Kautokeino kommune

kommune i Finnmark fylke i Noreg
(Omdirigert frå Guovdageaidnu)

Kautokeino kommune (nordsamisk Guovdageainnu suohkan, finsk Koutokeinon kunta, kvensk Koutokeinon komuuni) er ein kommune i Finnmark fylke, og den største kommunen i Noreg. Godt over 90 % av dei som bur i Kautokeino har samisk som morsmål, og kommunen er rekna som det kulturelle senteret i det nordsamiske området.

Kautokeino kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Adm.senter Kautokeino
Areal 9 707 km²
 •  land 9 000 km²
 •  vatn 707 km²
Folketal 2 848  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Norsk målform bokmål
Samisk språk nordsamisk
Ordførar Anders S. Buljo (Flyttsamelista)
Kommunenr. 5612
Kart
Kautokeino kommune
69°00′41″N 23°02′29″E / 69.01151°N 23.04148°E / 69.01151; 23.04148
Kart som viser Kautokeino kommune.
Kart som viser Kautokeino kommune.
Kart som viser Kautokeino kommune.
Wikimedia Commons: Kautokeino (municipality)
Nettstad: www.kautokeino.kommune.no

Kautokeino er den kommunen i Noreg med lågast folketettleik med 0,3 innbyggarar per kvadratkilometer (2005).

Symbol

endre

Kommunevåpenet er ein lavvo i gull på blå grunnfarge. Lavvoen symboliserer kommunen sine tradisjonar frå samisk kultur og eigenart. Fargen gull er eit symbol på rikdomment og mangfaldet til den samiske kulturen. Den blå botnen står for arktisk klima og natur.

Historie

endre

Kautokeino vart relativt seint ein del av Danmark-Noreg, så seint som på 1700-talet var kyrkja i Kautokeino ei svensk kyrkje.

Kautokeino er kjend for å vere heimstaden til Kautokeinoopprøret i 1852, eit opprør mot norsk framferd i Sameland. Opprøret var inspirert av Lars Levi Læstadius.

Alta-Kautokeino-vassdraget vart planlagt regulert, var det planar om å setje heile Masi under vatn.

Folketalsutvikling

endre

Folketalsutvikling for Kautokeino kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
873 1123 1372 1559 1946 2578 2859 2963 3076 2949

Tettstad i kommunen

endre
  • Kautokeino - 1 459 innbyggjarar per 1. januar 2023

Geografi og næringsliv

endre

Folk frå Kautokeino

endre

Sjå au

endre

Fotnotar

endre
  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengde i Kautokeino 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. http://www.juhls.no/

Bakgrunnsstoff

endre