Lorenzenitt
Lorenzenitt, tidlegare kalla ramsayitt, er eit mineral, eit natrium-titan-silikat Na2Ti2Si2O9.
Lorenzenitt | |||
Dobbelt enda krystall av lorenzenitt, 2,5 cm frå tupp til tupp, frå Lovozeromassivet på Kolahalvøya i Russland | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Silikatmineral | ||
Kjemisk formel | Na2Ti2[O3|Si2O6] | ||
Strunz-klassifisering | 9.DB.10 | ||
Krystallsymmetri | Ortorombisk H–M Symbol (2/m 2/m 2/m) dipyramidal | ||
Einingscelle | a = 8,71 Å, b = 5,23 Å, c = 14,48 Å; Z = 4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | bleik lilla-brun, bleik rosa til lilla, brun til svart | ||
Krystallform | Blada, prismatisk, til nåleliknande krystallar; trådaktig, i felt, lamellerte samlingar | ||
Krystallsystem | Ortorombisk | ||
Kløyv | tydeleg/god på {010} | ||
Brot | Ujamn/Ujamn | ||
Mohs hardleiksskala | 6 | ||
Glans | Diamantaktig, glasaktig, undermetallisk, matt | ||
Strekfarge | Kvit til bleik brun | ||
Transparens | Gjennomsiktig, ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 3,42–3,45 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nα = 1,910–1,950 nβ = 2,010–2,040 nγ = 2,030–2,060 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0,120 | ||
Pleokroisme | Svak | ||
2V-vinkel | Målt: 38° til 41° | ||
Ultrafiolett fluorescens | bleik gul til matt grøn under kortbølgja UV-stråling | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Det finst i nefelinsyenitt-pegmatittar i Québec i Canada, på Grønland, på Kolahalvøya i Russland, Lågendalen ved Larvik og ved Langesundsfjorden. I Noreg er det dessutan kjent i små mengder på druserom i ekeritt frå Nordmarka ved Oslo.
Det vart først oppdaga i 1897 i steinprøvar frå Narsarsuk på Sørgrønland.[2] I 1947 vart det oppdaga å vere det same som mineralet ramsayitt, oppdaga i 1920-åra på Kolahalvøya i Russland. Det vart kalla opp etter den danske mineralogen Johannes Theodor Lorenzen (1855–1884).[2]
Kjelder
endre- Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Lorenzenitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå https://snl.no/lorenzenitt.