Labradoritt er eit feltspatmineral som høyrer til plagioklasrekkja. Viser ofte eit vent fargespel (labradorisering), oftast i blått. Det vert nytta som smykkestein. Material frå Finland blir selt under nemninga spektrolitt. Namnet labrador blir brukt kommersielt om larvikitt, som inneheld ein feltspat med tilsvarande fargespel, men med ei anna samansetjing.

Labradoritt

Labradoritt i eit polert stykke
Generelt
KategoriFeltspat, tektosilikat
Kjemisk formel(Ca,Na)(Al,Si)4O8, der Ca/(Ca + Na) (% anortitt) er mellom 50%–70%
KrystallsymmetriTriklinsk pinakoidal 1
Einingscellea = 8,155 Å, b = 12,84 Å, c = 10,16 Å; α = 93,5°, β = 116,25°, γ = 89,133°; Z = 6
Identifikasjon
Fargegrå, brun, grønaktig, blå, gul, fargelaus
Krystallformkrystallar typisk tynne og tavleforma, rombiske i tverrsnitt, stripete; massiv
KrystallsystemTriklinsk
TvillingVanleg på albitt, periklin, Carlsbad, Baveno, eller Manebach tvillinglover
Kløyvperfekt på {001}, mindre perfekt på {010}, skjer kvarandre ved nær 90°; tydeleg på {110}
BrotUjamn til muslig
Mohs hardleiksskala6 – 6,5
Glansglasaktig til perleaktig på kløyv
Strekfargekvit
TransparensGjennomskinneleg til gjennomsiktig
Spesifikk vekt2,68 til 2,72
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 1,554 - 1,563
nβ = 1,559 - 1,568
nγ = 1,562 - 1,573
Dobbeltbrytingδ = 0,008 - 0,010
2V-vinkelMålt: 85°
Dispersjon (spreiing)Ingen
Andre eigenskaparLabradorescence (iriserande)
Kjelder[1][2][3]

Typelokaliteten for labradoritt er Paul's Island nær byen Nain i Labrador i Canada. Han er òg funnen i Noreg og forskjellige andre stader verda over.[4]

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre