Halvor Næs (fødd 5. april 1928) i Trysil er ein norsk, tidlegare skihoppar. Han vart delt fjerdeplass i hopprennet under OL 1952 i Oslo, i lag med Toni Brutscher. I 1953 vann han i Bischofshofen, det siste rennet i den aller fyrste tysk-austerrikske hoppveka. I kvar av dei andre renna vart han nummer fire, høvesvis Innsbruck, Oberstdorf og Garmisch-Partenkirchen. Samanlagt i hoppveka vart han nummer 2. Med 877,5 poeng var han 1,1 poeng bak vinnaren Sepp Bradl. Næs vart noregsmeister i 1957 og vann bronsemedaljen i NM både i 1960 og 1961. Han representerte idrettsklubben Trysilgutten.

Halvor Næs
Fødd 19. april 1928 (92 år)
Trysil
Yrke skihoppar

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

Næs vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1964.

BakgrunnsstoffEndra