Siberia
(Omdirigert frå Kontinentet Sibir)
Siberia er ein kraton som ligg i hjarte av Sibir. Siberia eller Angaraland (eller berre Angara) er i det det sentrale sibirske platået. Det er ein særs gammal kraton som var eit sjølvstendig kontinent før permtida.
Historie
endre- for 2,5 milliardar år sidan (siderium) var Siberia ein del av kontinent Arktika i lag med det kanadiske skjoldet.
- for 1,1 milliardar år sidan (stenium) vart Siberia ein del av det store superkontinent Rodinia.
- for 750 millionar år sidan (kryogenium) braut Rodinia opp og Siberia vart ein del av det mindre superkontinentet Protolaurasia.
- for 600 millionar år sidan (ediacara) vart Protolaurasia ein del av det store sørlege superkontinentet Pannotia.
- for 550 millionar år sidan (ediacara) braut Pannotia og Protolaurasia opp og vart kontinenta Laurentia, Baltica og Siberia.
- i kambrium vart Siberia eit sjølvstendig kontinent.
- i karbontida kolliderte Siberia med det mindre kontinentet Kasakhstania.
- i permtida kolliderte Siberia og Kasakhstania med Baltica og superkontinentet Pangaea oppstod.
- i juratida braut Pangaea opp i dei to mindre superkontinenteta Gondwana og Laurasia.
- i krittida vart Laurasia gradvis delt opp i dei to kontinenta Nord-Amerika og Eurasia.
- i eosen kolliderte det mindre kontinentet India med Asia og skapte Himalaya.
- i dag er Siberia ein del av Asia, som igjen er ein del av Eurasia.
- om 250 millionar år kan Siberia vere i subtropiske område og ein del av det nye superkontinentet Pangaea Ultima.
- om 400 millionar år kan Pangaea Ultima bryte opp, men Siberia kan framleis vere ein del av Eurasia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Siberia (continent)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2008.