Gammal innsjø (engelsk ancient lake) kan definerast som ein innsjø som har innehalde vatn i meir enn éin million år. Innsjøer er som regel meir kortvarige fenomen i geologisk forstand fordi dei raskt blir fylte igjen med sediment, eller fordi utløpselva deira grev seg ned til same nivå som botnen i innsjøen og tømmer han. I sjeldne tilfelle kan tektoniske krefter gjera at botnen synk inn like raskt som sedimenta legger seg, og då kan ein innsjø eksistera i mange millionar år.

Ohridsjøen er 2–5 millionar år gammel og har mange endemiske artar
Fembandsciklide (Neolamprologus tretocephalus) er ein endemisk ciklide i Tanganyikasjøen

Det finst berre 20 gamle sjøar som er over 1 million år gamle.[1] Bajkalsjøen blir ofte rekna som den eldste, ettersom det finst tydeleg prov på at han er 25–30 millionar år gammal.[2][3] Zajsan kan vera endå eldre, med opphav frå krittida og minst 65 millionar år gammal[4] (mest truleg rundt 70 millionar år[5]), men den nøyaktige alderne er omstridd og ganske usikker.[6] Ein annan mogleg eldste innsjø er Maracaibosjøen, som er estimert til å vera 20–36 millionar år gammal. I gammal tid var han utan tvil ein ekte innsjø, men i dagen er sjøen salthaldig og er direkte knytt til havet, slik at ein gjerne heller bil karaktisera han som ei bukt eller ein lagune.[7]

Gamle innsjøar er isolerte og stabile økosystem. Det kan derfor utvikla seg mange endemiske artar i slike innsjøar. Eit kjent døme er dei mange ciklideartane i Tanganyikasjøen og Malawisjøen.

Liste over gamle innsjøar

endre
Navn Land Alder
Aralsjøen Kasakhstan, Usbekistan 3–5 millionar år
Bajkalsjøen Russland 25–30 millionar år
Biwasjøen Japan minst 4 millionar år
Bosumtwi Ghana 1 million år
Eyresjøen Australia meir enn 20 millionar år
Issyk-Kul Kirgisistan 25 millionar år
Kaspihavet Aserbajdsjan, Iran, Kasakhstan, Russland, Turkmenistan 5,5 millionar år
Kati Thanda/Eyresjøen Australia 2,5-5 millionar år
Khövsgölsjøen Mongolia 2–20 millionar år
Lanaosjøen Filippinane 2–20 millionar år
Malawisjøen Malawi, Mosambik, Tanzania 3,6–5,5 millionar år
Maracaibosjøen Venezuela 20–36 millionar år
Ohridsjøen Albania, Republikken Makedonia 2–5 millionar år
Pingualuit-krateret Canada 1–2 millionar år
Prespasjøen Albania, Hellas, Republikken Makedonia 2–5 millionar år
Tahoesjøen USA 1–2 millionar år
Tanganyikasjøen Burundi, Kongo, Tanzania, Zambia 14–20 millionar år
Titicacasjøen Bolivia, Peru 2–3 millionar år
Tulesjøen USA 2–20 millionar år
Vostoksjøen Antarktis 1–2 millionar år
Zajsan Kasakhstan meir enn 65 millionar år

Kjelder

endre
  1. «Ancient lakes of the world». Christopher M. Free. Arkivert frå originalen (website) 9. februar 2020. Henta 20 January 2020. 
  2. «Lake Baikal – UNESCO World Heritage Centre». Henta 8. mars 2018. 
  3. «Lake Baikal: Protection of a unique ecosystem». ScienceDaily. 26. juli 2017. Henta 8. mars 2018. 
  4. Lucas; Bray; Emry; Hirsch (2012). «Dinosaur eggshell and Cretaceous-Paleogene Boundary in the Zaysan Basin, eastern Kazakhstan». Journal of Stratigraphy 36 (2): 1376–1382. doi:10.1016/j.proenv.2011.09.220. 
  5. Dorfman, B.F. (2011). «Zaysan-the Only Surviving Cretaceous Lake-May be Lost». Procedia Environmental Sciences 10 (B): 1376–1382. doi:10.1016/j.proenv.2011.09.220. 
  6. «The Oldest Lakes in the World». World Atlas. Henta 8 March 2018. 
  7. «Lake Maracaibo – Lakes of the World». World Atlas. Henta 8. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre