Johan Borgos
Johan Ingvald Borgos (fødd 21. juli 1939 på Skogsøya i Øksnes), no busett på Sortland, er ein norsk historikar, bygdebokforfattar og lærar. Han har lærarutdanning frå lærarskolen i Nesna (1964), matematikk grunnfag i Trondheim (1969) og er cand.philol. med hovudfag i historie ved Universitetet i Tromsø (1987).
Johan Borgos | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. juli 1939 (85 år) Skogsøya |
Yrke | skribent |
Johan Borgos har vore hovudforfattar for bygdebøker i Øksnes kommune, Sortland kommune og Andøy kommune. Han har òg skrive mange lokalhistoriske artiklar, dei fleste er publiserte i Øksnes historielag si årbok Leddiken. Blant anna har han interessert seg for samisk historie i Vesterålen. Dessutan har han skrive fleire noveller, dikt, viser og limerickar.
Borgos er medlem i TONO, Nordnorsk forfatterlag og Norsk faglitterær forfattar- og oversetterforening. Han blei i 2015 tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv for arbeidet sitt som historikar og innsatsen sin knytt til bevisstgjering rundt nordnorsk kystkultur. I 2020 fekk Borgos Språklig samlings litteraturpris for boka Samer ved storhavet.
Utgjevingar (utval)
endreFaglitteratur
endre- Jordens ufructbarhed og hafsens fischerie. Befolkning, bosetning og økonomi i Barkestad og Langenes fjerdinger 1700-1820". Universitetet i Tromsø (1988) (hovudfagsoppgave i historie)
- Lokalt utviklingsarbeid i utkantstrøk (saman med Dag Arntsen) (1988)
- Gård og slekt i Øksnes - bind I (1990) (digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
- Gård og slekt i Øksnes - bind II (1992) (digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
- Gård og slekt i Øksnes – bind III (1997) (digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
- Gård og slekt i Øksnes - bind IV (1999) (digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
- De er her ennå - samisk historie i Vesterålen, Vesterålen kulturutvalg og Vesterålsmuseet (hefte) (1999) (digitalisert av Nasjonalbiblioteket)
- Sortland bygdebok. Gård og slekt. Del I (2001)
- Sortland bygdebok. Gård og slekt. Del II (2005)
- Sortland bygdebok. Gård og slekt. Del III (2007)
- Sortland bygdebok. Gård og slekt. Del IV (2011)
- Sortland bygdebok. Gård og slekt. Del V (2012)
- Andøy bygdebok - bind II. Gård og slekt. Del I (2003)
- Andøy bygdebok - bind III. Gård og slekt. Del II (2004)
- Andøy bygdebok - bind IV. Gård og slekt. Del III (2008)
- Andøy bygdebok - bind V. Gård og slekt. Del IV (2009)
- Andøy bygdebok - bind VI. Gård og slekt. Del V (2010)
- Samer ved storhavet (2020)
Skjønnlitteratur
endre- Vendemøter (noveller) (1998) (digitalisert av Nasjonalbiblioteket) (bokmål, dialekt i replikkar)
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Johan Borgos» frå Wikipedia på bokmål, den 24. april 2012, med seinare tillegg.