Liberalistane
Liberalistane (forkorta Lib) er eit politisk parti i Noreg. På engelsk heiter Liberalistane Capitalist Party. Partiet har liberalisme som ideologisk fundament og byggjer òg på opplysingstidstradisjonen og den sekulære vestlege kulturarven. Partiet arbeider for ein minimumsstat som avgrensar seg til å syte for politi, forsvar og rettsvesen. Partiet ønskjer ikkje at staten skal regulere økonomi eller andre samfunnsområde.
Liberalistane | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Arnt Rune Flekstad[1] | ||
Grunnlagt | 24. mars 2014[2] | ||
Nedlagt | 2025[3] | ||
Hovudkvarter | Oslo | ||
Ungdomsorg. | Liberalistisk Ungdom | ||
Donasjonar | 1 180 000 (2021)[4] | ||
Medlemstal | 1 424 (2019) | ||
Ideologi | klassisk liberalisme, Laissez-faire, minarkisme | ||
Internasjonal tilknyting | International Alliance of Libertarian Parties, Interlibertarians | ||
Slagord | «Ditt liv, ditt valg!» |
Politikk
endreLiberalistane har som målsetjing å vere konsekvent liberalistiske og fremje politikk i samsvar med prinsippet om laissez-faire-kapitalisme.
Organisasjon
endreLiberalistane vart skipa i 2014.[5][6] Partiet er representert i atten fylke: Akershus, Aust-Agder, Buskerud, Hedmark, Hordaland, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Nordland, Oppland, Oslo, Rogaland, Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag, Telemark, Troms, Vest-Agder, Vestfold og Østfold.[7][8]
Liberalistane blir leia av eit sentralstyre, som mellom anna har Espen Hagen Hammer som leiar og Agnethe Johnsen som nestleiar.[9] Partisekretær er Eigil Knudsen.[10][treng kjelde]
Liberalistane sitt ungdomsparti er Liberalistisk Ungdom. Det vart skipa i 2004 og gjekk i 2014 over frå Det Liberale Folkepartiet til Liberalistane.
Lister
endrePartileiarar
endre- 2014–2015: Espen Hagen Hammer
- 2015– : Arnt Rune Flekstad
Partinestleiarar
endre- 2014–2015: Agnethe Johnsen
- 2015-2016: Roald Ribe
Partisekretærar
endre- 2014–2015: Eigil Knudsen
Fylkeslag
endre- Liberalistane Akershus
- Liberalistane Aust-Agder
- Liberalistane Buskerud
- Liberalistane Hedmark
- Liberalistane Hordaland
- Liberalistane Møre og Romsdal
- Liberalistane Nord-Trøndelag
- Liberalistane Nordland
- Liberalistane Oppland
- Liberalistane Oslo
- Liberalistane Rogaland
- Liberalistane Sogn og Fjordane
- Liberalistane Sør-Trøndelag
- Liberalistane Telemark
- Liberalistane Troms
- Liberalistane Vest-Agder
- Liberalistane Vestfold
- Liberalistane Østfold
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ https://www.liberalistene.org/nyheter/ny-leder-og-nytt-sentralstyre.
- ↑ https://aynrand.no/liberalistene-historien.
- ↑ «Liberalistene legger ned partiet»; kortnamn på forfattar: Helge Lurås; språk på verket: bokmål; utgjevingstidspunkt: 13. september 2024; vitjingsdato: 13. september 2024.
- ↑ https://www.partifinansiering.no/nb/arlige-bidrag/Csv?year=2021&name=¢ralPartyListCode=LIBS&partyLevelId=-1&countyId=-1&municipalityId=-1.
- ↑ Brønnøysundregistra: Liberalistene
- ↑ Studvest: Norway shrugs – Liberals are Growing in Norway Arkivert 2016-04-20 ved Wayback Machine. 22. oktober 2014.
- ↑ Liberalistene.org: Fylkeslag Arkivert 2015-01-28 ved Wayback Machine.
- ↑ Liberaleren: Åtte fylkeslag er i drift 16. januar 2015.
- ↑ Liberalistene.org: Sentralstyret Arkivert 2015-01-14 ved Wayback Machine.
- ↑ Lillesands-Posten: Ønsker liberalistisk samfunn 10. oktober 2014.