Greenockitt
Greenockitt er eit gult mineral, ei heksagonal form av kadmiumsulfid, CdS. Det vert danna i små mengder ved forvitring av sfaleritt (sinkblende) i nokre av kontaktførekomstane i Oslofeltet (Konnerud ved Drammen).
Greenockitt | |||
Greeockittkrystall frå Tsumebgruva i Namibia (biletbreidda er 1 mm) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfidmineral | ||
Kjemisk formel | CdS | ||
Strunz-klassifisering | 02.CB.45 | ||
Krystallsymmetri | Heksagonal diheksagonal pyramidal H-M-symbol: (6mm) Romgruppe: P 63mc | ||
Einingscelle | a = 4.136 Å, c = 6.713 Å; Z=2 | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 144.48 | ||
Farge | Honninggul, sitrongul, oransjegul | ||
Krystallform | Kolloform - danna frå ein gelé eller kolloidal masse; skorpedanningar - dannar skorpeliknande samlingar på matriks; radiell - krystallar stråler ut frå eit senter utan å danne stjerneform (t.d.. stibnitt) | ||
Krystallsystem | Heksagonal | ||
Tvilling | Sjeldan på {1122} formar trillingar | ||
Kløyv | tydeleg på {1122}, uperfekt på {0001} | ||
Brot | Muslig | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 3.0-3.5 | ||
Glans | Diamantaktig til harpiksaktig | ||
Strekfarge | Gul oransje til mursteinsraud | ||
Transparens | Nesten ugjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 4.8 - 4.9 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nω = 2.529 nε = 2.506 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.023 | ||
Pleokroisme | Svak | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Det vart først skildra i 1840 i Bishopton i Skottland, under sprenginga av ein tunnel for Glasgow, Paisley and Greenock Railway. Mineralet vart kalla opp etter landeigaren Lord Greenock (1783–1859).
Sjå òg
endreKjelder
endre- Greenockitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.