I Can See for Miles

(Omdirigert frå I Can See For Miles)
I Can See for Miles
7-inch single av The Who
frå albumet The Who Sell Out
B-side
Språk engelsk
Utgjeve 18. september 1967 (USA)[2]
13. oktober 1967 (Storbritannia)[3]
Innspelt
  • Mai 1967, CBS Studios, London
  • 6–7. august 1967, Talentmasters Studios, New York City
  • 10. september 1967, Gold Star Studios, Los Angeles
Sjanger
Lengd 4:05
Selskap Track
Komponist Pete Townshend
Tekstforfattar Pete Townshend
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Kit Lambert
The Who-kronologi 
«The Last Time»/«Under My Thumb»
(1967)
I Can See for Miles «Dogs»
(1968)


«I Can See for Miles» er ein song skriven av Pete Townshend frå The Who, og spelt inn for albumet The Who Sell Out i 1967. Han var den einaste songen frå albumet som vart gjeven ut som singel, den 14. oktober 1967. Singelen er den største The Who har hatt i USA.

Songen vart spelt inn i fleire studio i Storbritannia og USA og er eit døme på dei stadig meir sofistikerte studioteknikkane rockeband starta å bruke mot slutten av 1960-åra. Instrumentspora vart spelt inn i London, medan vokalen og tilleggsspor vart spelt inn i New York i Talentmasters Studios, før albumet vart mastra i Los Angeles ved Gold Star Studios.

Songen nådde tiandeplassen i Storbritannia og niandeplassen i USA. Sjølv om dei fleste band burde vere nøgd med slike plasseringar vart Townshend skuffa. Han har sagt at dette var for han den ultimate The Who-plata, men selde ikkje så godt som han hadde trudd. Songen er plassert på 258. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Songen kan ha inspirert The Beatles til å skrive «Helter Skelter». Paul McCartney har fortalt at han skreiv «Helter Skelter» etter å ha lese ei melding av The Who Sell Out der kritikaren skriv at «I Can See for Miles» var den «tyngste» songen han hadde høyrt. McCartney, som då ikkje hadde høyrt «I Can See for Miles», skreiv «Helter Skelter» i eit forsøk på å lage ein enno «tyngre» song.

«I Can See for Miles» vart lite spelt på konsertar medan Keith Moon var i live. Den kompliserte vokalharmonien var vanskeleg å gjere på scenen. Songen vart spelt på The Smothers Brothers Comedy Hour, men vart mima. Han vart spelt meir på konsertar frå 1979 og frametter då Kenney Jones vart trommeslagar i bandet. Songen hadde då ein mykje meir streit rytme.

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. https://www.discogs.com/Who-I-Can-See-For-Miles-Mary-Anne-With-The-Shaky-Hands/release/3651878
  2. «The Who – I Can See For Miles». Henta 6. september 2017. 
  3. «The Who – I Can See For Miles». Henta 6. september 2017. 
  4. Casey Harison (6. november 2014). Feedback: The Who and Their Generation. Rowman & Littlefield Publishers. s. 109. ISBN 978-1-4422-4010-0. 
  5. Unterberger, Richie (7. mai 2012). «I Can See for Miles». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 25. mars 2015. Henta 21. september 2019.