Let's Stick Together av Bryan Ferry
Let’s Stick Together Studioalbum av Bryan Ferry | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1976 | |
Innspelt | 1973-76 | |
Studio | AIR og Island Studios, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 38:45 | |
Selskap | E.G. Records | |
Produsent | Chris Thomas Bryan Ferry | |
Bryan Ferry-kronologi | ||
---|---|---|
Another Time, Another Place (1974) |
Let’s Stick Together | In Your Mind (1977)
|
Let's Stick Together er det tredje studioalbumet til Bryan Ferry som soloartist, og det første han gav ut etter at Roxy Music vart oppløyst tidlegare det året. I motsetnad til dei to tidlegare soloalbuma, var ikkje Let’s Stick Together eit dedikert albumprosjekt, men bestod i staden for av songar tidlegare gjevne ut som singlar, B-sider og ein EP. Tittelsporet vart populært og albumet fekk hovudsakleg positiv kritikk, men nådde berre så vidt Topp 20 i Storbritannia.
Produksjon
endreFem av songane på albumet var nyinnspelingar av Ferry-songar tidlegare spelte inn av Roxy Music. «Re-Make/Re-Model», «2HB», «Chance Meeting» og «Sea Breezes» var alle frå debutalbumet (1972), medan «Casanova» var henta frå Country Life (1974). I dei fleste tilfelle var nyinnspelingane glattare og meir orienterte mot jazz og R&B enn dei originale Roxy Music-versjonane.
Dei andre seks songane var songar av andre artistar. Den saksofondrivne «Let's Stick Together», var skriven og først spelt inn av Wilbert Harrison, vert rekna som ein av signaturlåtane til Ferry. Han vart remiksa i 1988 for samlinga The Ultimate Collection. Andre livlege songar er The Everly Brothers sin «The Price of Love» og Jimmy Reed sin «Shame, Shame, Shame» (med motvokal av korsongarane som siterer Marvin Gaye sin «Can I Get A Witness»). Dei andre songane, mellom anna The Beatles sin «It's Only Love», vart framført i ein roleg kabaret-stil.
«2HB» (ei hyllest til Humphrey Bogart) vart gjeven ut som B-sida til Ferry-singelen «A Hard Rain's a-Gonna Fall» i september 1973. «Chance Meeting» var B-sida til «The 'In' Crowd» i mai 1974. «You Go to My Head» med «Re-Make/Re-Model» på baksida, vart gjeven ut som singel i juni 1975, og nådde 33. plassen i Storbritannia. «Let’s Stick Together» med B-sida «Sea Breezes» vart gjeven ut i juni 1976 og nådde fjerdeplassen. EPen med «The Price of Love» og «Shame, Shame, Shame» og B-sidene «Heart on My Sleeve» og «It’s Only Love» vart gjeven ut i august 1976, og nådde sjuandeplassen. «Casanova» var den einaste innspelinga som ikkje var gjeven ut før albumet kom ut, men vart spelt inn under innspelinga for Another Time, Another Place. Han kom omsider ut som B-sida til Ferry sin coverversjon av The Velvet Underground-songen «What Goes On» i mai 1978.
Songen «Let's Stick Together» vart gjeven ut på ny i 1988 som «Let's Stick Together '88», og nådde 12. plassen på den britiske singellista då.
Forskjellige Roxy Music-medlemmar var involverte i innspelingane, med Paul Thompson på trommer, Eddie Jobson på fiolin og synthesizer, John Gustafson og John Porter på bass, og Phil Manzanera på gitar.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B[2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
I ei melding for AllMusic skreiv Ned Raggett om albumet: «Då Roxy gjekk inn i dvale i siste halvdel av 1970-åra, kom Ferry med nok eit fint soloalbum, sjølv om dette er det raraste han gav ut.»[1] I følgje Robert Christgau: «Mange folk er galne etter denne plata, men eg finn delinga av plata framandgjerande.» Han la til: «Sjølv om Ferry beviser at han veit meir om å lage plater (og musikk) enn han kunne tidlegare, med framleis mektige, rare og interessante songar, er det ikkje like overtydande. Legg alt saman og du får to forskjellige partar.»[2]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Let's Stick Together» (Wilbert Harrison-cover av singel frå 1962) | Wilbert Harrison | 3:00 |
2. | «Casanova» (nyinnspeling; opphavleg på albumet Country Life (1974) av Roxy Music) | Bryan Ferry | 2:45 |
3. | «Sea Breezes» (nyinnspeling; opphavleg på albumet Roxy Music (1972) av Roxy Music) | Ferry | 6:10 |
4. | «Shame, Shame, Shame» (cover) | Jimmy Reed | 3:15 |
5. | «2HB» (nyinnspeling; opphavleg på albumet Roxy Music (1972) av Roxy Music) | Ferry | 3:50 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «The Price of Love» (The Everly Brothers-song frå albumet In Our Image (1966)) | Don & Phil Everly | 3:25 |
7. | «Chance Meeting» (nyinnspeling; opphavleg på albumet Roxy Music (1972) av Roxy Music) | Ferry | 3:35 |
8. | «It's Only Love» (The Beatles-song frå albumet Help! (1965)) | John Lennon, Paul McCartney | 3:45 |
9. | «You Go to My Head» (cover) | J. Fred Coots (musikk), Haven Gillespie (tekst) | 2:50 |
10. | «Re-Make/Re-Model» (nyinnspeling; opphavleg på albumet Roxy Music (1972) av Roxy Music) | Ferry | 2:40 |
11. | «Heart on My Sleeve» (Gallagher and Lyle-song frå albumet Breakaway (1976)) | Benny Gallagher, Graham Lyle | 3:30 |
Medverkande
endre- Bryan Ferry – vokal, klaverinstrument, munnspel
- Chris Spedding – gitar
- Phil Manzanera – gitar på «Re-Make/Re-Model»
- David O'List – gitar på «Chance Meeting»
- Neil Hubbard – gitar på «Casanova»
- John Wetton – bassgitar
- John Gustafson – bassgitar på «Re-Make/Re-Model»
- Rick Wills – bassgitar på «Sea Breezes»
- John Porter – bassgitar på «2HB»
- Eddie Jobson – fiolin, synthesizer
- Ann O'Dell – strykararrangement på «Shame, Shame, Shame»
- Paul Thompson – trommer
- Morris Pert – perkusjon
- Chris Mercer – tenorsaksofon
- Mel Collins – sopransaksofon
- Martin Drover – trompet
- Jackie Sullivan, Helen Chappelle, Paddie McHugh, Doreen Chanter, Vicki Brown, Martha Walker – kor
- Teknisk
- John Punter, Steve Nye – lydteknikarar
- Jon Walls, Nigel Walker – assisterande lydteknikarar
- Richard Wallis – fotografi
Salslister
endreVekeslister
endreListe (1976) | Plassering |
---|---|
Australske album (Kent Music Report)[4] | 1 |
Nederlandske album (MegaCharts)[5] | 1 |
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[6] | 28 |
Norske album (VG-lista)[7] | 19 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[8] | 7 |
Britiske album (OCC)[9] | 19 |
US Billboard 200[10] | 160 |
Årslister
endreListe (1976) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[11] | 9 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Let's Stick Together» frå Wikipedia på engelsk, den 12. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- David Buckley (2004). The Thrill of It All: The Story of Bryan Ferry and Roxy Music
Bakgrunnsstoff
endre- Roxyrama Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
- Viva Roxy Music Arkivert 2008-05-05 ved Wayback Machine.
- ↑ 1,0 1,1 Raggett, Ned. «Let's Stick Together – Bryan Ferry». AllMusic. Henta 19. juli 2021.
- ↑ 2,0 2,1 Christgau, Robert (1981). «F». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Sheffield, Rob (2004). «Bryan Ferry». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 296–97. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 111. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "Bryan Ferry – Let's Stick Together". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 19. juli 2021.
- ↑ "Bryan Ferry – Let's Stick Together". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 19. juli 2021.
- ↑ "Bryan Ferry – Let's Stick Together". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 19. juli 2021.
- ↑ "Bryan Ferry – Let's Stick Together". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 19. juli 2021.
- ↑ "19761003 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 19. juli 2021.
- ↑ "Bryan Ferry Album & Song Chart History" Billboard 200 for Bryan Ferry. Prometheus Global Media. Henta 19. juli 2021.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 428. ISBN 0-646-11917-6.