Regjeringa Knudsen II
(Omdirigert frå Gunnar Knudsen si andre regjering)
Regjeringa Knudsen II, Gunnar Knudsen si andre regjering var ei norsk regjering som sat frå 31. januar 1913 til 21. juni 1920.[1] Regjeringa var ei flertalsregjering frå Venstre.
Ved stortingsvalet i 1918 mista Venstre 22 mandat, og kom i mindretal i Stortinget. Regjeringa Knudsen søkte avskjed 4. februar 1919, men blei bedd om å halde fram av kong Haakon VII. Den 16. juni 1920 søkte regjeringa avskjed att, etter at ho ikkje hadde fått støtte i Stortinget for ein stram økonomisk politikk. Avskjed vart innvilga i statsråd 19. juni, med verknad frå 21. juni 1920.[1]
Regjeringa vart etterfylgt av Regjeringa Halvorsen I (H og FrV).
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Gunnar Knudsens andre regjering». Regjeringa.no. Henta 2. juli 2017.
- ↑ Revisjonsdepartementet blei nedlagd 1. juli 1918.
- ↑ Gunnar Knudsen fungerte som sjef for Finansdepartementet under Anton Omholt sin andre permisjon frå 12. desember 1919
- ↑ Handelsdepartementet vart omorganisert som Sosialdepartementet frå 3. juni 1913. Sakene i Handelsdepartementet blei delt mellom det nye Sosialdepartementet og Utanriksdepartementet. Etter sterkt press frå handelsnæringa blei det oppretta eit nytt handelsdepartement under namnet Handels- og Sjøfartsdepartementet, frå 1. oktober 1916.
- ↑ Lars Abrahamsen blei utnemnd til sjef for Sosialdepartementet 26. juli 1916, og tiltredde 1. oktober.
- ↑ Handels- og sjøfartsdepartementet bleo oppretta 1. oktober 1916 (sjå over).
- ↑ Anton Omholt var permittert frå stillinga som sjef for Finansdepartementet i to peridodar, 23. april - 16. juli 1915 og frå 12. desember 1919 til han gjekk av 16. juni 1920
- ↑ Provianteringsdepartementet vart skipa 26. juli 1916
- ↑ Industriforsyningsdepartementet vart skipa 28. april 1917 og nedlagd 30. april 1920.
- Denne artikkelen bygger på «Gunnar Knudsens andre regjering» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juni 2017, revisjon 14756925