Goodnight, Irene
«Goodnight, Irene» eller «Irene, Goodnight» er ei amerikansk folkevise frå 1900-talet, skriven i 3/4-takt, og først spelt inn av den amerikanske bluesartisten Huddie «Lead Belly» Ledbetter i 1932.
«Goodnight, Irene» | |
Låtskrivar | Huddie Ledbetter |
---|---|
Publisert | 1934 |
Skriven | 1908 |
Språk | engelsk |
Form | Vals, folkevise |
Framført av | Willie Nelson |
Teksten fortel om den urolege fortida han hadde med kjærasten Irene, og uttrykket sorg og frustrasjon. Fleire vers inneheld tydelege sjølvmordstankar, mellom anna linja «sometimes I take a great notion to jump in the river and drown», som var inspirasjon for romanen til Ken Kesey frå 1964, Sometimes a Great Notion.
Lead Belly
endreSom med mange tradisjonelle folkeviser er opphavet til «Irene» uklårt. Lead Belly song ein versjon av songen så tidleg som i 1908, som han hevda han hadde lært av onkelen Terell. Ein song frå 1886 av Gussie L. Davis har fleire tekstmessige og strukturelle likskapar til songen, men ein kjenner ikkje til melodien til denne songen. Ein har funne ting som tyder på at songen frå 1886 igjen var basert på ein enno eldre song ein ikkje lenger har i dag. Uansett kvar han høyrte songen først, gjorde Lead Belly songen til sin eigen i 1930-åra, då han endra rytmen og skreiv om dei fleste av versa.[1]
Lead Belly spelte songen i periodane han sat i fengsel, og det var då han sat i Louisiana State Penitentiary at han møtte musikkforskarane John og Alan Lomax som spelte inn fleire timar med songane til Lead Belly. Eit par månader før utgjevinga hans i 1934, spelte Lead Belly inn fleire av songane sine, mellom anna «Irene», for Library of Congress.[2]
Andre versjonar
endreI 1950, eit år etter Leadbelly døydde, spelte det amerikanske folkebandet The Weavers inn ein versjon av «Goodnight, Irene». Singelen nådde førsteplassen på singellista i USA. I teksten har The Weavers teke bort dei mest kontroversielle linjene.[3] Sidan innspelinga vart så populær er det hovudsakleg teksten til The Weavers som vert nytta i dag. The Weavers inspirerte mange andre artistar til å spele inn songen, og fleire av desse hadde òg suksess på salslistene.
Frank Sinatra sin versjon av songen, som kom ut berre ein månad etter The Weavers sin versjon, nådde 12. plass på lista. Seinare same året spelte Ernest Tubb & Red Foley ein versjon som nådde førsteplassen på countrylista,[4] og både Dennis Day og Jo Stafford gav ut versjonar som nådde lista, med respektive 22. og 26. plass. Moon Mullican fekk òg ein countryhit med songen i 1950.
Utval av innspelte versjonar
endre- 1934 Lead Belly, Library of Congress
- 1949 Leadbelly, ny versjon
- 1950 The Weavers, US #1
- 1950 Frank Sinatra, US #12
- 1950 The Tanner Sisters med The Hedley Ward Trio. Spelt inn i London den 21. september 1950.
- 1950 Ernest Tubb & Red Foley, US #1 country
- 1950 Moon Mullican, US #5 country
- 1957 Jerry Lee Lewis
- 1960 Jim Reeves
- 1960 Mississippi John Hurt (album: Last Sessions)
- 1967 Originals on Soul Records, del av Motown Group
- 1969 The Kingston Trio (album: Once Upon a Time)
- 1971 John Sebastian (album: Cheapo-Cheapo Productions Presents Real Live John Sebastian)
- 1972 Jimi Hendrix og Little Richard (album: Friends from the Beginning – Little Richard and Jimi Hendrix)
- 1975 Jerry Lee Lewis
- 1976 Ry Cooder (album: Chicken Skin Music)
- 1976 James Booker (album: Junco Partner)
- 1979 Raffi (album: Corner Grocery Store)
- 1980-åra Peter, Paul and Mary, som siste song på ein konsert
- 1983 Grateful Dead
- 1986 John Koerner (Album: Nobody Knows the Trouble I've Been)
- 1986 Michelle Shocked (album: The Texas Campfire Tapes)
- 1992 Dr. John (album: Goin' Back to New Orleans)
- 1994 Meat Puppets (EP: Raw Meat)
- 1999 Kelly Joe Phelps (album: Shine Eyed Mister Zen)
- 2002 Bryan Ferry (album: Frantic)
- 2006 Tom Waits (album: Orphans: Brawlers, Bawlers & Bastards)
- 2008 The Blues Preachers (album: Dry Long So)
- 2009 Deer Tick, gøymd song (album: Born On Flag Day)
- 2010 The Hydrants på albumet Sycamore.
- 2013 Eric Clapton på albumet Old Sock
- Shivaree, på albumet Tainted Love: Mating Calls and Fight Songs
- Mitch Miller and the gang
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Goodnight, Irene» frå Wikipedia på engelsk, den 21. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Oliver, Paul (1984). Songsters and saints: vocal traditions on race records. Cambridge Univ. Press, Cambridge. ISBN 0-521-24827-2.
- ↑ http://books.google.com/books?id=iJhS9BaFFjIC&pg=PA52[daud lenkje]
- ↑ http://books.google.com/books?id=iJhS9BaFFjIC&pg=PA117[daud lenkje]
- ↑ «Good Night, Irene». Time magazine. 14. august 1950. Arkivert frå originalen 24. juni 2013. Henta 21. april 2011.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 123.