Irene Bauer
Irene Bauer (20. mars 1945–13. juni 2016) var ei norsk embetskvinne, kvinnesaksforkjempar og politikar for Arbeidarpartiet. Ho var leiar for Norsk Kvinnesaksforening frå 1988 til 1990, og var politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet og i regjeringsapparatet. Ho var seinare avdelingsdirektør i Klima- og miljødepartementet.
Irene Bauer | |||
Fødd | 20. mars 1945 | ||
---|---|---|---|
Død | 13. juni 2016 (71 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, statsvitar | ||
Barn | Thomas Giertsen og Caroline Giertsen Øigarden | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening | ||
Alle verv |
Karriere
endreBauer var opphavleg utdanna sekretær, og arbeidde for OECD i Paris, i Utanriksdepartementet, på Det kongelege slottet og ved Statsministerens kontor mellom 1965 og 1975. Ho vart cand.mag. med statsvitskap, offentleg rett, massekommunikasjon og petroleumsrett i fagkrinsen i 1977. Ho var tilsett hos Likestillingsombudet frå 1981 til 1983 og ved forhandlingskontoret i oljeavdelinga i Olje- og energidepartementet frå 1983 til 1988.
Frå 1987 til 1989 var Bauer politisk rådgjevar (då kalla gruppesekretær) for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet med fraksjonsansvar for energi- og industrikomiteen og forbrukar- og administrasjonskomiteen. I 1989 var ho politisk rådgjevar (då kalla personleg sekretær) for næringsminister Finn Kristensen og for olje- og energiminister Arne Øien.[1][2] Frå 1988 til 1990 var ho leiar for Norsk Kvinnesaksforening.[3][4][5]
Etter at Bauer forlet regjeringsapparatet var ho tilsett i Klima- og miljødepartementet som byråsjef (1989–1991),[6] underdirektør (1991–1997)[7] og avdelingsdirektør (1997–2015).[8] Ho arbeidde ved EFTA-sekretariatet i Brussel frå 1995 til 1997. I Klima- og miljødepartementet leia ho seksjonen for miljøsamarbeid med industriland, og i seinare år arbeidde ho med polarsaker og nordisk samarbeid.[9]
Familie
endreBauer var mor til komikaren Thomas Giertsen og Caroline Giertsen Øigarden.[10]
Kjelder
endre- ↑ Politisk rådgiver i Olje- og energidepartementet
- ↑ «Finn Kristensen får ny personlig sekretær», NTB, 2. august 1989
- ↑ Elisabeth Lønnå, Stolthet og kvinnekamp: Norsk Kvinnesaksforening fra 1913 (s. 336), Gyldendal Norsk Forlag, 1996, ISBN 82-05-24495-2
- ↑ Irene Bauer, NKF
- ↑ «Kvinnenes rett til selvbestemt abort må opprettholdes», NTB, 24. april 1988
- ↑ «Nytt fra statsråd», Aftenposten, 28. oktober 1989
- ↑ «Offisielt fra statsråd», NTB, 6. desember 1991
- ↑ «Nytt fra statsråd», Aftenposten, 15. februar 1997, s. 11
- ↑ «Nekrolog: Irene Bauer», Aftenposten, 29. juni 2016
- ↑ «Thomas Giertsen i sorg - mamma døde brått», Se og Hør, 17. juni 2016
- Denne artikkelen bygger på «Irene Bauer» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mars 2023.