I Can't Go On
«I Can't Go On» Song av Robin Bengtsson | ||
Land | Sverige | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 26. februar 2017 | |
Sjanger | Pop, elektropop | |
Lengd | 03:01 | |
Selskap | Capitol Records | |
Låtskrivar(ar) | David Kreuger, Hamed «K-One» Pirouzpanah, Robin Stjernberg |
---|
«I Can't Go On» (norsk omsetjing 'eg kan ikkje halde fram') er ein svensk poplåt som blir framført av artisten Robin Bengtsson. Songen vann Melodifestivalen 2017 og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2017.[1] Songen er skriven og produsert av David Kreuger, Hamed «K-One» Pirouzpanah og Robin Stjernberg.[2] Låten blei sloppen for digital nedlasting i Sverige 26. februar 2017 og nådde tredjeplassen på den svenske singellista.[3]
Bakgrunn
endre«I Can't Go On» var eit av bidraga i Melodifestivalen 2017 og var komponert av låtskrivarane David Kreuger, Hamed «K-One» Pirouzpanah og Robin Stjernberg.[4] Kreuger og Pirouzpanah hadde tidlegare vunne Melodifestivalen som låtskrivarar med songen «Undo» i 2015, medan Stjernberg vann Melodifestivalen i 2013 og representerte Sverige i Eurovision Song Contest på heimebane i Malmö. Til å framføre låten hadde låtskrivarane henta Robin Bengstsson, som deltok i Melodifestivalen året før med songen «Constellation Prize».
«I Can't Go On» deltok i den tredje delfinalen i Växjö 18. februar 2017, der han vann og kvalifiserte seg til finalen i Friends Arena i Stockholm laurdag 11. mars. Songen vann finalen og blei med det det svenske bidraget til Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv.
Eurovision Song Contest
endreI Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv i Ukraina, var «I Can't Go On» det fyrste bidraget på scena i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2017. Der enda songen på ein tredjeplass med 227 poeng og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. Til slutt enda songen på ein femteplass med 344 poeng.[2]
Listeplasseringar
endreListe (2017) | Høgaste plassering |
---|---|
Belgia, Flandern (Ultratip)[5] | 23 |
Finland (Nedlastning – Latauslista)[6] | 12 |
Frankrike (SNEP)[5] | 130 |
Island (RÚV)[7] | 2 |
Litauen (M-1 Top 40)[8] | 2 |
Nederland (Single Tip)[9] | 23 |
Polen (Polsk radiospeleliste)[10] | 19 |
Skottland (Official Charts)[11] | 66 |
Storbritannia (Official Charts – download)[12] | 62 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[5] | 83 |
Sverige (Sverigetopplistan)[13] | 3 |
Ungarn (Rádio Top 40)[14] | 40 |
Referansar
endre- ↑ «Robin Bengtsson vinnare i Melodifestivalen 2017». Aftonbladet (på svensk). Henta 10. mars 2018.
- ↑ 2,0 2,1 «Robin Bengtsson - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». eurovision.tv. Henta 10. mars 2018.
- ↑ Hung, Steffen. «swedishcharts.com - Robin Bengtsson - I Can't Go On». www.swedishcharts.com. Henta 10. mars 2018.
- ↑ «I Can't Go On | Robin Bengtsson». Qobuz (på fransk). Henta 10. mars 2018.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Hung, Steffen. «Robin Bengtsson - I Can't Go On - swisscharts.com». www.swisscharts.com. Henta 10. mars 2018.
- ↑ «Musiikkituottajat - Tilastot - Suomen virallinen lista - Artistit». www.ifpi.fi (på finsk). Henta 17. juni 2018.
- ↑ «I Can't Go On». RÚV (på engelsk). 4. mai 2017. Henta 10. mars 2018.
- ↑ «Litauisk radioliste». Arkivert frå originalen 23. mai 2017. Henta 23. mai 2017. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 27. september 2017. Henta 17. juni 2018.
- ↑ Hung, Steffen. «Dutch Charts - dutchcharts.nl». dutchcharts.nl. Henta 17. juni 2018.
- ↑ www.onyx.pl, Onyx Sp. z o.o., tel. +48 572 400 000,. «ZPAV :: Bestsellery i wyróżnienia - AirPlays - Top - Archiwum». bestsellery.zpav.pl. Henta 17. juni 2018.
- ↑ «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 17. juni 2018.
- ↑ «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 10. mars 2018.
- ↑ «Sverigetopplistan - Sveriges Officiella Topplista». www.sverigetopplistan.se (på svensk). Henta 19. mai 2017.
- ↑ lightmedia.hu. «Single (track) Top 40 lista - Hivatalos magyar slágerlisták». zene.slagerlistak.hu. Henta 17. juni 2018.
- Denne artikkelen bygger på «I Can't Go On» frå Wikipedia på bokmål, den 15. desember 2023.