Geografiske ytterpunkt i Antarktis
Wikimedia-listeartikkel
Dette er ei liste over geografiske ytterpunkt i Antarktis.
Antarktika
endreAntarktika er sjølve kontinentet som ligg kring Sørpolen, medan Antarktis i følgje Antarktistraktaten er definert som alt land og alle isbremmar sør for 60. sørlege breiddesirkelen.
- Det høgaste fjellet i Antarktis er Mount Vinson med ei høgd på 4892 meter over havet.
- Det lågaste punktet i Antarktis finn ein i Bentley Subglacial Trench, som stikk 2555 meter under havnivå. Dette er òg det lågaste punktet på jorda som ikkje er dekt av sjø. Det er derimot dekt av fleire kilometer med is.
- Det lågaste tilgjengelege punktet i Antarktis er breidda av Deep Lake i Vestfold Hills, som ligg 50 meter under havnivå.
- Punktet på land som ligg lengst borte frå noko kystlinje på det antarktiske kontinentet ligg ved 83°06′S 54°58′E / 83.100°S 54.967°E. Dette vert òg kalla den sørlege utilgjengelegheitspolen.[1]
- Antarktis er den sørlegaste landmassen på jorda. Den geografiske Sørpolen ligg på Polarplatået ved 90°00′S 00°00′W / 90.000°S -0.000°E. Her ligg òg den sørlegaste busetnaden på jorda: Amundsen-Scott-stasjonen (administrert av USA).
- Vostok er den mest isolerte forskingsbasen på kontinentet (ligg ved 77°S 105°E / 77°S 105°E) og over den sørlegaste innsjøen i verda, Vostoksjøen, ein subglasial innsjø 4000 meter under isoverflata.
- Den sørlegaste vulkanen på jorda - Mount Erebus - ligg på den sørlegaste øya i Antarktis som er mogeleg å nå frå sjøen: Ross Island.
- Den sørlegaste øya er Berkner Island, som ligg inne i ein isbrem.
- Rosshavet er den sørlegaste havområdet i verda og lengst sør (Gould Coast) ligg ved foten av Horlick Mountains kring 320 km frå den geografiske Sørpolen. Området er dekt av Rossisen. Det sørlegaste opne farvatnet finst òg i Rosshavet, nemleg Hvalbukta ved 78°30'S, langs kanten av Rossisen.
- Det nordlegaste punktet på det antarktiske fastlandet (utanom øyane i nærleiken) er Prime Head, ved nordenden av Den antarktiske halvøya ved 63°12′48″S 57°18′08″W / 63.21333°S 57.30222°W. Den antarktiske halvøya er den største samanhengande delen som stikk nordover frå kontinentet og nord for Den antarktiske polarsirkelen. Mange av forskingsbasane på kontinentet ligg derfor her. Prime Head ligg 980 km frå Kapp Horn. Den nordlegaste forskingsbasen på fastlandet er Esperanza-basen.
Andre ytterpunkt
endre- Sjølv om ein finn dyreliv som pingvinar og selar langs kysten av heile Antarktis, finn ein berre blømande planter nord på Den antarktiske halvøya.
- Den høgaste temperaturen som er målt i Antarktis er 14,6 °C ved Vanda-stasjonen (administrert av New Zealand) den 5. januar 1974.
- Den lågaste temperaturen som er registrert så langt i Antarktis er -89,2 °C ved Vostok (administrert av Russland) den 21. juli 1983.
- Den kraftigaste vinden som er registrert på kontinentet var ved Commonwealth Bay (66°54′S 142°40′E / 66.900°S 142.667°E), som er kring 48 km brei ved inngangen mellom Point Alden og Cape Gray i Australian Antarctic Territory. Vinden når ofte over 200 km per time her. Den kraftigaste vinden vart registrert ved basen Belgrano II på 351 km/h.
- Antarktis har den lågaste årsmiddelnedbøren i verda (null ved den geografiske Sørpolen) og er dermed det tørraste kontinentet i verda.
- Trass i dei låge nedbørsmengdene finst kring 70% av ferskvatnet på jorda (som 90% av isen på jorda) her.
Sørishavet
endreSørishavet er det sørlegaste av verdshava. Definisjonen av den nordlege grensa til havet varierer frå land til land, men ligg generelt mellom 40° og 60° S. Kilometrane som er nemnde under er avstanden til Sørpolen.
- Australia:
- Bishop and Clerk Islets ved Macquarieøya i Sørlege Stillehavet ved 55°03′S 158°46′E / 55.050°S 158.767°E, 3900 km. Det sørlegaste punktet på land på den austlege halvkyla utanfor Antarktis, inkludert Stillehavet. Det er òg det sørlegaste punktet i områda til Australia.
- Heardøya i Heard- og McDonaldøyane i Sør-Indiahavet ved 53°06′0″S 73°31′0″E / 53.10000°S 73.51667°E, 4116 km. Det sørlegaste punktet på land i Indiahavet.
- Frankrike: Holme sør for Kerguelen i Sør-Indiahavet ved 50°1′0″S 68°52′0″E / 50.01667°S 68.86667°E, 4459 km. Det sørlegaste området til Frankrike.
- New Zealand: Holme 50 meter sør for Jacquemart Island i Campbell Islands i Sør-Stillehavet ved 52°37′0″S 169°7′30″E / 52.61667°S 169.12500°E, 4170 km. Det sørlegaste området til New Zealand.
- Noreg: Bouvetøya i Sør-Atlanterhavet ved 54°26′S 3°24′E / 54.433°S 3.400°E, 3968 km. Det sørlegaste området til Noreg, utanom Peter I Island som ligg innanfor området definert av Antarktistraktaten.
- Sør-Afrika: Marion Island i Prince Edwardøyane i Indiahavet ved 46°54′45″S 37°44′37″E / 46.91250°S 37.74361°E, 4804 km. Det sørlegaste området til eit afrikansk land.
- Storbritannia: Thule Island i Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane i Sør-Atlanterhavet ved 59°31′50.52″S 27°23′50.69″W / 59.5307000°S 27.3974139°W, 3400 km. Det sørlegaste punktet på land utanfor Antarktis, inkludert Atlanterhavet. Òg det sørlegaste området til Storbritannia.
Sør-Amerika
endre- Alle landområde: Cabo San Pío, Isla Grande de Tierra del Fuego i Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur ved 55°3′S 66°31′W / 55.050°S 66.517°W, 3904 km.
- Fastlandet: Punta Dúngeness i Santa Cruz Province ved 52°23′54″S 68°26′6″W / 52.39833°S 68.43500°W, 4194 km.
- All landområde: Águila Islet, Diego Ramírez-øyane, Antártica Chilena ved 56°32′9″S 68°42′48″W / 56.53583°S 68.71333°W. Det sørlegaste punktet i Sør-Amerika, 3734 km.
- Sjølve Sør-Amerika: Kapp Horn, Isla Hornos på Hermiteøyane i Antártica Chilena Province ved 55°59′00″S 067°16′00″W / 55.98333°S 67.26667°W, 3795 km. Generelt rekna som det sørlegaste punktet i Sør-Amerika.
- Fastlandet: Cape Froward på Brunswickhalvøya i provinsen Magallanes ved 53°53′46.70″S 71°17′39.53″W / 53.8963056°S 71.2943139°W, 4028 km. Det sørlegaste punktet på noko kontinentalt fastland utanom Antarktis.
- Alle landområde: Beauchene Island i Falklandsøyane ved 52°53′11″S 59°12′13″W / 52.88639°S 59.20361°W, 4140 km.
Afrika
endre- Sør-Afrika: Cape Agulhas i Western Cape ved 34°50′00″S 20°00′09.15″E / 34.83333°S 20.0025417°E, 6146 km. Det sørlegaste punktet i det kontinentale Afrika, men i røynda nærare ekvator (3856 km).
Oseania
endre- Sjølve Australia: Needle Rocks på Maatsuyker Islands ved Tasmania ved 43°39′45″S 146°15′19″E / 43.66250°S 146.25528°E, 5165 km.
- Fastlandet: South Point på Wilsons Promontory, Victoria ved 39°08′20″S 146°22′26″E / 39.13889°S 146.37389°E, 5668 km. Det sørlegaste punktet på eit fastlandskontinent på den austlege halvkula, utanom Antarktis, men i røynda nærare ekvator (4334 km).
- Sjølve New Zealand: Murphy Island ved Stewart Island og South Island 47°17′25″S 167°32′15″E / 47.29028°S 167.53750°E, 4762 km.
- Fastlandet: Slope Point på South Island ved 46°40′40″S 169°0′11″E / 46.67778°S 169.00306°E, 4831 km.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Extreme points of Antarctica» og «Extreme points of the Antarctic» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Historic Sites & Monuments i Antarktis, International Polar Heritage Committee