Telegraph Road av Dire Straits

Telegraph Road
Song av Dire Straits
frå albumet 'Love over Gold'
Utgjeve 1982
Innspelt 1982
Sjanger Progressiv rock
Lengd 14:18
Selskap Vertigo
Komponist Mark Knopfler
Tekstforfattar Mark Knopfler
Låtskrivar(ar) Mark Knopfler
Produsent Mark Knopfler

But just believe in me baby, and I'll take you away
From of this darkness and into the day
From these rivers of headlights, these rivers of rain
From the anger that lives on the streets with these names
'Cause I've run every red light on memory lane
I've seen desperation explode into flames
And I don't wanna see it again
From all of these signs sayin', 'Sorry but we're closed'
All the way
Down the telegraph road.

Mark Knopfler (1982)

«Telegraph Road» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits og skriven av Mark Knopfler. Han finst på albumet Love over Gold frå 1982. Med ei lengd på over 14 minuttar vert han sjeldan spelt på radio, men har likevel vore høgt akta i løpet av åra.

Han vart først spelt på konsert under opningskonserten av den australske delen av Making Movies-turneen deira (Perth Entertainment Centre, 22. mars 1981) som ekstranummer. Songen har sidan vore fast på Dire Straits-konsertar og mange Mark Knopfler-konsertar, og er ein stor favoritt hos fansen.[1][2]

Bandet spelte ein litt kortare versjon av songen for konsertalbumet Alchemy: Dire Straits Live frå 1984 og ein remiksa versjon av denne framføringa finst på samlealbumet Money for Nothing frå 1988. Den originale studioversjonen finst som første spor på The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations.

Tolking endre

Inspirert av ein busstur, skreiv Knopfler teksten om endringar i landutvikling over ein periode på fleire tiår langs Telegraph Road i forstadane av Detroit i Michigan. I dei seinare versa fokuserer Knopfler på ein mann som kjempar med arbeidsløyse etter at byen bygd rundt telegrafvegen har blitt like aude og naken slik det var før byen vart bygd.

I eit intervju på RockLine frå 1983 sa Knopfler: «eg køyrte faktisk den vegen og eg las i ei bok på den tida kalla Markens Grøde [av Knut Hamsun], og eg la berre dei to saman. Eg køyrte denne Telegraph Road... og han fortsette og fortsette berre i det uendelege, det er det dei kallar lineær utvikling. Og eg byrja å tenke, eg lurte på korleis vegen var då det starta, kva han først var. Og det er slik teksten kom til, eg berre sette boka saman med staden eg var på, ein turnébuss».[3]

Komposisjon endre

Songen startar med eit roleg crescendo som varier i nesten to minuttar, før hovudtemaet i songen startar. Etter det første verset, vert hovudtemaet spelt igjen, etterfølgd av det andre verset. Etter ein gitarsolo, roar songen ned i eit kort mellomspel til eit roleg pianoparti, som minnar om intruoe, etterfølgd av ein langsam gitarsolo. Dei to siste versa følgjer så, med hovudtemaet mellom seg. Hovudtemaet vert spelt ein siste gong etterfølgd av ein noko raskare gitarsolo som varer kring fem minuttar.

Medverkande endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre