Giovanni Paisiello

italiensk komponist

Giovanni Paisiello eller Paesiello (9. mai 17405. juni 1816) var ein italiensk komponist frå wienerklassisismen som hovudsakleg vart kjend for operaene sine.

Giovanni Paisiello

Paisiello ved cembaloet med partituret til Nina, ossia la pazza per amore, måleri av Élisabeth Vigée-Lebrun, 1791
Fødd9. mai 1740
FødestadRoccaforzata ved Taranto
Død5. juni 1816 (76 år)
DødsstadNapoli
FødenamnGiovanni Gregorio Cataldo Paisiello
OpphavKongedømet Napoli
PeriodeWienerklassisismen
Aktiv1767-1804
SjangerOpera, concerto
Verka somKomponist
Gift medCecilia Pallini

Paisiello skulle opphavleg studere rettsvitskap og tok difor eit forstudium i jesuittkollegiet, men i ein alder av 13 år byrja han på konservatoriet Sant' Onofrio i Napoli for utdanne seg til musikar. Lærarane hans var Francesco Durante, Carlo Cotumacci og Girolamo Abos.

Etter å ha skrive fleire messar, oratorium, salmar og andre verk, freista han seg på dramatisk musikk. Med det dramatiske Intermezzo som han fekk oppført ved konservatoriet i 1763 avslørte han talentet sitt for opera buffa. Han vart hurtig etterspurt på operascenene og fekk oppført tre operaer i Parma, to i Bologna og dessutan ytterlegare nokon i Firenze, Modena og Roma. Først då han fekk suksess med L'idolo Cinese i Napoli 1767 (her hadde Niccolò Piccinni vore viktig), vart han rekna blant dei fremste komponistane i Italia. Han starta no opp ei så vellukka verksemd som operakomponist at han etter få år ikkje hadde andre konkurrentar enn Domenico Cimarosa i Europa.

I 1776 inviterte tsarina Katarina II av Russland han til St. Petersburg, der han vart utnemnd til kapellmeister og inspektør ved begge dei italienske operaene. Han vart her til 1784 og skreiv ni nye operaer, blant anna den kjende «Barberaren frå Sevilla» etter ein komedie av Beaumarchais. Under heimreisa skreiv han i Warszawa eit Te Deum og oratoriet La Passione di Nostro Signore Gesù Cristo etter ein libretto av Pietro Metastasio på oppfordring av den polske kongen. I Wien skreiv han på oppdrag av keisar Josef II tolv symfoniar (ouverturer) og operaen Il Re Teodoro in Venezia etter ein libretto av Giovanni Battista Casti.

Paisiello vart ei tid i Wien, og trefte i 1784 Mozart for andre gongen. Vel tilbake i Italia slo Paisiello seg ned i Napoli og vart leiar for hoffkapellet til kong Ferdinand IV. Då revolusjonen braut ut i 1799 heldt han seg på god fot med den republikanske regjeringa og heldt kapellmesterposten, no som direktør ved nasjonalmusikken. Dermed fall han i unåde hos kongen då denne etter to år vende tilbake til makta, og måtte vente ei stund til han vart teken til nåde igjen. I 1802 følgde han ei oppfordring frå Napoleon om å organisere og leie kapellet hans i Paris.

Då operaene til Paisielli fann lite gjenklang i Paris, vende han allereie året etter tilbake til Napoli, etter han hadde skrive ei mengd kyrkjemusikk for kapellet til førstekonsulen. I Napoli gjeninnsette Joseph Bonaparte og Joachim Murat han i dei tidlegare postane sine, men han var no ute av stand til å møte krava til nye idear. Då makta til Bonapartane vakla, var det slutten på dei gode tidene for Paisiello. Døden til kona i 1815 var eit hardt slag for han og helsa vart raskt dårlegare, samstundes som intrigar og nyare komponistar sine popularitet var ei kjelde til uro. Han døydde under fattige tilhøve 5. juni 1816.

Musikk

endre

Operaene til Paisiello er kjende for dei vene melodiane sine og dramatiske slagkraft, og er slik sett ein representant for den napolitanske skulen. Han meistra alle teknikkane som skulle til for å lage ein god opera, og dette gjorde verka hans populære over heile Europa. Den mest kjende melodien han skreiv var «Nel cor più non mi sento» frå operaen La Molinara som Beethoven udøydeleggjorde ved å komponere eit sett variasjonar over.

Paisiello var hovudsakleg operakomponist, og instrumentalverka er òg prega av songbare melodiar samstundes som dei manglar den sofistikerte kontrapunktikken og motiviske handsaminga ein finn i Haydn and Mozart sine verk. Likevel kan ein finne eit veldig drama og store tematiske kontrastar i verka hans, til dømes Pianokonsert nr. 4 i g-moll.

Paisiello skreiv over 100 operaer, eit pasjonsoratorium, ein julepastorale, to rekviem, tre store orkestermesser, ca 30 mindre firstemmige messer og ein dobbelkorig Te deum. I tillegg komponerte han ein del instrumentalmusikk: seks klaverkonsertar, seks strykekvartettar, ein sonate, ein harpekonsert og tolv orkestersymfoniar.

Operaer

endre

Av Paisiellos operaer er det dei følgjande som lengst heldt interessen til publikum:

  • Il Mondo Della Luna
  • La molinara («Møllerjenta»); uroppført 1788 i Napoli
  • Il barbiere di Siviglia («Barbereren i Sevilla»); uroppført 1782 i St. Petersburg, som blant andre stader var så populær i Roma at ein såg det som eit svært risikabelt føretak då Rossini i 1816 valde å skrive ny musikk til same libretto.
  • Nina, ossia la pazza per amore («Nina, eller kjærleikens vanvidd»); uroppført 1789 i Caserta
  • Il Re Teodoro in Venezia («Kong Theodor i Venezia»); uroppført 1784 i Wien.
  • Il ciarlone (12.5.1764 Bologna)
  • I francesi brillanti (24.6.1764 Bologna)
  • Madama l'umorista, o Gli stravaganti (26.1.1765 Modena)
  • L'amore in ballo (carn.1765 Venezia SM)
  • I bagni d'Abano (spr.1765 Parma)
  • Demetrio (Lent.1765 Modena)
  • Il negligente (1765 Parma)
  • Le virtuose ridicole (1765 Parma)
  • Le nozze disturbate (carn.1766 Venezia SM)
  • Le finte contesse (2.1766 Roma V) [Il Marchese di Tulissano?]
  • La vedova di bel genio (spr.1766 Napoli N)
  • L'idolo cinese (spr.1767 Napoli N)
  • Lucio Papirio dittatore (sum.1767 Napoli SC)
  • Il furbo malaccorto (win.1767 Napoli N)
  • Le 'mbroglie de la Bajasse (1767 Napoli F)
  • Alceste in Ebuda, ovvero Olimpia (20.1.1768 Napoli SC)
  • Festa teatrale in musica (31.5.1768 Napoli PR) [Le nozze di Peleo e Tetide]
  • La luna abitata (sum.1768 Napoli N)
  • La finta maga per vendetta (aut?.1768 Napoli F)
  • L'osteria di Marechiaro (win.1768 Napoli F)
  • Il nuovo maestro di cappella
  • La serva fatta padrona (sum.1769 Napoli F) [rev. Le 'mbroglie de la Bajasse]
  • Don Chisciotte della Mancia (sum.1769 Napoli F)
  • L'arabo cortese (win.1769 Napoli N)
  • La Zelmira, o sia La marina del Granatello (sum.1770 Napoli N)
  • Le trame per amore (7.10.1770 Napoli N)
  • Annibale in Torino (16.1.1771 Torino TR)
  • La somiglianza de' nomi (spr.1771 Napoli N)
  • I scherzi d'amore e di fortuna (sum.1771 Napoli N)
  • Artaserse (26.12.1771 Modena)
  • Semiramide in villa (carn.1772 Roma Ca)
  • Motezuma (1.1772 Roma D)
  • La Dardanè (spr.1772 Napoli N)
  • Gli amante comici (aut.1772 Napoli N)
  • Don Anchise Campanone (1773 Venezia) [rev. Gli amante comici]
  • L'innocente fortunata (carn.1773 Venezia SM)
  • Sismano nel Mogol (carn.1773 Milano RD)
  • Il tamburo (spr.1773 Napoli N) [Il tamburo notturno]
  • Alessandro nell'Indie (26.12.1773 Modena)
  • Andromeda (carn.1774 Milano RD)
  • Il duello (spr.1774 Napoli N)
  • Il credulo deluso (aut.1774 Napoli N)
  • La frascatana (aut.1774 Venezia SS) [L'infante de Zamora]
  • Il divertimento dei numi (4.12.1774 Napoli PR)
  • Demofoonte (carn.1775 Venezia SB)
  • La discordia fortunata (carn.1775 Venezia SS) [L'avaro deluso]
  • L'amor ingegnoso, o sia La giovane scaltra (carn.1775 Padova)
  • Le astuzie amorose (spr.1775 Napoli N)
  • Il Socrate immaginario (aut.1775 Napoli N)
  • Il gran Cid (3.11.1775 Firenze P)
  • Le due contesse (3.1.1776 Roma V)
  • La disfatta di Dario (carn.1776 Roma A)
  • Dal finto il vero (spr.1776 Napoli N)
  • Nitteti (28.1.1777 St. Peterburg)
  • Lucinda e Armidoro (aut.1777 St. Peterburg)
  • Achille in Sciro (6.2.1778 St. Peterburg)
  • Lo sposo burlato (24.7.1778 St. Peterburg)
  • Gli astrologi immaginari (14.2.1779 St. Peterburg E) [Le philosophe imaginaire]
  • Il matrimonio inaspettato (1779 Kammenïy Ostrov) [La contadina di spirito]
  • La finta amante (5.6.1780 Mogilev) [Camiletta]
  • Alcide al bivio (6.12.1780 St. Peterburg E)
  • La serva padrona (10?.9.1781 Tsarskoje Selo)
  • Il duello comico (1782 Tsarskoje Selo) [rev. Il duello]
  • Il barbiere di Siviglia, ovvero La precauzione inutile (26.9.1782 St. Peterburg)
  • Il mondo della luna (1782 Kammenïy Ostrov)
  • Il re Teodoro in Venezia (23.8.1784 Wien B)
  • Antigono (12.10.1785 Napoli SC)
  • La grotta di Trofonio (12.1785 Napoli F)
  • Olimpiade (20.1.1786 Napoli SC)
  • Le gare generose (spr.1786 Napoli F) [Gli schiavi per amore; Le bon maître, ou L'esclave par amour]
  • Pirro (12.1.1787 Napoli SC)
  • Il barbiere di Siviglia, ovvero La precauzione inutile [rev] (1787 Napoli F)
  • La modista raggiratrice (aut.1787 Napoli F) [La scuffiara amante, o sia Il maestro di scuola napolitano; La scuffiara raggiratrice]
  • Giunone Lucina (8.9.1787 Napoli SC)
  • Fedra (1.1.1788 Napoli SC)
  • L'amor contrastato (carn.1789 Napoli F) La molinara
  • Catone in Utica (5.2.1789 Napoli SC)
  • Nina, o sia La pazza per amore (25.6.1789 Caserta)
  • I zingari in fiera (21.11.1789 Napoli Fo)
  • Le vane gelosie (spr.1790 Napoli F)
  • Zenobia in Palmira (30.5.1790 Napoli SC)
  • La molinara (1790 Wien) [rev. L'amor contrastato]
  • Nina, o sia La pazza per amore [rev] (1790 Napoli F)
  • Ipermestra (6.1791 Padova)
  • La locanda (16.6.1791 London Pantheon) [La locanda di falcone; Lo stambo in Berlina]
  • I giuochi d'Agrigento (16.5.1792 Venezia F)
  • Il fanatico in Berlina (1792 Napoli F) [rev. La locanda]
  • Il ritorno d'Idomeneo (aut. 1792 Perugia)
  • Elfrida (4.11.1792 Napoli SC) [Adevolto]
  • Elvira (12.1.1794 Napoli SC)
  • Didone abbandonata (4.11.1794 Napoli SC)
  • Nina, o sia La pazza per amore [rev 2] (1795 Napoli F)
  • Chi la dura la vince (9.6.1797 Milano S)
  • La Daunia felice (26.6.1797 Foggia)
  • Andromaca (4.11.1797 Napoli, teatro San Carlo)
  • L'inganno felice (1798, Napoli Fo)
  • Sinfonia funebre (1799 til pave Pius VI sitt dødsfall)
  • Proserpine (28.3.1803 Paris O)
  • Elisa (19.3.1807 Napoli SC) [+ Mayr]
  • I pittagorici (19.3.1808 Napoli SC)

Diskografi

endre
  • Overtures and Symphonies. Orchestra della Svizzera italiana. Dynamic, Genova 2001 (CDS 376).

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre