Norsk institutt for vannforskning

Norsk institutt for vannforskning (NIVA) er ein norsk stiftelse som vart oppretta 1. juli 1958. Styret vert utnemnt av Miljøverndepartementet og Norges forskningsråd.

Norsk institutt for vannforskning
Selskapsformstiftelse Sjå dette på Wikidata
Org.nr.855 869 942
Skipa1. juli 1958
EigarKlima- og miljødepartementet Sjå dette på Wikidata
LandNoreg Sjå dette på Wikidata
HovudkontorOslo Sjå dette på Wikidata
Tilsette200
Nettstadhttps://www.niva.no/

Arbeidsområde Endra

NIVA er eit nasjonalt kompetansesenter for miljøspørsmål knytte til forvalting av vatn, og driv forsking og utgreiing innan:

Over 700 prosjekt vart gjennomførte i 2005.

Organisasjon Endra

Aktiviteten er organisert i:

  • elleve seksjonar med eigne forskingsleiarar:
-miljøinformatikk
-vatn, avløp og miljøteknologi
-integrert vassforvalting
-miljøgifter og forsuring
-fisk og akvakultur
-biologisk mangfald (ferskvatn)
-biologisk mangfald (maritimt)
-miljøgifter i marint miljø
-økotoksikologi
-oseanografi og fjernmåling
-kjemisk analyse.
  • hovudkontor i Oslo
  • fire distriktsavdelingar: Sørland (Grimstad), Vestland (Bergen), Østland (Hamar) og Midt-Norge (Trondheim).
  • marin forskingsstasjon på Solbergstrand ved Drøbak, etablert 1978

I 2005 var 180 medarbeidarar knytte til NIVA, av desse var 90 forskarar.

NIVA består i tillegg av utviklingsselskapet NIVA-Tech A/S. NIVA vart i 1991 strategisk partnar med, og hovudaksjonær i dotterselskapet Akvaplan-niva som utfører forskings- og rådgjevingoppgåver innanfor akvakultur og marin- og ferskvassbiologi for NIVA i nordområda.

Samarbeid Endra

NIVA var med i Miljøalliansen frå starten i 2002. Dei samarbeider mellom andre med Havforskningsinstituttet, European Environmental Agency (EEA), NVE, Universitetet for Miljø- og Biovitenskap og Polarmiljøsenteret. I 2006 er NIVA representert i det nye forskingssenteret for miljø og samfunn (CIENS) i Oslo.

Bakgrunnsstoff Endra