David Hume
David Hume (26. april 1711–25. august 1776) var ein skotsk filosof, økonom og historikar som hadde innverknad på vestleg filosofi og den skotske opplysningstida.
David Hume | |||
David Hume måla av Allan Ramsay i 1766. | |||
Fødd | 26. april 1711 Edinburgh | ||
---|---|---|---|
Død | 25. august 1776 Edinburgh | ||
Nasjonalitet | Kongeriket Storbritannia | ||
Område | filosofi, metafysikk, epistemologi, sinnsfilosofi, etikk, politikk, estetikk, religionsfilosofi, historie, essay, samfunnsøkonomi | ||
Yrke | filosof, samfunnsøkonom, bibliotekar, historikar, essayist, skribent | ||
Institusjonar | Advocates Library Embassy of the United Kingdom, Paris | ||
Alma mater | University of Edinburgh | ||
Medlem | Royal Society of Edinburgh The Select Society The Poker Club |
Opphavleg var Hume mest kjend for arbeidet sitt som historikar, men i nyare tid har tyngda av akademisk merksemd vore på filosofien hans. Han skreiv History of England, som i lang tid var standardverket på det temaet.
Hume var den fyrste moderne filosofen som maksla ein gjenomført naturalistisk filosofi. Det viktigaste trekket ved denne filosofien var at han forkasta den då dominerande oppfatninga av menneskesinnet som ein mindre utgåve av det guddommelege sinnet. Dette gjorde at Hume ogso forkasta idéen om at menneskesinnet hadde ein mest gudommeleg innsikt om røynda. Hume meinte at ein i staden burde bruka empiriske metodar for å forklåra fenomen i menneskesinnet.
Hume vart sterkt påverka av empiristane John Locke og George Berkeley, franske filosofar, som Pierre Bayle, og andre engelsktalande intelektuelle, som Isaac Newton, Samuel Clarke, Francis Hutcheson, Adam Smith og Joseph Butler.
Bakgrunn
endreDavid Home, son av advokaten Joseph Home frå Chirnside, og Katherine Lady Falconer, vart fødd 26. april 1711 i eit husværkompleks på nordsida av Lawnmarket i Edinburgh. Han endra stavemåten av namnet til Hume i 1734, av di engelskmenn hadde vanskar med å uttala «Home» etter skotske uttalereglar. Hume vitja ofte familien i Chirnside. Han gifta seg aldri.
Utdanning
endreFamilien til Hume sende han til universitetet i Edinburgh då han var mellom ti og elleve år gamal.[1] På den tida var det vanleg å byrja på universitetet i fjortenårsalderen. I byrjinga vurderte han å lesa juss, men fekk etter kvart interesse for filosofi. Han hadde liten respekt for professorar. Han fortalde ein ven i 1735 at, «det finst ingenting ein kan læra frå ein professor som ein ikkje kan finna i ei bok.»[treng kjelde]
I attenårsalderen fekk Hume ein filosofisk innsikt som opna «ei ny tankeverd» for han, som inspirerte han til å fokusera på filosofi. Han fortalde ingen kva denne tankeverda var, og kommentatorar har kome med mange forslag. På denne tida avgjorde han at han skulle bruka i minsto ti år på å lesa og skriva. Han kom nær eit nervøst samanbrot, og avgjorde at han trong eit meir aktivt liv for å kunna halda fram med læring.
Karriere
endreHume hadde valet mellom å arbeida som omvandrande privatlærar eller som kaupmann, og han valde sistnemnde. I 1734, etter nokre månader som handelsmann i Bristol, drog han til La Fièche i Anjou, Frankrike. Han var ofte i samrøda med jesuittane ved den dåverande jesuittskulen (no Prytanée National Militaire), skulen som Descartes gjekk på. Han brukte mest alle sparepengane sine dei fire åra han var der på å skriva A Treatise of Human Nature. Hume levde eit veldig sparsamt liv. Han fullførte A Treatise då han var 26 år gamal.
No vert denne boka rekna av mange akademikarar som det viktigaste verket hans Hume, og ein av dei viktigaste bøkene i vestleg filosofi, men ho var i fyrstninga dårleg motteke av engelske filosofar, som skildra boka som «abstrakt og uforståeleg». Trass dette skreiv Hume seinare at han snart kom seg av vonbrotet, og tok til å skriva att. Han skreiv ein forkorta versjon av førre boka, som han gav ut anonymt, i von om å gjera hovudverket meir forståeleg.
Etter at Essays Moral and Political kom ut i 1744 søkte Hume om stillinga som professor i moralfilosofi ved universitetet i Edinburgh, men stillinga gjekk til William Cleghorn av di presteskapet i Edinburgh bad bystyret om ikkje å tilsetja Hume, som hadde ateistiske tendensar.
Under jakobittopprøret i 1745 underviste Hume markien av Annandale. Det enda etter om lag eit år. Det var då Hume byrja på sit store historiske verk The History of Great Britain. Det tok femten år å skriva, og var til slutt på over ein million ord. Ho var gjeve ut i seks band mellom 1754 og 1762. Frå 1746 til 1749 arbeida Hume som sekretær for Løintnantgeneral St. Clair, og skreiv Philosophical Essays Concerning Human Understanding, som seinare var gjeve ut som An Enquiry Concerning Human Understanding. Denne vart noko betre motteke enn A Treatise.
Hume vart sikta for kjetteri, men vart forsvart av unge geistlege vener, som argumenterte med at som ateist stod han utanfor kyrkjeleg domsmakt. Trass frikjenninga fekk ikkje Hume stillinga som professor i filosofi ved universitetet i Glasgow. Dette var kanskje grunna motstand frå Thomas Reid, som same året skreiv ein kristeleg kristen av Hume sin metafysiske argumentasjon.
Etter at Hume vende attende til Edinburgh i 1752 fekk han stilling som universitetsbibliotekar, ein stilling som han seinare skreiv hadde låg løn, men som gav han tilgang til eit stort bibliotek, og gjorde det mogleg for han å halda fram med historisk forsking for The History og Great Britain.
Hume vart røynd som historikar. Det enorme verket hans, som skildrar britisk historie frå dei saksiske kongedøma til den ærerike revolusjonen, var veldig populært. Han skildra det politiske mennesket som eit vanedyr, med ein tendens til å godta etablerte styresmakter so lenge tidene er gode. Hume sjølv meinte at hans einaste verk som var vellukka då det fyrst kom ut, var Political Discourses, som kom ut i 1752.[treng kjelde]
Filosofi
endreHume stod for ein utilitaristisk etisk teori, der han freista å skildra kvar moralen til menneske kom frå og korleis ein kunne nytta han rett. Hovudsakleg var teorien basert på non-kognitivisme og emotivisme.
Hume meinte at alle normale menneske var født med moral. Menneske sine moralske vurderingar hadde ikkje noko kunnskapsgrunnlag (non-kognitivisme). Kjensler var drivkrafta som førte til handling, igjennom sympati, medan fornuft var kunnskap og erfaring som baserte seg på kjenslene (emotivisme). Det gode og det onde var ein respons i menneske som ikkje fanst på ein objektiv måte. Gode handlingar kunne derimot gjeva menneske ei god kjensle, og dårlege handlingar kunne gjeva menneske ei dårleg kjensle. «Fornufta var kjenslene sin slave» og dermed underordna kjenslene. Menneske sine moralske handlingar kunne dermed ikkje vera basert på logisk tenking og fornuft elles.[2][3]
Hume argumenterte vidare for at det ikkje fanst ein logisk overgang frå er til bør. Han meinte det var ei ugild slutning å seia kva ein burde gjera ut frå korleis noko var, òg kjend som er/bør-problemet. Det å gå frå normativt til deskriptivt var ei feilslutning, ifylgje Hume.[2] Tanken var at deskriptive fråsegner hadde ein sanningsverdi, medan normative fråsegner hadde ikkje dette.
Religion
endreHume skreiv tidleg eit essay, Of Superstition and Religion, som tente som grunnlag for sekulær tenking om religionshistorie. Kritikarar av religion på Hume si tid laut uttrykka seg forsiktig. Få år før Hume vart fødd vart Thomas Aikenhead, ein 18 år gamal universitetsstudent, stilt for retten, dømd og hengd for blasfemi då han sa at kristendom var tøv. Hume fylgde vanleg skikk, og uttrykte seg gjenom dialog mellom fiktive personar. Han kjende seg ikkje ved forfattarskapen av essayet før året han døydde, 1776.
Essaya On Suicide, On the Immortality of the Soul, og Dialogues concerning Natural Religion vart ikkje utgjevne før etter han døydde, og jamvel då stod korkje Hume eller opptrykkaren nemnde på verket. Hume vart forkasta som kandidat til mange stillingar av di han var ateist.[treng kjelde]
Kjelder
endre- ↑ Morris, William Edward; Brown, Charlotte R. (2022). Zalta, Edward N., red. «David Hume». Metaphysics Research Lab, Stanford University.
- ↑ 2,0 2,1 Alnes, Jan Harald (22. september 2022). «David Hume». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ «David Hume | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 26. oktober 2022
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
- Denne artikkelen bygger på «David Hume» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2008.
Bakgrunnsstoff
endre
Originaltekst av David Hume ved Wikisource. |
- David Hume i Filosofi.no