Jacob Bredesen
Jacob Jansen Bredesen (fødd 21. november 1998) er ein teknolog og tidlegare norsk politikar for partiet Venstre.
Jacob Bredesen | |||
| |||
Fødd | 21. november 1998 (26 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | Teknologi og reiselivskonsulent |
Liv og virke
endreBakgrunn
endreBredesen var fødd i Storbritannia, som son av dansepedagogen Candice Bredesen (f. 1976) og fotograf og målarkunstnaren Tommy Bredesen (f. 1975). Han er den eldste[1] av dei fem søskena.
Mora Candice levde stjernelivet i England, men valde i 2003 å flytte til Florø i lag med mannen Tommy, som sjølv var frå byen. Dei studerte kunst på same universitet.[2]
Mora fekk i 2005 den tverrkulturelle prisen av Flora kommune for sitt arbeid for dansemiljøet i byen. Seinare same året flytta familien til Nordfjordeid, i Stad kommune.
Faren Tommy var målarkunstnar, lærar og fotograf.[3] Han vart kåra til årets fotograf av foto.no i 2013 i tema «Mijø».[4] Han hadde utstillingar rundt om i Sogn og Fjordane.[5][6] Blant anna utstilling med Flora Kunstlag med kjende motiv som Pushwagner og Iggy Pop. [7]
Mora var travel då familien budde i Florø, og lærte seg lite norsk. Når ho var på butikken var det Jacob som omsette frå norsk til engelsk for ho.[1] Dette fekk tying i 2006, då Bredesen var sju år gammal. Då berga han livet til den 3 månader gamle systera hans då ho vart blå i ansiktet og strevde med å puste.[8][9] Sidan mora kunne dårleg norsk, og i kaoset ringde det britiske naudnummeret 999 i staden for det norske 113, tok Jacob over og ringte og forklarte.[9]
Då Bredesen var konfirmant reiste han til Malawi ilag med Kirkens Nødhjelp, og lærte om bistandsarbeid i området.[10] Han var seinare engasjert i ungdomsorganisasjonen Changemaker. Etterkvart flytta engasjementet seg over i politikk der han var med i ungdomsrådet[11] og partiet Venstre.[12]
Bredesen gjekk studieførebuande ved Eid vidaregåande skule. Han studerte vidare International Baccalaureate på Red Cross Nordic United World College i Fjaler kommune, ein privat internasjonal skule med 200 elevar frå over 90 ulike land.[13]
Politisk arbeid
endreBredesen var fylkesleiar for Sogn og Fjordane Unge Venstre, og dermed også medlem av fylkesstyret i Sogn og Fjordane Venstre og landstyret til Unge Venstre.[14]
Han var også tilsett som valkampsekretær under valkampen i 2015.[15]
Bredesen vart historisk som den fyrste 16-åringen i Eid kommune til å stemme ved kommunevalet i 2015.[16] Han kunne ikkje røyste ved fylkestingvalet då dette var ei prøveordning for røysterett for 16 og 17 åringar.[17]
Bredesen har blant anna uttalt at han støttar ein meir liberal ruspolitikk,[18] støtta fritt skuleval i Vestland[19] og at skuledagen burde starte seinare.[20] Då han budde i Fjaler som elev ved UWC tok han også initiativ til å få på plass ei dataspel-linje ved Dale vidaregåande skule.[21]
I 2016 var han motstandar av salmesong i fylkestinget og meiner at religion og politikk ikkje skal blandast.[22] Han vart seinare styreleiar for Human-Etisk Forbund i Nordfjord.[23]
I 2023 var han kandidat for Stad Venstre i kommunevalet.[24]
Yrkeskarriere
endreBredesen drog til England for å studere speldesign, men slutta etter eit halvt år for å utvikle sitt eige spel.[25] Siden 2018 har han vore innehavar av dataspelverksemda Six Kings. Han har publisert spel på Nintendo Switch, Playstation og Xbox. [26][27]
Bredesen har også ansvar for teknologi ved Sagastad Vikingsenter.[28][29][30] Han har blant anna utvikla ei VR-oppleving som viser Nordfjordeid i vikingtida.[31] [32][33]
Sidan 2024 er han også marknadssjef ved cruisekaia på Nordfjordeid. [34][35]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Stubhaug (foto), Eli E. Vengen og Arne (23. mai 2005), «Ein annan dans», Firda (på norsk), henta 30. januar 2024
- ↑ «(+) Dansepedagogen med skjulte talent for kunstmåling», fjordabladet.no (på norsk), 12. mars 2021, henta 30. januar 2024
- ↑ «Tommy Jansen Bredesen – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no, henta 30. januar 2024
- ↑ «1. plass», fokus.foto.no, henta 30. januar 2024
- ↑ «BILDE: Utstilling på Kystmuseet», Firdaposten (på norsk), 25. oktober 2009, henta 30. januar 2024
- ↑ «Åpning av Kunstutstilling på Amfi», Firdaposten (på norsk), 17. juli 2010, henta 30. januar 2024
- ↑ Bruvik, Linda Regina (19. november 2018), «Tommy Bredesen kjem heim til juleutstillinga», Firdaposten (på norsk), henta 30. januar 2024
- ↑ «Sjuåring reddet lillesøster ved å ringe 113», www.vg.no (på norsk bokmål), 20. september 2006, henta 30. januar 2024
- ↑ 9,0 9,1 Reksnes, Asgeir Heimdal (20. september 2006), «Jacob (7) berga livet til systera», NRK (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024
- ↑ Stryn Kyrkjeleg Fellesråd. «Konfirmantar på Afrika-tur» (PDF) (på norsk). Henta 31. januar 2024.
- ↑ Vengen, Eli Eikenæs (22. oktober 2014), «Helsesøstrene får meir pengar», NRK (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024
- ↑ Venstre, Vestland (1. juli 2015), «Ny valkampsekretær», Venstre (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024
- ↑ Marianne Furevikstrand (4. februar 2016). «Avis til karrieremessa 2016». HAFS.
- ↑ Sogn og Fjordane Venstre. «Jacob Bredesen».
- ↑ Venstre, Vestland (1. juli 2015), «Ny valkampsekretær», Venstre (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024
- ↑ «Første 16-åring i Eid har røysta til kommunestyrevalet 2015». Eid kommune.
- ↑ Gudvangen, Vidar (3. juli 2015), «Her førehandsrøyster Jacob (16)», NRK (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024
- ↑ Venstre, Jacob Bredesen, fylkesleiar Sogn og Fjordane Unge (18. august 2016), «(+) Sprei kunnskap, ikkje frykt», Firda (på norsk), henta 30. januar 2024
- ↑ Gytri, Anna (28. februar 2017), «Ungdomane vil sjølv velje kvar dei skal gå på skule», NRK, henta 30. januar 2024
- ↑ Haukedal, Sondre Lingås (9. oktober 2016), «Ungdomspolitikar: Skuledagen bør starte seinare», NRK (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024
- ↑ Sætre, Ivar Bruvik (25. mai 2016), «Vil ha dataspel-linje på Dale vidaregåande», Firda (på norsk), henta 30. januar 2024
- ↑ Bergset, Mattias Rolighed (3. oktober 2016), «– Historielaust å bryte lang tradisjon», NRK (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024
- ↑ Drabløs, Bjørn Erik (8. juni 2020), «(+) Spent før årets påmelding for humanistisk konfirmasjon», fjt.no (på norsk), henta 30. januar 2024
- ↑ Flatebø, Tormod (14. mars 2023), «(+) Seks av elleve i dagens kommunestyret stiller på nytt», fjordabladet.no (på norsk), henta 30. januar 2024
- ↑ Sætre, Ivar Bruvik (17. mars 2019), «(+) Jacob (20) har gitt ut spel på Nintendo Switch. – Det betaler rekningane», Alt (på norsk), henta 30. januar 2024
- ↑ Kings, Six, «Six Kings Official Website», Six Kings (på engelsk), henta 30. januar 2024
- ↑ «Paddles», store.playstation.com, henta 30. januar 2024
- ↑ «Kontakt oss», Sagastad (på norsk bokmål), henta 30. januar 2024
- ↑ NRK (17. oktober 2023), «Sjå Vestlandsrevyen 19.45», NRK, henta 30. januar 2024
- ↑ Stad Kommune. «Kunnskapsgrunnlag Temaplan for kultur 2023-2035» (PDF). Stad Kommune. Henta 30. januar 2024.
- ↑ Kolseth (fjt@fjt.no), Siri (7. juni 2021), «(+) Her kan du leike med sverd eller skyte med pil og boge i ei virtuell vikingverd», fjt.no (på norsk), henta 30. januar 2024
- ↑ «God morgon Sogn og Fjordane - Distriktsprogram - Sogn og Fjordane», NRK Radio (på norsk), henta 30. januar 2024
- ↑ Wuttudal, Anna (29. mai 2021), «(+) Trefte blinken, men klarte ikkje å fange høna», fjordabladet.no (på norsk), henta 30. januar 2024
- ↑ Vedvik, Joakim (26. januar 2024), «(+) Vikingskipa Ask og Birk til Nordfjordeid», fjordabladet.no (på norsk), henta 30. januar 2024
- ↑ «Nordfjordeid | Cruise Europe», www.cruiseeurope.com (på engelsk), henta 30. januar 2024