Innsjø

(Omdirigert frå Innsjøar)

Ein innsjø er ei fordjuping i jordoverflata som inneheld vatn. Vanlegvis er fordjupinga fylt slik at det vert danna eit eller fleire utløp. Tilsiget til ein innsjø skjer via nedbør og tilsig frå terrenget ikring, og gjennom innløp frå elver eller bekkar. Utsig skjer ved fordamping, ved at vatnet sig ned i grunnen under innsjøen, og vanlegvis gjennom eit utløp i form av ei elv eller ein bekk.

Delar av Aksevatnet i Hyllestad kommune.

Mange innsjøar vert kalla vatn (eller vann), som Snåsavatnet i Sør-Trøndelag, Lesjaskogsvatnet i Oppland og Maridalsvannet i Oslo, eller fjord, som til dømes Randsfjorden og Tyrifjorden. Ein mindre innsjø vert ofte kalla tjern (også tjenn, tjønn og tjørn), som Blåtjønn og Kroktjenn (fleire stader i Noreg). Ein enda mindre innsjø vert gjerne kalla dam, som Litldammen (fleire stader i Noreg). Dei minste innsjøene vert ofte kalla pytt (også putt), som Svartputt (fleire stader i Noreg).

Det er likevel ikkje berre storleiken på innsjøen som er avgjerande for dei ulike nemningane som vert nytta i namna på dei. Jamvel eit lite tjern vil kunne ha namn av sjø, som til dømes Øvre Blanksjø (283 moh.) i Nordmarka i Oslo. Nedre Blanksjø (223 moh.) ikkje langt unna, vil nok dei fleste rekne som eit lite vatn, og det same gjeld Svartkulp (202 moh) rett aust for Sognsvann, som får tilsig av vatn frå Nedre Blanksjø gjennom ein bekk.

Ferskvatn og saltvatn

endre

Innsjøar inneheld normalt ferskvatn, men somme stader har innsjøar innløp frå havet slik at innsjøen inneheld saltvatn. Ein innsjø med saltvatn vert kalla ein saltsjø. Det finst også innsjøar utan innsig frå havet som likevel har eit botnlag av saltvatn. Dette reknar ein med er restar frå landhevinga etter siste istid. Eit døme på dette er Rørholtfjorden, ein del av Tokke.

Mjøsa er den største innsjøen i Noreg. på 368 km². Den djupaste er Hornindalsvatnet, som er 514 m djup.

Økologi

endre

Økologar delar innsjøar inn etter kva slags næringstilhøve dei har å tilby. Til vanleg reknar me med næringsrike eller eutrofe vatn og næringsfattige eller oligotrofe vatn. Mesotrofe vatn er ein mellomkategori.

Næringsfattige vatn

endre

Næringsfattige eller oligotrofe vatn inneheld lite næring, og er vanlege m.a. på granittrik berggrunn i fjellet. På grunn av manglande algevokster er det særs god sikt og ganske lite liv i vatna; noko som gjer at dei ved mange høve er særs godt egna som drikkevatn.

Trass i manglande vegetasjon er det likevel ofte mykje oksygen i dei næringsfattige vatna, særleg i botnsjiktet. Her kan det såleis førekoma ein del liv, m.a. fisk som aure.

Næringsrike vatn

endre

Næringsrike eller eutrofe vatn inneheld mykje næring, og har såleis mykje algevokster. Dette fører til uklar sikt og dårlegare drikkevasskvalitet enn dei næringsfattige vatna; men òg til eit større biologisk mangfald: Den rike bestanden av planteplankton fører til eit større grunnlag for dyreplankton, som igjen fører til eit mangfaldig utval plankton-etande liv. På grunn av alt det organiske materialet som samlar seg på botnen vert dei djupare sjikta av desse vatna derimot mindre oksygenrike enn dei er i næringsfattige vatn.

Den rike plantevegetasjonen rundt dei næringsrike vatna fører med tida ofte til attergroing; at sjøen vert omdanna til myrområde eller stundom tørt land.

Sjå òg

endre