Opna hovudmenyen
Gråtrast


Turdus pilaris2.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Turdidae
Slekt: Turdus'
Vitskapleg namn
Turdus pilaris

Gråtrast eller gråtrost (Turdus pilaris) er ein fugl i trastefamilien. Han blir òg kalla skjetatrast i somme målføre. Arten finst som hekkefugl i Europa frå Noreg i nord til Frankrike og Nord-Italia i sør, og vidare austover i eit breidt belte gjennom Sibir til forbi elva Lena. Gråtrasten er relativt ny som hekkefugl i Storbritannia der han hekkar fåtalig. Lengre vest hekkar han sporadisk på Island. På Grønland etablerte gråtrasten seg i sørvest i 1937, men er truleg forsvunnen.

UtsjånadEndra

Gråtrasten har gyldent bryst med svarte flekker. Hovudet og nakken er grå. Hoa og hannen er like. Nebbet er grågult.

Norsk utbreiing og habitatvalEndra

Gråtrasten er ein vanleg hekkefugl over nesten heile landet. Han hekkar frå havnivå til langt opp på snaufjellet. I vierregionen er han relative vanleg, og stundom går han heilt opp i lavregionen. På Hardangervidda t.d., hekkar han regelmessig opp til om lag 1250 m.o.h., og er observert enda høgare. Ved Sylane er det gjort hekkefunn 1400 m.o.h. Fuglen lever i all slags skog, men unngår helst større samanhengande skogområde. Han trivst særleg godt i skogkantar, der skogen grensar mot dyrka mark, myr eller andre opne felt. Fuglen kan og slå seg til i meir opne område, særleg kulturmark, med nokre få skogholt eller berre nokre få større tre. Gråtrasten har etter kvart også vorte ein vanleg fugl i mange byar og tettstader, om enn ikkje i same utstrekning som svarttrasten. Her finn vi gråtrasten i hagar, parkar og allear og på kyrkjegardar, dersom det finst nokre større tre med opa mark i nærleiken. Arten finst også på heilt trelause stader, som t.d. i vierkjerr til fjells, og heilt ute mot Ishavskysten i Finnmark. Den norske hekkebestanden er truleg på over 1 million par.

HekkingEndra

Gråtrasten hekkar ofte i koloniar med frå nokre få par opptil 40-50 par. Somme hekkar i einslege par. Reiret vert som regel plassert i eit tre. I område utan tre og buskar kan reiret plasserast på bygningar, fiskehjellar, bruer, gjerder, store steinar eller liknande. Sjølv om gråtrasten hekkar i koloniar er det sjeldan meir enn eit reir i kvart tre. Inne i koloniane forsvarar gråtrasten små territorier som kanskje berre omfasttar reirtreet og ein utkikspost. I utkanten av koloniane er territoria noko større. Næringssøket går føre seg på nøytral grunn utanfor territoria. I låglandet legg hoa vanlegvis 5-6 egg i byrjinga i mai. Til fjells og i Nord-Noreg vert egga lagde i slutten av mai eller byrjinga av juni. Egga vert ruga i ca. 13 dagar og ungane vert flygedyktige etter to veker. I Sør-Noreg legg gråtrasten stundom to kull. Fuglane kan vere svært aggressive ved reiret, og kan angripe alle potensielle fiendar med ein stråle av ekskrement.

LevemåteEndra

Fuglen lever av meitemark, insekt, edderkoppar og plantedelar. Om hausten et han mykje bær.

Gråtrasten er trekkfugl som overvintrar i Vest-Europa. Han kjem attende i slutten av mars lengst i sør. Trekket held fram ut april og ut i mai. Haustttrekket tek til i slutten av september og held fram til langt ut i november, med hovudtyngda i oktober. Gråtrastane kan danne flokkar på mange tusen individ på hausttrekket. Når det er rikeleg med bær, kan mange overvintra i Noreg. Mange av fuglane som overvintrar her i landet kjem truleg austfrå, frå Sverige, Finland og Russland.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gråtrast