Jakutisk
Jakutisk eller sakha er eit tyrkisk språk med ca. 363 000 talarar som blir snakka i republikken Sakha i Russland. Talarane blir kalla jakutar, og kallar seg sjølv for sakha.
Jakutisk Саха тыла sakha tyla | ||
Klassifisering: | Tyrkiske språk Nordtyrkisk Jakutisk | |
Talarar: | jakutar | |
Bruk | ||
Tala i: | Russland | |
Område: | Sakha | |
Jakutisktalande i alt: | ~363 000 | |
Rangering: | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem: | Kyrillisk alfabet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Republikken Sakha | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2: | sah | |
ISO 639-3: | sah |
Ved folketeljinga i 2010 oppgav 450 100 menneske at dei meistra jakutisk, dette omfatta ikkje berre dei som brukte det som morsmål. Ved same folketeljing var talet på etniske jakutar 478 100.[1]
KlassifiseringEndra
Jakutisk er eit medlem av den nordlege greina av dei tyrkiske språka, i lag med ahor, tuvinsk, og dolgansk i tillegg til sakha. Den nordtyrkiske språkfamilien er ei undergruppe av dei tyrkiske språka, som nokre lingvistar meiner er medlem av eit større altaisk språkfamilie.
På same måten som finsk, ungarsk og tyrkisk, har jakutisk vokalharmoni, er agglutinerande og manglar grammatisk genus. Ordstilling er som regel Subjekt Objekt Verb.
Geografisk utbreiingEndra
Jakutisk blir snakka hovudsakleg i republikken Sakha. Det blir også snakka av jakutar i Khabarovsk kraj og i små diasporasamfunn i andre delar av Russland, Tyrkia, og andre delar av verda. Dolganarane er eit folk med ein annan etnisk identitet enn jakutane, men dei snakkar ein versjon av jakutisk som dei fleste ser på som ein dialekt, og ikkje eit eige dolgansk språk. Dolganane held til i Krasnojarsk kraj. Jakutisk blir brukt som lingua franca av andre etniske minoritetar i republikken Sakha.
Fonologi (lydlære)Endra
Eit karakteristisk trekk ved jakutisk er vokalharmoni. Viss den første vokal i eit jakutisk ord er ein fremre vokal, vil resten av vokalane i ordet også vere fremre: kelin «rygg»: e er ein open urunda fremre vokal, i er lukka, urunda, fremre.
KonsonantarEndra
Bilabial | Dental | Alveolar | Palatal | Velar | Glottal | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Plosivar | p | b | t | d | c | ɟ | k | g | ||||
Nasalar | m | n | ɲ | ŋ | ||||||||
Frikativar | s | x | ɣ | h | ||||||||
Flapp | ɾ | |||||||||||
Approksimant | j, j̃ | |||||||||||
Lateral approksimantar |
l |
VokalarEndra
Kort | Lang | Diftong | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Lukka | Open | Lukka | Open | |||
Fremre | Urunda | i | e | iː | eː | ie |
Runda | y | ø | yː | øː | yø | |
Bakre | Urunda | ɯ | a | ɯː | aː | ɯa |
Runda | u | o | uː | oː | uo |
SkriftsystemEndra
Jakutisk blir skrive med det kyrilliske alfabetet: som vart laga for jakutisk i 1939 som ein ledd i den sovjetiske språkpolitikken, det består av det russiske alfabetet pluss 5 bokstavar i tillegg: Ҕҕ, Ҥҥ, Өө, Һһ, Үү.
Cyrillic | IPA | |
---|---|---|
А а | /a/ | |
Б б | /b/ | |
В в | /v/ | berre i russiske lånord |
Г г | /g/ | |
Ҕ ҕ | /ɣ, ʁ/ | |
Д д | /d/ | |
Дь дь | /ɟ/ | |
Е е | /e, je/ | berre i russiske lånord |
Ё ё | /jo/ | berre i russiske lånord |
Ж ж | /ʒ/ | berre i russiske lånord |
З з | /z/ | berre i russiske lånord |
И и | /i/ | |
Й й | /j, j̃/ | Nasalisering av halvvokalen er ikkje vist i ortografien |
К к | /k, q/ | |
Л л | /l/ | |
М м | /m/ | |
Н н | /n/ | |
Ҥ ҥ | /ŋ/ | |
Нь нь | /ɲ/ | |
О о | /o/ | |
Ө ө | /ø/ | |
П п | /p/ | |
Р р | /r/ | |
С с | /s/ | |
Һ һ | /h/ | |
Т т | /t/ | |
У у | /u/ | |
Ү ү | /y/ | |
Ф ф | /f/ | berre i russiske lånord |
Х х | /x/ | |
Ц ц | /ts/ | berre i russiske lånord |
Ч ч | /c/ | |
Ш ш | /ʃ/ | berre i russiske lånord |
Щ щ | /ɕː/ | berre i russiske lånord |
Ъ ъ | ? | berre i russiske lånord |
Ы ы | /ɯ/ | |
Ь ь | ? | berre i russiske lånord |
Э э | /e/ | |
Ю ю | /ju/ | berre i russiske lånord |
Я я | /ja/ | berre i russiske lånord |
SpørjeordEndra
Spørjeord i jakutisk blir ståande in-situ; dei blir ikkje flytta fram til starten av setninga. Her er nokre døme: tuox «kva», kim «kven», xaydax «korleis», xas «kor mykje», xanna «kvar», xannɯk «kva slags».
LitteraturEndra
Den første publikasjonen på jakutsk var del av Nicolaas Witsens bok publisert i 1692 i Amsterdam.
FotnotarEndra
- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
BibliografiEndra
- Kirişçioğlu, M. Fatih (1999). Saha (Yakut) Türkçesi Grameri. Ankara: Türk Dil Kurumu. ISBN 975-16-0587-3.
- Krueger, John R. (1962). Yakut Manual. Bloomington: Indiana U Press.
BakgrunnsstoffEndra
- Sakha Open World - Орто Дойду - Nettside for jakutisk på nettet: Nyhende, poesi, musikk, typesnitt, forum (på jakutisk, Unicode)
- Baayaga-landbyen si heimeside - nyhende om og av folka i Baayaga (på jakutisk)
- Sakhalyy suruk - Sakha Unicode-typesnitt og tastatur for Microsoft PC