Ishockey-VM 1978

Verdsmeisterskapen i ishockey 1978 vart arrangert i Praha i Tsjekkoslovakia i tida frå 26. april til 14. mai 1978. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei åtte deltakarlanda møttest til innbyrdes oppgjer i eit gruppespel. Deretter møttest dei fire beste laga på nytt i eitt innbyrdes sluttspel i kampen om VM-tittelen, medan dei fire laga med færrast poeng møttest til spel om plassane 5 til 8. Alle laga tok med seg poenga i gruppespelet til sluttspelet.

Sovjetunionen vart verdsmeister med minimal margin i høve til sølvmedaljør Tsjekkoslovakia. Begge laga tok 18 poeng og innbyrdes spelte dei 7-7, dermed vart gullstriden avgjort med Sovjtunionens 35 plussmål i meisterskapen, mot Tsjekkoslovakias 33. Canada vart nummer tre.

Tabell 1-4Endra

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1   Sovjetunionen 10 9 0 1 61 - 26 18
2   Tsjekkoslovakia 10 9 0 1 54 - 21 18
3   Canada 10 5 0 5 38 - 36 10
4   Sverige 10 4 0 6 39 - 37 8

Tabell 5-8Endra

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
5   Vest-Tyskland 10 3 3 4 35 - 43 9
6   USA 10 2 2 6 28 - 58 6
7   Finland 10 2 2 6 37 - 44 6
8   Aust-Tyskland 10 1 3 6 20 - 57 5

Sovjetunionens meisterlagEndra

Målvakter: Vladislav Tretjak, Aleksandr Pasjkov
Forsvarar: Valerij Vasiljev, Vladimir Lutsjenko, Vjatsjeslav Fetisov, Gennadij Tsygankov, Jurij Fjodorov, Vasilij Pervukhin, Zinetula Biljaletdinov
Løparar: Boris Mikhajlov, Valerij Kharlamov, Aleksandr Maltsev, Vladimir V. Petrov, Aleksandr Golkov, Vladimir Golkov, Jurij Lebedev, Viktor Zjlutkov, Sergej Kapustin, Helmuts Balderis, Sergej M. Makarov.

KjelderEndra