Regionen Lorraine
(Omdirigert frå Lothringen)
Lorraine | |
Fakta | |
Hovudstad | Metz |
Regionspresident | Jean-Pierre Masseret |
Flatevidd | 23 547 km² |
Folketal | 2 310 376 (1999) Rangering 11 |
Folketettleik | 99 innb./km² |
Arrondissement | 19 |
Kantonar | 157 |
Kommunar | 2 337 |
Geografi | |
![]() |
Lorraine (tysk Lothringen) er ein av regionane i Frankrike. Dei to største byane i regionen er Metz (administrativ hovudstad) og Nancy (historisk hovudstad). Namnet på regionen kjem frå Lotharingia i mellomalderen.
GeografiEndra
Lorraine er den einaste franske regionen som grensar til tre andre land: Belgia (Wallonia), Luxembourg og Tyskland (Saar, Rhineland-Palatinate). Han grenser òg til dei franske regionane Franche-Comté, Alsace og Champagne-Ardenne. Denne plasseringa av Lorraine har gjort regionen til eit strategisk område gjennom tidene, og har spelt i svært viktig rolle i europeiske saker. Lorraine har òg mange elvar som renn gjennom seg, som Rhinen, Moselle, Meurthe og Meuse.