Kvithalesymjesnipe
Kvithalesymjesnipa (Phalaropus tricolor) er ein liten vadefugl som hekkar på prærien i Nord-Amerika, overvintrar i sentrale Andes i Sør-Amerika og er ein sjeldan gjest i Vest-Europa.
Kvithalesymjesnipe | |
Kvithalesymjesnipe, Phalaropus tricolor Foto: Dominic Sherony
| |
Utbreiing | |
Utbreiinga av kvithalesymjesnipe | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
Slekt: | Phalaropus |
Art: | Kvithalesymjesnipe P. tricolor |
Vitskapleg namn | |
Phalaropus tricolor |
Skildring
endreKvithalesymjesnipa er den største av alle symjesnipene, ca. 23 cm i lengd, har «symjeflikar» og eit rett, tynnt svart nebb. Dei hekkande hofuglane har grå og brun oversida, med kvit underside, ein raudleg hals og raude sideflekker. Hannar i hekkedrakt har bleikare farger, med en brun rygg, og dei raudlege flekkene er reduserte eller fråverande. Ungfuglar er gråe og brune over, med kvitaktig underside. Den tydeleg svarte augemaska manglar på dei yngste. Om vinteren er fjørdrakta hovudsakleg grå over og kvit under, men den mørke augeflekken er alltid til stades.
Kvithalesymjesnipa er uvanleg sterkt knytt til salt og beitar i store tal under migrasjon på saltvassjøar som for eksempel Mono Lake i California og Store saltsjø i Utah, ofte saman med symjesnipe. Til likskap med polarsymjesnipa og symjesnipa har en kvithalesymjesnipa omvendte kjønnsroller, men til forskjell frå dei andre to artane er ikkje kvithalesymjesnipa pelagisk.
Sjølv om denne arten er svært vanleg, har populasjonen gått ned i enkelte område på grunn av tap av våtmarkshabitat på prærien. Nokon få kvile og beiteplassar er av avgjerande tyding under migreringa.
Sporadisk i Noreg
endrePer 1. september 2021 har artsobservasjoner.no fire registreringar i Noreg, den siste i Flakstad kommune i august 2021.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger dels på «Wilson's Phalarope» frå Wikipedia på engelsk, den 26. september 2009, artikkelen gav føljande kjelder:
- Hayman, Peter; Marchant, John & Prater, Tony (1986): Shorebirds: an identification guide to the waders of the world. '' Houghton Mifflin, Boston. ISBN 0-395-60237-8
- Herrera, Néstor; Rivera, Roberto; Ibarra Portillo, Ricardo & Rodríguez, Wilfredo (2006): Nuevos registros para la avifauna de El Salvador. Boletín de la Sociedad Antioqueña de Ornitología 16(2): 1-19. [Spansk med samandrag på engelsk] PDF tekst
- Referansar
- ↑ Artobservasjoner - Rapportsystem for arter søk på hvithalesvømmesnipe Henta 5. september 2021
Bakgrunnsstoff
endre- (no) kvithalesymjesnipe hos Artsdatabanken
- (en) kvithalesymjesnipe – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) kvithalesymjesnipe i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) kvithalesymjesnipe hos Dyntaxa
- (en) kvithalesymjesnipe hos Fossilworks
- (en) kvithalesymjesnipe hos ITIS
- (en) kvithalesymjesnipe hos NCBI
- (en) Kategori:Phalaropus tricolor – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Phalaropus tricolor – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Phalaropus tricolor – detaljert informasjon på Wikispecies