Kjell Kopstad (10. januar 193425. november 2006) var ein norsk skihoppar frå Eidsfoss i Hof i Vestfold.

Kjell Kopstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. januar 1934
Død

25. november 2006 (72 år)

Idrett skihopping

Kopstad vann tre medaljar i noregsmeisterskap. Han tok sølv i Drammen i 1956 og i Mo i Rana året etter, og bronse i Midtstubakken i Oslo i 1958. Arne Hoel var hans overmann i 1956, medan Halvor Næs vart noregsmeister i 1957. I 1958 var det Arnfinn Bergmann som tok NM-gull og Sverre Stenersen stakk av med sølvet.

Kopstad deltok i verdsmeisterskapen på ski både i 1954 og 1958, og vart nummer 27 i Falun i 1954 og nummer 16 i Lahti i 1958. Han var med i den tysk-austerrikske hoppveka i 1956/57 og 1958/59, siste gongen vart han samanlagt nummer 16. Hans beste enkeltresultat i hoppveka var sjetteplassen i Garmisch-Partenkirchen 1. januar 1959.

Besteplasseringar i internasjonale renn endre

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre