Herøy kommune i Nordland

kommune i Nordland fylke i Noreg
(Omdirigert frå Herøy i Helgeland)

Herøy kommune er ein kommune på Helgeland i Nordland fylke. Dei største øyane i kommunen er Nord-Herøy, Sør-Herøy, Tenna, Indre og Ytre Øksningan, Staulen og Seløya. Kommunen ligg mot havet i alle retningar og har ingen landegrenser, men ligg i nordaust mot Dønna, i søraust mot Alstahaug og i sørvest mot Vega. Kommunen har ferjesamband til Sandnessjøen og bru til Dønna.

Herøy kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Nordland
Adm.senter Silvalen
Areal 65 km²
 •  land 64 km²
 •  vatn km²
Folketal 1 842  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Elbjørg Larsen (Ap)
Kommunenr. 1818
Kart
Herøy kommune
65°59′03″N 12°17′21″E / 65.98427°N 12.28916°E / 65.98427; 12.28916
Wikimedia Commons: Herøy, Nordland
Nettstad: www.heroy-no.kommune.no

Ein person frå Herøy vert kalla ein herøyfjerding.

Næringsliv

endre

Hovudnæringa i kommunen er fiskeoppdrett og foredlingsverksemd tknytt til denne. Andre viktige næringar er landbruk, fiske, transport, verkstadindustri og tjenesteytande næringar som reiseliv, handel og samferdsel.

Herøy i gammal tid

endre

Herøy kyrkje vart bygd i stein på slutten av 1100-talet. Mot slutten av mellomalderen var Helgeland futedømme delt i to sokn eller halvfylke; Herøy i sør og Rødøy i nord. Grensa mellom halvfylka kan ha gått over Dønna og austover slik at Dønnes og Nesna høyrde til Rødøy og Dønnmannen og Leirfjorden høyrde til Herøy halvfylke.

På 1800-talet omfatta Herøy kommune også sørdelen av Dønna, slik at Nordvik sokn høyrde til Herøy.

Kjende herøyfjerdinger

endre
  • Petter Dass (~1646-1707), prest og diktar. Nøyaktig fødestad usikkert, han kan elles vere fødd på Tjøtta eller i Åkvik på Dønna.
  • Hans Inge Fagervik (1952- ), musikar
  • Alf Knutsen , skaparen av fjernsynsserien om redningsskøyta "Elias"

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.