Laila
- Sjå òg potetsorten Laila
Laila er eit kvinnenamn med to ulike opphav, eit samisk og eit arabisk. Det samiske namnet kjem truleg frå det finsk-samiske Aila, som kanskje svarar til Helga, altså heilag.[1] Den arabiske tydinga av namnet er natt.
Laila har namnedag den 27. februar. Namnet kan òg stavast Lajla, Leila, Leyla eller Layla. Leila er mest brukt, med 11 671 berarar i 2008, medan dei andre har mellom hundre og trehundre berarar.
Namnet Laila byrja å bli populært i 1930-åra, med ein topp rundt 1940. Bruken gjekk nedover med noko oppgang på 60- og 70-talet, medan det seinare er blitt mindre vanleg igjen.
Laila i kulturen
endreLajla var namnet på ein roman av J.A. Friis som skildra ei samejente. Forteljinga blei svært populær, og blei filma tre gonger.
Namneberarar
endre- Laila Schou Nilsen (1919-1998), norsk idrettsutøvar
- Laila Freivalds (f. 1942), svensk politikar
- Laila Preikschas Nygjerdet (f. 1943), artist kjent som Cowboy-Laila
- Laila Stien (f. 1946), norsk forfattar
- Laila Dåvøy (f. 1948), norsk politikar
- Leyla Zana (f. 1961), kurdisk politikar
- Laila Goody (f. 1971), norsk skodespelar
- Leila El Khalifi (f. 1971), svensk popartist kjend som Leila K
- Laila Marrakchi (f. 1975), marokkansk regissør
Anna tyding
endreLeila eller Laila er òg det arabiske namnet på Perejiløya i Gibraltarsundet utanfor Marokko. På spansk vert øya kalla Perejil, persille. Spania og Marokko kranglar om suvereniteten over øya.
Kjelder
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Laila hjå Statistisk Sentralbyrå
- ↑ Spørjekassa om namn Arkivert 2005-05-24 ved Wayback Machine. ved uio.no