Geir Pollestad

norsk politikar

Geir Pollestad (fødd 13. august 1978 på Nærbø) er ein norsk jurist og politikar for Senterpartiet. Sidan 4. august 2023 har han vore landbruksminister i Regjeringa Støre.[1]

Geir Pollestad

Fødd13. august 1978 (46 år)
Nærbø
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, jurist
Utdanna vedJuridisk fakultet ved UiB
Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen
Alle verv

Karriere

endre

Geir Pollestad er utdanna jurist ved Universitetet i Bergen og har tidlegare studert økonomi og administrasjon ved Høgskolen i Stavanger. Han har vore aktiv i Senterungdommens landsforbund og sat frå 2001 til 2003 som politisk nestleiar. Frå 2003 til 2005 var han visepresident i Nordiska Centerungdommens Förbund som representant for Senterungdommen.

Ved Stortingsvalet i 2005 var Pollestad tredjekandidat for Hordaland Senterparti.

Han var frå september 2007 politisk rådgjevar for Åslaug Haga i Olje- og energidepartementet. Han kom frå stilling som politisk rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet, der han hadde arbeidd frå januar 2007.

Kjelder

endre
  1. Ida Kristin Rønning; Karoline Johannessen Litland; Håvard Grønli & Simon Elias Bogen. «Borch blir ny forsknings- og høyere utdanningsminister – Pollestad blir landbruksminister» (på norsk bokmål). NRK. Henta 4. august 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Geir Pollestad