Jordforsk — Senter for jordfaglig miljøforskning — var ei norsk forskingsstifting. Ho gjekk inn i Bioforsk i lag med Planteforsk og Norsk senter for økologisk landbruk i 2006. Stiftinga vart danna i 1989 ved samanslåing av GEFO (Institutt for georessurs- og forurensningsforskning) og Det norske jord- og myrselskap. Jordforsk er eit nasjonalt kompetansesenter for miljøspørsmål knytte til både jord, vatn, avfall og landskap, og er støtta av både Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet.

Organisasjon

endre

Jordforsk var ei privat stifting der styret hadde medlemer frå styresmakter, forvalting, forsking og næringsliv. Det var eit av dei fem nasjonale miljøinstitutta som danna Miljøalliansen, saman med Norsk institutt for vannforskning (NIVA), Norsk institutt for luftforskning (NILU), Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR), Norsk institutt for naturforskning (NINA), Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) og CICERO Senter for klimaforskning.

Verksemd

endre

På oppdrag frå næringsliv, offentlege styresmakter og verksemder, konsulentfirma og einskildpersonar dreiv Jordforsk forsking for å bidra til langsiktig og utviklande forvalting av jord, vatn, avfall og landskap.

De fire faggruppene/forskingsavdelingane til Jordforsk var:

  • Vasskvalitet og arealbruk.
  • Jordkvalitet og jordressursar.
  • Avfall og miljøgifter.
  • Naturbaserte rensesystem.