Halelause padder

amfibieorden
(Omdirigert frå Halelause amfibium)
Halelause padder
Utbreiing
Utbreiinga av halelause padder
Utbreiinga av halelause padder
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Amfibium Amphibia
Underklasse: Lissamphibia
Overorden: Salientia
Orden: Halelause padder Anura
Fischer, 1813

Halelause padder (Anura, 'utan hale') er ein biologisk orden av amfibium som omfattar rundt 5000 artar froskar og padder. Ordenen er også kjend som halelause amfibium eller springpadder, og hadde tidlegare det vitskaplege namnet Salientia ('hoppande').

Inndelinga i froskar og padder er tradisjonell, og har ikkje noko med slektskap å gjera. Som regel vil amfibium ein kallar padder vera tilpassa eit tørrare miljø enn det våtare miljøet til dei ein kallar froskar. Dei har fått liknande utsjånad på grunn av konvergerande evolusjon. Typiske padder har ein kortare, tjukkare kropp og kortare føter enn froskar, gjerne også tjukkare og meir vortete hud enn dei glattare, fuktigare froskane.

Frosk på vassliljeblad.

Skildring endre

 
Amerikansk padde (Anaxyrus terrestris)

Halelause padder er kjenneteikna av ein kort kropp utan hale. Dei har eit høvesvis stort og breitt hovud med brei munn og utståande auge. Paddene har lange, kraftige bakføter og symjehud mellom fem tær. Framføtene er derimot korte og har fire tær. Dei har ti ryggvirvlar, der den siste, kalla urostyl, er forlenga og omforma. Dei har få eller ingen ribbein.

Huda er tynn og slimete, ofte med mange kjertlar. Tunga til dyra er kleimen og gjerne festa framme i munnen.

Dei ulike artane finst i svært ulike utformingar, tilpassa svært ulike levesett. Dei minste artane blir nokre centimeter lange, medan goliatfrosken kan bli opptil 32 cm. Ein utdøydd froskeart, Beelzebufo ampinga, kunne bli over 40 centimeter lang.

Utbreiing endre

Ein finn halelause padder frå rundt ekvator til nær polane, men dei lever ikkje i arktisk klima. Flest artar finn ein i tropisk regnskog. Men talet på halelause padder minkar dramatisk, og det ser ut til at mange av dei kan døy ut.

 
Utviklinga av ein frosk.

Levesett endre

Som andre amfibium lever dei fleste halelause paddene store delar av livet i ferskvatn. Dei går gjennom fire livsstadium: Egg, rumpetroll, metamorfose og vaksen. Befruktning utanfor kroppen til mora er vanleg, og egga blir som regel lagde i roleg vatn, som pyttar, dammar og sjøar. Larvane, kjend somrumpetroll, utviklar seg i vatn. Dei har først ytre og seinare indre gjeller, og har ikkje bein, men ein kraftig hale til å symja med. Denne forsvinn etter at dei har utvikla bakbein, frambein og lunger.

Vaksne dyr er kjøtetarar og lever hovudsakleg av leddyr (som insekt), leddormar og sniglar. Dei kan bruka dei kraftige bakbeina til å hoppa med, medan den klistrete tunga kan slyngast ut for å fanga insekt.

Paddene kan uttrykka seg gjennom ulike lydsignal. Særleg hannane bruker kvekking til å markera territorium og lokka til seg hoer. Hjå mange artar har hannen, men ikkje hoa, kvekkeposar på halsen til å forsterka lyden.

Utvikling endre

 
Fossil av den primitive frosken Palaeobatrachus grandipes stilt ut i Praha.

Madagaskar er det gjort funn av fossile, froskeliknande amfibium som er minst 220 millionar år gamle, frå tidsepoken trias. Men dei første heilt sikre fossila av halelause padder er rundt 150 millionar år gamla. Dessa er kjende som Archaeobatrachia, som tyder 'gamle froskar'. For rundt 50 millionar år sidan levde Neobatrachia, eller 'nye froskar'. Truleg var desse opphavet til dagens halelause froskar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Halelause padder