelen (94 m)
  •   Lindsettunnelen (157 m)
  •   Fusta
  •   Hjartåstunnelen (1127 m, 4,20 m høg)
  •   Bomstasjon opnar når vegen er ferdig utbetra
  •   Kulstad

KjelderEndra

  • Erling Svanberg: Langs veg og lei i Nordland - Samferdsel gjennom 3000 år. Nordland fylkeskommune, Bodø 1990. ISBN 82-7416-021-5

ReferansarEndra

  1. Behandling i Fylkestinget
  2. Stortingsbehandling
  3. Våre Veger

BakgrunnsstoffEndra