Opna hovudmenyen

The Jeff Beck Group var eit engelsk rockeband skipa i London i januar 1967 av den tidlegare Yardbirds-gitaristen Jeff Beck. Den nyskapande måten dei spelte tung blues og rhythm and blues vart ei viktig inspirasjonskjelde for rocken.

The Jeff Beck Group
Fil:Jeff beck group.jpg
The Jeff Beck Group i 1967. Framme: Jeff Beck.
Bak (frå venstre): Aynsley Dunbar, Rod Stewart, Ron Wood
OpphavLondon, England
Aktiv1967–69, 1970–72
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmer

Innhaldsliste

Den første gruppaEndra

Den første Jeff Beck Group vart skipa i London tidleg i 1967 og bestod av gitaristen Jeff Beck, vokalisten Rod Stewart, rytmegitarist Ronnie Wood, medan bassistane og trommisane ofte vart byta ut. Dei første bassistane var Jet Harris og Dave Ambrose, medan Clem Cattini og Viv Prince spelte trommer. Besetninga gjekk gjennom fleire endringar dei første månadane og hadde ikkje mindre enn fire trommisar før dei slo seg til ro med Aynsley Dunbar, medan Ron Wood byrja å spele bass. Denne besetninga spelte det meste av 1967 på klubbar i Storbritannia og spelte fleire gonger på BBC Radio. Beck fekk ein personleg managerkontrakt med plateprodusenten og manageren Mickie Most, som ikkje hadde noko interesse i gruppa, berre i Beck som soloartist.

I 1967 gav bandet ut tre singlar i Europa og to i USA. Den første, «Hi Ho Silver Lining», vart den største suksessen og nådde 14. plassen på den britiske singellista. Denne inneheldt instrumentalen «Beck's Bolero» på B-sida, som hadde blitt spelt inn fleire månader tidlegare. Besetninga på denne versjonen inkluderte gitaristen Jimmy Page på rytmegitar, John Paul Jones på bass, Keith Moon på trommer og Nicky Hopkins på piano.[1] Dunbar slutta då han meinte bandet ikkje spelte rein nok blues for hans smak. Ha vart ersstatta av Roy Cook for ein konsert, før Stewart tilrådde Micky Waller, som han hadde spelt med i Steampacket. Waller spelte med bandet gjennom heile 1968 og inn i 1969, og var den lengstvarande trommeslagaren deira.[2]

Peter Grant, ein turnémanager på den tida, hadde vore i USA med The New Vaudeville Band, og var klar over det nye konsert- og album-orienterte rock-radioformatet som utvikla seg der. Det var no mogeleg å få eit band til å slå gjennom utan å basere seg på «hitsinglar». Grant forstod at bandet til Beck var ideelt for denne marknaden og prøvde fleire gonger å kjøpe Beck ut av kontrakten med Mickie Most, som nekta å la Beck gå. Tidleg i 1968 var bandet i ferd med å leggje inn årene, men Grant klarte å overtyde dei om å halde fram, og fekk i stand ein kort, amerikansk turné for dei. Beck sa «Me hadde berre eit klesbyte igjen kvar». Grant organiserte den første konserten deira i New York City, med fire konsertar i Fillmore East, der dei spelte i lag med Grateful Dead. Dei fekk god kritikk av Robert Shelton i The New York Times.

 
Beck med The Jeff Beck Group i 1968.

Bandet reiste etter kort tid attende til England for å spele inn Truth, som nådde 15. plassen på den amerikanske albumlista. Songane vart spelte inn i løpet av to veker, med overdubbingar den neste månaden. Mickie Most var oppteken med andre prosjekt på den tida og delegerte det meste av arbeidet til Ken Scott, som i praksis spelte dei inn i live i studio. Volumet frå forsterkaren til Beck var visstnok så høgt at han måtte setjast inn i eit skap. Med seg på innspelinga hadde dei John Paul Joneshammondorgel, Keith Moon på trommer og Nicky Hopkins på piano. Kjernen i gruppa, som kalla seg «Jeff Beck Group», vendte attende til USA for ein marknadsføringsturné for Truth. Den langvarige Beck-tilhengjaren Jimi Hendrix jamma med bandet på Cafe Wha under denne og dei påfølgjande turneane deira.[2]

Dei la ut på den tredje turneen sin i desember 1968 med Nicky Hopkins, som trass i dårleg helse ønskte å spele live. Han tok i mot invitasjonen til Beck, sjølv om han vart tilbydd meir pengar av Led Zeppelin. Beck utsette ein fjerde turné i USa i februar 1969, fordi han meinte dei trengde nye songar. Det vart skrive nye songar og Micky Waller vart erstatta av trommisen Tony Newman. Wood vart sparka, men vart teken inn att nesten med ein gong. Suksessen til Truth fekk Mickie Most interessert og dei spelte inn albumet Beck-Ola i De Lane Lea Studios med Martin Birch som lydteknikar. Dei gav ut singelen «Plynth» og spelte på tre songar av Donovan som ei teneste for Most. To av dei vart nytta på singelen «Barabajagal (Love Is Hot)».[3]

I mai 1969 la The Jeff Beck Group ut på den fjerde amerikanske turneen sin, denne gongen med Nicky Hopkins som fulltidsmedlem. Turneen gjekk fint og Beck-Ola vart godt motteke med ein 15. plass på Billboard 200-lista, men det kom rapportar om krangling i bandet.[4] Rod Stewart hadde planar om å slutte i bandet på denne tida og i juli 1969 tok han med seg bandkollegaen Wood og den tidlegare bandkolleagen Waller i studio for å spele inn debutalbumet sitt som soloartist, An Old Raincoat Won't Ever Let You Down for Mercury Records.

The Jeff Beck Group gjorde ferdig turneen og vendte attende til England, men reiste til Statane att i juli 1969 for den femte og siste turneen deira. Det vart ein kort turné, hovudsakleg langs Austkysten, inkludert Maryland, den siste konserten deira i Fillmore East, og Newport Jazz Festival. Beck oppløyste bandet dagen før Woodstock-festivalen, der dei var meint å spele, ei avgjersle Beck sidan sa han angra på.[2]

Den andre gruppaEndra

 
Jeff Beck med Fender Stratocaster

Seint i 1970 starta Jeff Beck opp att The Jeff Beck Group med vokalisten Alex Ligertwood, klaverspelaren Max Middleton, trommeslagaren Cozy Powell og bassisten Clive Chaman. I juni 1971 fekk Beck platekontrakt med CBS og såg seg om etter ein ny songar. Etter å ha høyrd Bobby Tench syngje med bandet Gass i Ronnie Scott sin klubb i Soho i London,[5] inviterte Beck han med i bandet som vokalist og andregitarist.

Tench fekk berre nokre få veker på å skrive nye tekstar og leggje vokal til albumet Rough and Ready, før miksinga heldt fram av lydspor som bandet tidlegare hadde spelt inn i London. Albumet var ferdig i juli 1971 og dei turnerte i Finland, Nederland, Sveits og Tyskland. Rough and Ready kom ut i Storbritannia 25. oktober 1971,[6] og den amerikanske utgåva kom ut i februar 1972. Dei la ut på ein seksten dagar lang turné i USA[7] og albumet nådde omsider 46. plassen på den amerikanske albumlista.

I januar 1972 reiste bandet til USA for å møte Beck i TMI studios i Memphis i Tennessee. Her spelte dei inn albumet Jeff Beck Group,[8] med Steve Cropper som produsent.[9] Jeff Beck Group kom ut i Storbritannia den 9. juni 1972. Turneen som følgde inkluderte ein konsert for «In Concert»-serien til BBC Radio 1, som vart innspelt 29. juni 1972.

Den 24. juli 1972 vart The Jeff Beck Group offisielt oppløyst og managementet til Beck gav ut meldinga: «Blandinga av dei musikalske stilartane til dei forskjellige medlemmane har vore ein suksess, men dei kjende at det ikkje førte til den skapinga av ein ny musikalsk stil med den styrken dei opphavleg hadde tenkt.»[10]

TimelineEndra

 

DiskografiEndra

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «The Jeff Beck Group» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juni 2018.
  • Bob Brunning (1986) Blues: The British Connection, London: Helter Skelter, 2002, ISBN 1-900924-41-2
  • Bob Brunning (2004) The Fleetwood Mac Story: Rumours and Lies – Omnibus Press, foreword by B.B.King
  • Annette Carson Jeff Beck – Crazy Fingers Backbeat Books ISBN 978-0-87930-632-8
  • Dick Heckstall-Smith (2004) The safest place in the world: A personal history of British Rhythm and blues, Clear Books, ISBN 0-7043-2696-5 – First Edition : Blowing The Blues – Fifty Years Playing The British Blues
  • Christopher Hjort (2007) Strange Brew: Eric Clapton and the British blues boom, 1965–1970, foreword by John Mayall, Jawbone ISBN 1-906002002
  • Chris Hjort and Doug Hinman (2000) Beck's Book: A Chronology of Jeff Beck's Career 1965–1980: From the Yardbirds to Jazz-Rock, Rock 'n' Roll Research Press. 2000 ISBN 0-9641005-3-3 and ISBN 978-0-9641005-3-4
  • Paul Myers Long John Baldry and the Birth of the British Blues, Vancouver 2007 – GreyStone Books
  • Harry Shapiro Alexis Korner: The Biography, Bloomsbury Publishing, London 1997, Discography by Mark Troster
  1. Chris Welch (15. desember 2009). Peter Grant: The Man Who Led Zeppelin. Omnibus Press. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Hjort & Hinman 2000.
  3. «Donovan: Barabajagal (Love Is Hot) – Review». AllMusic. Henta 29. juni 2018. 
  4. «"Rod: The Autobiography" excerpt». Rolling Stone Magazine. 
  5. Hjort & Hinman 2000, s. 111.
  6. Erlewine, Stephen Thomas. «Rough and Ready – Review». AllMusic. Henta 27. juni 2018. 
  7. Hjort & Hinman 2000, s. 112.
  8. Graves, Tom. «Jeff Beck Group (album) – Review». AllMusic. Henta 27. juni 2018. 
  9. Hjort & Hinman 2000, s. 115.
  10. Hjort & Hinman 2000, s. 122.