Horslips er eit irsk keltisk rockeband som skreiv og framførte songar inspirerte av tradisjonell irsk folkemusikk. Gruppa vert rekna som «grunnleggjarane av keltisk rock»[1] og kom til å inspirere mange lokale og internasjonale artistar.[2] Dei vart skipa i 1970 og gav seg i 1980. Namnet kom frå ein bakvendtsnakk av Dei fire riddarane i apokalypsen, på engelsk «The Four Horsemen of the Apocalypse», som vart «The Four Poxmen of The Horslypse».[3][4]

Horslips

Horslips spelar på Black Sheep Festival i Bonfeld i Tyskland i 2014
OpphavDublin i Irland
Aktiv1970–1980
Av og til sidan 2004
SjangerKeltisk rock, progressiv rock
PlateselskapAtco Records
MedlemmerEamon Carr
Barry Devlin
John Fean
Jim Lockhart
Charles O'Connor
Ray Fean

Sjølv om Horslips ikkje hadde så stor kommersiell suksess då dei var aktive i 1970-åra, vart det fornya interesse i musikken deira i 1990-åra og dei kom til å bli rekna som eit av dei styrande banda innan sjangeren keltisk rock. Dei har sidan hatt mindre attsameiningar.

Bandmedlemmar endre

  • Jim Lockhart (fødd 3. februar 1948), frå James's St i Dublin, studerte økonomi og politikk evd University College Dublin.[5] Han var inspirert av Seán Ó Riada, og ønskte å byggje ein orkesterstil av irsk muskk. Han speler klaverinstrument, sekkepipe og fløyter. Han song på fleire songar, særleg på manx eller irsk.
  • Eamon Carr (fødd 12. november 1948), er frå Kells i County Meath. Han var ein av dei skipande medlemmane av poesi- og beat-gruppa Tara Telephone i Dublin seint i 1960-åra som òg gav ut journalen Capella. Han er trommeslagar i bandet.
  • Charles O'Connor (fødd 7. september 1948) er frå Middlesbrough i England og speler concertina, mandolin, fele og elektrisk gitar. Han song i lag med Barry Devlin og Johnny Fean.
  • Barry Devlin (fødd 27. november 1946), frå Ardboe i County Tyrone, ein gong i lære som Columbanus-prest. Han slutta med dette for å studere engelsk ved UCD og vart så med i eit teikneserieselskap som manusforfattar. Han er bassist i bandet, syng og er uoffisiell frontmann.
  • Johnny Fean (fødd 17. november 1951) voks opp i Limerick og Shannon i County Clare. Han speler gitar, banjo, mandolin og munnspel. I tenåra spelte han i gruppa Sweet Street med Joe O'Donnell på elektrisk fele og Eugene Wallace. Han spelte seinare i Jeremiah Henry. Han slutta der i 1970 for å spele tradisjonell musikk igjen i Limerick.[3]

Karriere endre

Opphavleg besetning endre

Barry Devlin, Eamon Carr og Charles O'Connor møtte kvarandre då dei arbeidde i reklamebyrået Ark i Dublin. Dei vart sett saman for å late som om dei var eit band i ein reklame for Harp Lager, men trengde ein klaverspelar. Devlin sa han kjende ein Jim Lockhart som kunne passe. Dei fire likte dette så godt at dei tenkte dei kunne starte opp eit band på skikkeleg. Dei fekk med seg gitaristen Declan Sinnott, ein kollega av Eamon Carr frå Tara Telephone og for ein kort periode, Gene Mulvaney, og skipa Horslips (opphavleg Horslypse) i 1970.[3][4]

Bandet vart profesjonelle musikarar på St Patrick's Day 1972 etter å ha kvitta seg med Mulvaney og gjeve ut singelen, «Johnny's Wedding», på det andre selskapet deira, Oats. Declan Sinnott slutta etter kort tid, hovudsakleg fordi han irriterte seg over at gruppa spelte i ein reklamefilm for appelsindrikken Mirinda påsken 1972, og vart erstatta for ein kort periode av Gus Guest og så Johnny Fean.[3]

Album endre

Horslips designa sine eigne plateomslag, skreiv platenotat og utforska segner som dei gjorde om til konseptalbum. Dei skipa sitt eige plateselskap, Oats, og lisensierte inspelingane sine via Atco, RCA og DJM for å få platene ut utanfor Irland. Dei heldt base i Irland, i motsetnad til tidlegare, kjende irske band.

I oktober 1972 drog Horslips til Longfield House i Tipperary og spelte inn debutalbumet sitt, Happy To Meet, Sorry To Part med Rolling Stones Mobile Studio.[6] Dei gav så ut ein ny singel, «Green Gravel». Debutalbumet bestod stort sett av tradisjonelle melodiar. Jim Lockhart spelte klaverinstrument og klarte gradvis å meistre andre instrument, som sekkepiper. Eamon Carr spelte trommer, inkludert irsk bodhrán. Happy To Meet, Sorry To Part var det raskast seljande albumet på åtte år i Irland. Omslaget var eit utførleg concertina-forma utbrettbart design.

Abbey Theatre i Dublin spurte bandet om dei ville skrive musikk for teaterutgåva av «The Táin», noko dei gjekk med på. «Táin Bó Cúailnge» (The Cattle-Raid of Cooley) er ei soge skriven på 900-talet på gammalirsk og mellomirsk. Ho fortel om ein gammal krig mellom Ulster og Connacht. The Táin kom ut i 1973 og hadde fleire originale songar ved sidan av tradisjonelle songar, og større vekt på rock. Same året gjekk ein singel frå albumet, «Dearg Doom», til topps i Tyskland.[7]

Dancehall Sweethearts kom ut i 1974 og blanda folk med rock.[8] Det fjerde albumet deira, The Unfortunate Cup of Tea, dreiv meir mot popmusikk og vart rekna som ein mindre suksess.[9] RCA kutta ut finansieringa til gruppa i 1975. Dei betalte derfor det neste albumet deira sjølv og gjekk attende til dei grunnleggjande prinsippa. Drive the Cold Winter Away (òg 1975) var det mest tradisjonelle albumet dei hadde gjeve ut til då.[10] Dei signerte ein avtale med DJM Records. The Book of Invasions: A Celtic Symphony (1976) var som The Táin ei tilpassing av irske segner til ei kompleks soge. Det vart det einaste albumet deira som gjekk inn på UK Albums Chart, der det nådde 39. plassen i 1977.[11]

Bandet prøvde seg òg i USA. Dei henta inn Jim Slye som manager. Han selde seinare forlagsrettane deira til William McBurney for 4 000 pund. I 1977 produserte dei Aliens, om livet til irane i Amerika på 1800-talet. Dette inneheld særs lite folkemusikk.[12] Dei turnerte i Storbritannia, Tyskland, Canada og USA. Konserten deira i Albert Hall i London vart av ein kritikar skildra som den mest høglytte konserten der sidan Hendrix. The Man Who Built America (1978), produsert av Steve Katz frå Blood, Sweat and Tears, omhandla igjen irane i Amerika og vart kommersielt det mest suksessrike albumet deira. Den tyngre stilen deira førte til at det selde noko i Amerika, men dei mista samstundes folkrock-fansen sin.[13] Short Stories, Tall Tales (1979) var det siste studioalbumet deira og vart slakta av både plateselskapet og kritikarane.

Medan The Troubles var på sitt verste, spelte Horslips konsertar både i Nord-Irland og Irland utan føredomar og vart akseptert overalt. Dei siste innspelingane deira var konsertopptak i Whitla Hall i Belfast i april og mai 1980. Eit par månader seinare, den 12. oktober 1980, heldt dei den siste konserten sin i Ulster Hall. Dei gjorde ingen offentlege kunngjeringar. Dei berre spelte eit ekstranummer — The Rolling Stones-songen «The Last Time» og det siste som skjedde var at Charles O'Connor kasta den øydelagde fela si ut i publikum. Dei vart så oppløyst.

Seinare tid endre

Sjølv før Horslips var over hadde Johnny Fean, Eamon Carr og to andre skipa Zen Alligators i 1980. Dei spelte streit rock og soul i Irland go gav ut fleire singlar. Ei anna gruppe som oppstod i kjølvatnet av Horslips var Host med Fean, O'Connor og Carr. Dei gav ut albumet Tryal i 1984 og to singlar.

Det siste albumet som Fean og Carr samarbeidde på i 1980-åra var The Last Bandits in the World (1986).

Barry Devlin gav ut soloalbumet Breaking Star Codes i 1983 med noko hjelp frå Jim Lockhart. Lockhart og Devlin samarbeidde òg mellom anna på kjenningsmelodien til den populære RTÉ-dramaserien Glenroe.

Charles O'Connor gav ut eit instrumentalt album, Angel on the Mantelpiece, i samarbeid med Paul Whittaker i 1997.[14]

I mars 2004 sette tre Horslips-fans, Jim Nelis, Stephen Ferris og Paul Callaghan, opp ei utstilling med Horslips-lekamar i The Orchard Gallery i Derry. Utstillinga vart opna av bandet, som spelte fem songar akustisk.[15] Etter den første offentlege framføringa i lag på 24 år, vendte Horslips attende i studio i Westmeath for å spele inn eit studioalbum, Roll Back, sommaren 2004. Det vart skildra som «Horslips Unplugged», og bessod av akustiske omarbeidingar av dei mest kjende songane deira.[16]

Siden 2009 har Horslips fleire gonger heldt konsertar i lag og fleire av desse er komen ut på konsertalbum. I 2019 er bandet framleis aktivt.

Diskografi endre

Original studioalbum endre

Samlealbum endre

  • Tracks from the Vaults (1977)
  • Treasury (2009)
  • Biography (2013)

Konsertalbum endre

Bøker endre

  • Tall Tales (2013)

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 26. april 2019, henta 25. mai 2019 
  2. «Horslips 的日志 – Last.fm». Cn.last.fm. Arkivert frå originalen 17. juli 2015. Henta 25. mai 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Horslips
  4. 4,0 4,1 YouTube - Horslips on The Late Late Show - Part 1
  5. [1]
  6. Happy to Meet... Sorry to Part
  7. The Táin
  8. Dancehall Sweethearts
  9. cup of tea web page
  10. Drive The Cold Winter Away Album Page
  11. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 259. ISBN 1-904994-10-5. 
  12. Aliens Web Page
  13. The Man Who Built America
  14. «Horslips». Horslips. Henta 25. mai 2019. 
  15. Exhibition Newscuttings
  16. Re-Group & Roll Back
  17. Chartstats
  18. 18,0 18,1 Billboard, Allmusic

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Horslips