Laßt uns sorgen, laßt uns wachen
(Omdirigert frå Lasst uns sorgen, lasst uns wachen)
Laßt uns sorgen, laßt uns wachen, BWV 213, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 213 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1733 | ||
Urframføring | 5. september 1733 | ||
Publiseringsdato | 1887 | ||
Typisk lengd | 45:53 | ||
Satsar/akter | 13 |
Han vart komponert i Leipzig i 1733 som Dramma per Musica (Valet til Herkules) for 11-årsdagen til prins Friedrich Christian.
Teksten er skriven av Christian Friedrich Henrici (Picander).
Instrumentering og struktur
endreStykket er instrumentert for to valthorn, obo d’amore, obo, to fiolinar, fagott, bratsj og basso continuo, samt solistane Wollust = begjær (sopran), Herkules (alt), Tugend = dyd (tenor), Merkur (bass) og firedelt kor.
Det består av 13 satsar:
- «Lasst uns sorgen, lasst uns wachen», Koral
- «Und wo? Wo ist die rechte Bahn», Resitativ for alt
- «Schlafe, mein Liebster, und pflege der Ruh'», Arie for sopran
- «Auf! folge meiner Bahn», Resitativ for sopran & tenor
- «Treues Echo dieser Orten», Arie for alt
- «Mein hoffnungsvoller Held!», Resitativ for tenor
- «Auf meinen Flugehn sollst du schweben», Arie for tenor
- «Die weiche Wollust locket zwar», Resitativ for tenor
- «Ich will dich nicht horen», Arie for alt
- «Geliebte Tugend, du allein sollst meine Leiterin bestandig sein», Resitativ for alt og tenor
- «Ich bin deine/Du bist meine», Arie for alt & tenor
- «Schaut, Gotter, dieses ist ein Bild von Sachens Churprinz», Resitativ for bass
- «Lust der Volker, Lust der Deinen», Koral
Kjelder
endre- «Laßt uns sorgen, laßt uns wachen». Bach-kantater. Henta 20. april 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Piano- og songpartitur for BWV 213[daud lenkje] på bach-cantatas.com