Hannah Arendt (14. oktober 19064. desember 1975) var ein tyskfødd amerikansk statsvitar, ofte beskrive som politisk filosof. Ho brukte likevel ikkje nemninga filosof om seg sjølv. Dei best kjende verka til Arendt handlar om å forstå opphavet til totalitarisme; i The Origins of Totalitarianism prøver ho å visa dei felles røtene til nazismen og kommunismen.

Hannah Arendt

FøddJohanna Arendt
14. oktober 1906
Lindener Marktplatz 2, Hannover
Død4. desember 1975
Upper West Side
NasjonalitetTyskland, USA, ingen verdi
Områdepolitisk filosofi, samtidsfilosofi
Yrkefilosof, historikar, skribent, statsvitar, essayist, universitetslærar, sosiolog, politisk teoretiker, forfattar
InstitusjonarPrinceton University
Northwestern University
Wesleyan University
University of California, Berkeley
University of Chicago
Yale University
Columbia University
The New Yorker
Brooklyn College
Alma materUniversitetet i Heidelberg
Albert-Ludwigs-Universität
Philipps-Universität Marburg
EktefelleGünther Anders, Heinrich Blücher
MedlemAmerican Academy of Arts and Letters
Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung
American Academy of Arts and Sciences

Arendt hadde sjølv jødisk bakgrunn og mange av arbeida hennar berører jødiske spørsmål. Arendt inntok mange synspunkt som gjorde henne omstridd i jødiske miljø. Ho var ein tidleg kritikar av Israel og sionismen som ideologi. I den omstridde boka si Eichmann i Jerusalem gav ho jødiske leiarar ein del av skulda for omfanget av jødeforfølgingane, og presenterte teorien sin om vondskapens banalitet.

Liv endre

Familie og utdanning endre

 
Hannah (8 år gammal) saman med mora.

Hannah Arendt vart fødd som Johanna Arendt 14. oktober 1906 i Hannover i Tyskland.[1] Ho tilhøyrde ein velståande sekulær familie av jødisk opphav i Linden i Hannover, og voks opp i den austprøyssiske hovudstaden Königsberg og i Berlin. Faren døydde tidleg. Heime i Königsberg hadde familien kontakt med mange slags jødiske miljø, mellom anna sionistar, tyske borgarar av jødisk tru, jødar som hadde flykta vestover, det fleire hundre år gamle jødiske miljøet i Königsberg og jødar som hadde forlate religionen. Familien var tydeleg jødisk, men ikkje særleg religiøs. Politisk sett sympatiserte familien med sosialdemokratane.[2]

Arendt tok artium i 1924, og studerte teologi og deretter filosofi og gresk i Berlin, Marburg, Freiburg og Heidelberg.[2] Ho studerte filosofi med Martin Heidegger ved Philipps-Universität Marburg. Frå ho var 19 år hadde ho eit kjærleikstilhøve til Heidegger, som då var midt i 30-åra. Etter å ha avbrote tilhøvet, drog ho til Heidelberg for å skriva ei doktorgradsavhandling over kjærleik i [[Augustin av Hippo|Augustins] si tenking, under rettleiing frå eksistensialist-filosofen Karl Jaspers.[2]

Arendt var påverka av Heidegger sin eksistensialisme, men tok seinare sterk avstand frå den politiske tenkinga hans.[2]

Avhandlinga vart publisert i 1929 under tittelen Der Liebesbegriff bei Augustin. Versuch einer philosophischen Interpretation, men Arendt fekk ikkje habilitera seg (få professorkompetanse) i 1933 fordi ho var jøde, og forlét difor heimlandet og slo seg ned i Paris.[3][4][5][6]

Under naziregimet endre

I 1964 fortalde ho at ho vart politisk engasjert 27. februar 1933 etter riksdagsbrannen og dei følgjande «vernearrestasjonane». Ho byrja å samla informasjon om politikken til nazistane overfor jødane i landet til bruk for informasjonsarbeid i utlandet. Arendt vart i 1933 arrestert medan ho arbeidde med dette i statsbiblioteket og slapp ut etter åtte dagar av ein vennleg politimann som ikkje visste heilt kva han skulle gjera. Ho planla straks å forlata Tyskland utan reisedokument. Ho og mora sneik seg over grensa til Tsjekkoslovakia og reiste via Geneve til Paris.[2]

 
Statsbiblioteket på Unter den Linden der Arendt vart arrestert i 1933 (foto frå 1939).

I Paris måtte ho stadig skjula seg for politiet fordi ho ikkje hadde og ikkje fekk identitetsdokument. Erfaringa som papirlaus og seinare statslaus flyktning var viktig grunnlag for drøftinga hennar av forholdet mellom statsborgarskap og menneskerettar. I Frankrike arbeidde ho for å hjelpa tysk-jødiske flyktningar og støtta arbeidet med emigrasjon av jødiske barn til Palestina. Arendt mista det tyske statsborgarskapet sitt i 1937, og var deretter statslaus. I 1940 gifta ho seg med den tyske kommunistiske men antistalinistiske forfattaren og filosofen Heinrich Blücher. I mai 1940, etter den tyske invasjonen av Frankrike, vart ho skilt frå ektemannen og internert i Gurs-leiren i Pyreneene (i nærleiken av Pau) saman med 6 000 andre statslause tyskarar. Få veker seinare braut den franske motstanden saman og ein venta at interneringsleiren snart ville bli overteke av fremrykkende tyske styrkar og 2 000 av 7 000 kvinner i leiren flykta. Ho flykta frå interneringsleiren og tok seg til fots til Montauban (under Vichy-regimets kontroll) der ho tilfeldigvis møtte Blücher. Blücher hadde på eiga hand teke seg dit etter interneringsleiren hans vart evakuert. I Marseilles møtte de Walter Benjamin og Arendt fekk ein kopi av Benjamins historisk-filosofisk verk ferdigstilt våren 1940. Benjamin tok sitt eige liv og Arendt gav seinare ut verket. Arendt kom på Varian Frys liste over jødar som måtte reddast ut av Vichy-Frankrike og dei kom seg på den måten med skip frå Lisboa i 1941 etter å ha venta i Lisboa i tre månader. Dei kom i 1941 til USA saman med Blücher og Arendts mor.[7][8][9][3] Ho vart deretter aktiv i det tyske jødiske samfunnet i New York og skreiv for tidsskriftet Aufbau. Ved sida av morsmålet tysk var det fransk som var Arendts primære framandspråk, og med haltande engelskkunnskapar måtte ho byggja opp tilværet sitt på nytt.

 
Arendt i 1933, det året ho flykta til Frankrike.

Dei omkring 4 000 internerte jødar som ikkje slapp unna Gurs-leiren i Frankrike vart seinare (1942–1943) utlevert av Vichy-regimet til den tyske okkupanten som deporterte dem til Auschwitz. Det var Theodor Dannecker, Eichmanns medarbeider, som organiserte transporten frå Gurs. Etter krigen fekk Arendt kjennskap til at ho sjølv kunne ha hamna i denne transporten.[2][10][11] Røynslene som flyktning gjorde ho medviten på kor viktige tilfeldigheter, uforutsigbarhet og samantreff er i livet.[2][12][13]

Karriere i USA endre

Etter krigen tok ho opp att kontakten med Heidegger og Karl Jaspers, som ho utvikla ein djup intellektuell venskap med. Ho vart amerikansk statsborgar i 1950.[5] I 1953 vart ho professor ved Brooklyn College i New York.[1] Ho underviste ved ei rekkje universitet, og i 1959 vart ho den første kvinna som vart utnemnd til full professor ved Princeton-universitetet.[14]

Arbeid endre

Arendts arbeidar omhandlar emne som makt, politikk, autoritet og totalitarisme. Ho vart særleg etter krigen oppteke av politisk handling og direkte deltaking i politikken. Arendt beundra Rosa Luxemburg og var kritisk til Lenins revolusjonsteori. Ho var oppteken potensialet til byråkratiet for uforutsigbarhet og umenneskelighet snarare enn rasjonalitet og føreseielegheit som Max Weber var oppteken av. Dette hang òg same med analysane hennar av Eichmann og rolla hans i nazisystemet.

Arendt om jødedom, Israel og sionisme endre

På 1940-talet, samtidig som staten Israel vart skipa, skreiv Arendt ei rekkje tekstar om jødiske spørsmål, sionismen og skipinga av Israel. Ho åtvara i kraftige ordelag mot den nye jødiske nasjonalismen, og ironiserte over Theodor Herzls bok Der Judenstaat og ideen om at ein jødisk stat i Palestina skulle vera eit svar på antisemittisme. Ho frykta òg at ein jødisk stat ville bli avhengig av andre statar, og skreiv at morgondags antisemittisme ville hevda at jødane profitterte på og iscenesette nærværet av framande makter i Midtausten. Desse synspunkta utvikla ho vidare i seinare arbeid som gjorde henne omstridd særleg i Israel.[15]

Arendt om ondskap endre

Hannah Arendt er kjend som ein kompromisslaus filosof, skribent og debattant. Oppgjeret hennar med alt som er totalitært og utforskinga hennar på vondskapen til menneske er framleis aktuelt. Noko av det farlegaste, meinte ho, var når menneske i iveren sin etter å vera til nytte, handlar med automatikk. Tenkinga hennar er ei hyllest til refleksjonen og den sunne fornufta som set mennesket i stand til å tre eit skritt tilbake frå vrimmelen i verda og sjølv velja kva det vil.

Rettssaka mot Eichmann endre

 
Domsavsigelsen under saka mot nazisten Adolf Eichmann i Israel 1961

Den tidlegare SS-mannen Adolf Eichmann vart i 1961 stilt for retten i Jerusalem særleg for å ha bidrege til holocaust. Arendt rapporterte frå rettssaka for The New Yorker,[16] og desse reportasjane vart seinare utgjeve i boka Eichmann i Jerusalem. Arendt formulerte på grunnlag av sina observasjonar den berømte tesen om «vondskapens banalitet» (engelsk banality of evil). Eichmann hadde ikkje sjølv drepe nokon eller beordra nokon drepen, han var ingen sadist og framstod som grå og alminneleg. For Arendt var han skremmande normal og ho vart slått av kor grunn, likesæl og lite reflektert han var. For Arendt var Eichmann sin vondskap banal fordi han var tankelaus. For å forstå Eichmann enda Arendt på viktige punkt opp med å akseptera hans eiga framstilling og tok tilsynelatande hans parti. Arendt si tilnærming fekk Eichmann til å framstå i litt betre enn lys enn aktoratet gjorde. Arendt meinte han var skuldig, og unnskulda ikkje medverknaden hans til folkemord. I Arendts perspektiv var ikkje antisemittisme ei fullgod forklaring på handlingane til Eichmann. [17]

Arendt påpekte at Eichmann og mange andre ansvarlege og gjerningsmenn under holocaust var påfallande eller urovekkande normale. Ho skildra Eichmann som språkleg lite avansert, han snakka i klisjear og med lite variasjon.[18][19] Arendt skreiv at Eichmann ikkje berre var heilt normal og alminneleg, men òg hadde eit framifrå tilhøve til vener og familie. Arendt og andre observatørar antok at Eichmann var prega av personlegdomstrekka omgjengeleg (engelsk agreeable) og planmessig/samvitsfull (engelsk conscientiousness).[20]

Totalitærstatens opphav endre

 
Fasaden på Casa del Fascio (det tidlegare kontorbygget til fascistpartiet) i Bolzano fekk i 2017 eit sitat av Arendt på fasaden (på tysk, italiensk og ladino): Kein Mensch hat das recht zu gehorchen («ingen har rett til å lyda»).[21]

Hannah Arendt er òg kjend for boka The Origins of Totalitarianism (tysk utgåve Elemente und Ursprünge totalitärer Herrschaft), der ho prøver å søkja røtene til kommunisme og fascisme, og sambandet deira til antisemittisme. Det var mannen hennar som hadde introdusert henne for marxistisk tenking og politisk teori, men omgangen hennar med marxismen vart eit nådelaust oppgjer med ein ideologi ho såg på som totalitær og som ho sidestilte med fascismen i boka.

Origins vart gjeven ut i 1951 og gjorde Arendt internasjonalt kjend. Deretter gav ho ut fleire bøker om blant anna vald, sivil ulydnad, autoritet og revolusjon. Arendt blei gjennom dette ein intellektuell i offentlegheita.[2]

Om revolusjon endre

I boka On Revolution samanliknar ho den franske revolusjonen og den amerikanske revolusjonen. Arendt hevda den amerikanske revolusjonen var ein vellykka revolusjon, medan den franske revolusjonen var ein mislykka revolusjon. Ifølgje Arendt utvikla Frankrike seg bort frå lovmessig stabilitet og konstitusjonelt styre.

 
Hannah-Arendt-Strasse i Berlin

Ettermæle endre

 
Gravminne ved Bard College cemetery, New York.

Arendt døydde den 4. desember 1975 i New York og vart gravlagd ved Bard College i New York, der mannen hennar hadde undervist i mange år.[1]

  • Asteroiden 100027 Hannaharendt er oppkalla etter henne.
  • Hannah Arendt Express er ei jarnbanelinje mellom Karlsruhe og Hannover.
  • Hannah Arendts minnefrimerke.[22]

Bernt Hagtvet skreiv i innleiinga til 2000-utgåva av Eichmann i Jerusalem at ho var ein interessant tenkjar og at ho var ute av stand til å skriva ein slapp setning.[2]

Ho vert rekna av Arbeitsgemeinschaft Orte der Demokratiegeschichte å vera blant dei 100 viktigaste personar som i løpet av dei siste 200 år, har bidrege til danninga av demokratiet i Tyskland.[23]

Litteratur endre

Innføringsverk
På norsk
  • Vold i vår tid. [Oslo]: Cappelen. 1971.  originaltittel: On violence utgitt i serien Cappelens upopulære skrifter
  • Vita activa: det virksomme liv. Oslo: Pax. 1996. ISBN 8253017502
  • Eichmann i Jerusalem: en rapport om ondskapens banalitet. [Oslo]: Bokklubben dagens bøker. 2000. ISBN 8252537367.  i serien Bokklubbens Kulturbibliotek
  • Makt og vald : tre essay Cappelens upopulære skriftar, 2017
  • Arendt, Hannah og Bent Hagtvet (2000). Eichmann i Jerusalem: en rapport om ondskapens banalitet. Oslo: Bokklubben dagens bøker. ISBN 8252537367.  Hagtvets introduksjon til 2000-utgaven.
På tysk
  • Denken ohne Geländer. Texte und Briefe. Pip München, Zürich 2006 ISBN 3-492-24823-3 (sammenstilling og korte tekstutdrag om filosofi, politisk tenkning, politisk handling, livssituasjon, livshistorier)
  • Ich will verstehen. Selbstauskünfte zu Leben und WerkHg. Ursula Ludz. Pip, München 1996, Neuauflage 2005 ISBN 978-3-492-24591-3 (blant anna brev til Scholem 1963, fjernsynssamtale med Thilo Koch 1964, Günter Gaus 1964, Roger Errera 1973, diskusjon med vener i Toronto 1973)
  • Hannah Arendt og Karl Jaspers: Briefwechsel 1926–1969. Pip, München, 2001, ISBN 3-492-21757-5
Bøkar, forelesninger og større verkar
  • Der Liebesbegriff bei Augustin. Versuch einar philosophischen Interpretation. Berlin 1929, Neuausgabe Philo Verlagsges., Berlin und Wien 2003 ISBN 3-86572-343-8
  • The Origins of Totalitarianism. New York 1951, dt. Elemente und Ursprünge totalar Herrschaft, Frankfurt a. M., 1955); 10. Aufl. Pip, München 2003 ISBN 3-492-21032-5
  • Rahel Varnhagen: The Life of a Jewess. London 1958, dt. Rahel Varnhagen. Lebensgeschichte einar deutschen Jüdin aus der Romantik. Pip, München 1959; Neuauflagen: 1981-1998 ISBN 3-492-20230-6)
  • The Human Condition, University Press, Chicago 1958, dt. Vita activa oder vom tätigen Leben, Kohlhammer, Stuttgart 1960; Pip, München 1967, 3. Aufl. 2002 ISBN 3-492-23623-5
  • Eichmann in Jerusalem: A Report on the Banality of Evil New York 1963, dt. Eichmann in Jerusalem. Ein Bericht von der Banalität des Bösen Pip, München 1964; 14. Auflage 1986 ISBN 3-492-20308-6
  • On Revolution. New York 1963, dt. Über die Revolution Pip, München 1963, 4. Aufl. 2000 ISBN 3-492-21746-X
  • Some Questions of Moral Philosophy 1965, dt. Einige Fragen der Ethik. Vorlesung in vier Teilen i: Über das Böse. Eine Vorlesung zu Fragen der Ethik, Pip, München, 2006 ISBN 3-492-04694-0, (engelsk Responsibility and Judgment) Einleitung, posthum erstmals veröffentlicht
  • On Violence, New York, London 1970, dt. Macht und Gewalt, Pip, München 1970; 15. Aufl. 2003 ISBN 3-492-20001-X
  • Lectures on Kant's Political Philosophy, Chicago 1982, dt. Das Urteilen. Texte zu Kant sin politischer Philosophie. Pip, München 1985 ISBN 3-492-22560-8, Vorlesung 1970, først offentleggjord posthum.
  • The Live of the Mind, New York 1978, dt. Vom Leben des Geistes. Bd. 1 Das Denken; Bd. 2 Das Wollen Pip, München 1979 ISBN 3-492-22555-1, Vorlesungen 1973 og 1974, først offentleggjord posthum.
  • Denktagebuch 1950–1973. Hg. Ursula Ludz u. Ingeborg Nordmann i samarbeid med Hannah-Arendt-Institut, Dresden. 2 Bände, Pip, München & Zürich 2002 ISBN 3-492-04429-8, først offentleggjord posthum.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Hannah Arendt - Allkunne» (på norsk). Henta 26. mai 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Hagtvet 2000.
  3. 3,0 3,1 «Arendt: Holocaust survivor, profound thinker; Hannah Arendt: For Love of the World, by Elisabeth Young-Bruehl. New Haven: Yale University Press. 563 pp. $25.». Christian Science Monitor. 2. juni 1982. ISSN 0882-7729. 
  4. «Arendt, Hannah» (på engelsk). Henta 2. april 2021. 
  5. 5,0 5,1 «The Trial of Hannah Arendt» (på engelsk). Henta 2. april 2021. 
  6. «Varian Fry» (på engelsk). Henta 2. april 2021. 
  7. «Varian Fry», encyclopedia.ushmm.org (på engelsk), henta 11. november 2021 
  8. «The Trial of Hannah Arendt», The National Endowment for the Humanities (på engelsk), henta 11. november 2021 
  9. «Arendt, Hannah», UNHCR Central Europe (på engelsk), henta 11. november 2021 
  10. Selg, P. (2013). From Gurs to Auschwitz. Steiner Books.
  11. Megargee, G. P., & White, J. (Eds.). (2018). The United States Holocaust Memorial Museum Encyclopedia of Camps and Ghettos, 1933–1945, Volume III: Camps and Ghettos under European Regimes Aligned with Nazi Germany. Indiana University Press.
  12. Selg, P. (2013). From Gurs to Auschwitz. Steiner Books.
  13. Megargee, G. P., & White, J. (Eds.). (2018). The United States Holocaust Memorial Museum Encyclopedia of Camps and Ghettos, 1933–1945, Volume III: Camps and Ghettos under European Regimes Aligned with Nazi Germany. Indiana University Press.
  14. Lozowick, Y. (2005). Hitler's bureaucrats: The Nazi security police and the banality of evil. Bloomsbury/A&C Black.
  15. Gabriel Piterberg, "Zion's Rebel Daughter", New Left Review, 48, 2007
  16. Arendt, Hannah (8. februar 1963). «Eichmann in Jerusalem» (på engelsk). Henta 18. april 2021. 
  17. Whitfield, Stephen J. (1981). «Hannah Arendt and the Banality of Evil». The History Teacher 14: 469–477. ISSN 0018-2745. doi:10.2307/493684. Henta 3. april 2021. 
  18. Norberg, J. (2010). The political theory of the cliché: Hannah Arendt reading Adolf Eichmann. Cultural Critique, 76, 74–97. https://www.jstor.org/stable/40925346
  19. Overy, R. (2014). “Ordinary men,” extraordinary circumstances: Historians, social psychology, and the Holocaust Arkivert 2020-02-26 ved Wayback Machine.. Journal of Social Issues, 70(3), 515-530.
  20. Bègue, Laurent; Beauvois, Jean-Léon; Courbet, Didier; Oberlé, Dominique; Lepage, Johan; Duke, Aaron A. (2015). «Personality Predicts Obedience in a Milgram Paradigm». Journal of Personality (på engelsk) 83: 299–306. ISSN 1467-6494. doi:10.1111/jopy.12104. Henta 1. april 2021. 
  21. Maulsby, L. (2019). Material Legacies: Italian modernism and the postwar history of case del fascio. Modern Italy, 24(2), 159–177. doi:10.1017/mit.2019.10
  22. All aboard the Arendt express, Haaretz, 4. mai 2007
  23. «100 Köpfe der Demokratie». Henta 23. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hannah Arendt