Laila

kvinnenamn
(Omdirigert frå Lajla)
Sjå òg potetsorten Laila

Laila er eit kvinnenamn med to ulike opphav, eit samisk og eit arabisk. Det samiske namnet kjem truleg frå det finsk-samiske Aila, som kanskje svarar til Helga, altså heilag.[1] Den arabiske tydinga av namnet er natt.

Aserbajdsjansk biletteppe som viser «Leila og Madsjnun», hovudpersonane i ei opphavleg arabisk kjærleikssoge.
Politikaren Laila Dåvøy.
Foto: Nina Aldin Thune

Laila har namnedag den 27. februar. Namnet kan òg stavast Lajla, Leila, Leyla eller Layla. Leila er mest brukt, med 11 671 berarar i 2008, medan dei andre har mellom hundre og trehundre berarar.

Namnet Laila byrja å bli populært i 1930-åra, med ein topp rundt 1940. Bruken gjekk nedover med noko oppgang på 60- og 70-talet, medan det seinare er blitt mindre vanleg igjen.

Laila i kulturen endre

Lajla var namnet på ein roman av J.A. Friis som skildra ei samejente. Forteljinga blei svært populær, og blei filma tre gonger.

Namneberarar endre

Anna tyding endre

Leila eller Laila er òg det arabiske namnet på Perejiløya i Gibraltarsundet utanfor Marokko. På spansk vert øya kalla Perejil, persille. Spania og Marokko kranglar om suvereniteten over øya.

Kjelder endre

  1. Spørjekassa om namn Arkivert 2005-05-24 ved Wayback Machine. ved uio.no