Kremkarakara

fugleart
Kremkarakara
Kremkarakara, Milvago chimachima Foto: Dario Sanches
Kremkarakara, Milvago chimachima
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kremkarakara
Utbreiinga av Kremkarakara
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Falkefuglar Falconiformes
Familie: Falkefamilien Falconidae
Underfamilie: Polyborinae
Slekt: Milvago
Art: Kremkarakara M. chimachima
Vitskapleg namn
Milvago chimachima

Kremkarakara (Milvago chimachima) er ein rovfugl i falkefamilien, Falconidae. Han finst i tropiske og subtropiske Sør-Amerika og den sørlege delen av Sentral-Amerika. I motsetnad til falkane i slekta Falco, same familie, er ikkje karakaraer raske jegerar, men er temmeleg trege og et ofte åtsel.

Kremkarakaraer er 41–46 cm lange og veg 325 gram i gjennomsnitt. Hofuglar er større enn hannane, 310–360 g, mot 280–330 g for hannar. Dei har breie venger og lang hale, noko som gjer at dei liknar små våkar i Buteo. Dei vaksne fuglane har brungult hovud med ei svart stripe bak auget og brungul underside. Oversida er brun med karakteristiske lyse flekker på vengfjøra og halen er brun med kremfarga striper. Om ein ser bort frå storleiken er kjønna like. Hovud og underside av ungfuglar har tette brunflekker. Denne arten har eit karakteristisk skrik.

Fuglen lever på savannar, myrer og i skogkantane. Han finst frå Costa Rica sørover gjennom Trinidad og Tobago til Nord-Argentina, provinsane Misiones, Chaco, Formosa, Corrientes og Santa Fe. Typisk finst dei frå havnivå til 1800 moh., sporadisk opp til 2600 moh. Lengst sør i Sør-Amerika er han utkonkurrert av slektningen, brunkarakara (Milvago chimango), artane har overlappande leveområde i det sørlege Brasil, Nord-Argentina, Paraguay og Uruguay. Kremkarakara spreier seg no til Nicaragua.

Kremkarakara er altetar, og et t.d. reptilar, amfibium og andre smådyr som åtsel. Fuglar er sjeldan om i det heile tatt bytte for kremkarakara, i ei undersøking utløyste denne arten ikkje varselrop hos beitande flokkar av blandingsartar i opent cerrado-habitat. Dei plukkar flått av storfe. I tillegg er i det minste yngre fuglar glad i visse frukter, for eksempel frå oljepalme (Elaeis guineensis) eller pequi (Caryocar brasiliensis). Dei legg fem til sju brunflekka brungule egg i eit kvistreir i eit tre.

Kremkarakara har tatt føremon av skogrydding for storfedrift. I Trinidad er statusen endra frå sjeldan til ganske vanleg, og arten vart sett første gongen på Tobago i 1987. Han tilpassar seg lett til urbane område og saman med artar som for eksempel svartkondor (Coragyps atratus), er han av dei mest observerte rovfuglar innanfor latinamerikanske byar. Derfor ser ikkje Verdas naturvernunion, IUCN, denne arten som trua. Som resultat av urbanisering i utkanten av Panama by for eksempel, ser ein ofte kremkarakara på hustak i forstadsområde.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kremkarakara